Hopp til innhold

Kjærasteparet mange ikkje toler

Vi er eit heilt vanleg par. Likevel er det mange som hatar sånne som oss.

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Problemet er at mange ikkje ser funksjonshemma som vanlege folk. Og dei reagerer med hat, skriv kjærasteparet Ida Hauge Dignes og Kristofer Olai Ravn Stavseng.

Foto: Privat

Det at ein «vanleg» og ein «uvanleg» blir forelska og vel å leve med kvarandre, er så framand for mange, at dei reagerer med hat. Det er på høg tid at våre parforhold blir anerkjend på lik linje med alle andres.

Altfor mange var fulle av hat og fordommar


Den siste tida har vi kunne lese på NRK.no om Tonje Larsen og Morten Grønbech som fekk avslag frå NAV då dei bad om stønad til ei barneseng.

NRK la ut saka på Facebooksida si. Det førte til ein storm av kommentarar. Ein del var fine og støttande. Men altfor mange var fulle av hat og fordommar.
Til slutt vart kommentarane så ille at NRK valte å slette saka på Facebooksida.

Kommentarane ga uttrykk for at det er egoistisk å få barn når ein har ein arveleg sjukdom. At dei er ein byrde fordi ein har personlege assistentar. At det vil vere assistentane som bytter bleie på barnet, og at det difor vil vere dei som oppdrar barnet.

Tonje vart kalla ei handikappa kjerring som ønskte å formeire seg. Det var visst for ille at ei som er «pleietrengande» ønsker seg barn. Kanskje var det best at barnevernet tok av seg avkommet?

Problemet er at mange ikkje ser funksjonshemma som vanlege folk

Ein skreiv at merkeleg nok valte han og partnaren hans å stå for utgifter sjølv då dei vart foreldre. Og noko av det verste: Mannen må ha store problem når han vil dele livet sitt med ei jente som må ha hjelp til alt for å fungere.

Vi er fleire som Tonje og Morten – det ein kan kalle interfunksjonelle par. Det vil seie at den eine i forholdet har ei funksjonsnedsetting, medan den andre ikkje har det. Vi er eigentleg som alle andre par – heilt vanlege. Problemet er at mange ikkje ser funksjonshemma som vanlege folk.

Det er minst like mykje som må avlærast

Som det som oftast er med diskriminering, handlar det eigentleg ikkje om oss. Det handlar om korleis dei andre vel å sjå på oss. Det å vere i eit parforhold og stifte familie er berre endå ein plattform der funksjonshemma møter diskriminering og hat.

Vi sluttar aldri å undre oss over at den enkle sanninga om at folk er folk, kan vere så vanskeleg å erkjenne. Ta til dømes kommentarane som skjuler seg bak økonomi. Vi er alle, i større og mindre grad, avhengige av offentlege ordningar.

Hjelpemiddelet bidreg til å bringe mora nærmare barnet

Nokre er avhengige av brukarstyrt personleg assistanse for å kunne leve eit fritt og sjølvstendig liv. Assistansen gjer at funksjonshemma foreldre kan oppfylle foreldrerolla. Det betyr ikkje at det er assistentane som oppdrar barnet.

Nokre er avhengige av hjelpemiddel som rullestolar, eller barnesenga som Tonje og Morten til slutt fekk av NAV. Det betyr ikkje at ein er mindre eigna som forelder. Hjelpemiddelet bidreg nettopp til å bringe mora nærmare barnet.

I ein kronikk på NRK Ytring frå 2020 skriv Berit Vegheim, Maren Hagen Fuglesang og Monika Kochowicz følgande:

«Vi kan ikke bli kvitt hatet før vi erkjenner at det er der. Og selv om du aldri ville sagt eller gjort noe av dette, har også du et ansvar. Du har et ansvar for å forstå og se at det skjer.»

Dette er svært sanne ord. Vi treng meir kunnskap for å kunne bygge positive og konstruktive haldningar til dei som er annleis enn oss sjølve. Det finst for lite forsking og opplysing om hatkriminalitet og hatefulle ytringar mot menneske med nedsett funksjonsevne.

Nokre få gode døme finst. I 2016 publiserte Nordlandsforskning ei undersøking som syner at 1 av 3 funksjonshemma opplever hatefulle ytringar.

Men i dette spørsmålet er det ikkje nok å lære. Det er minst like mykje som må avlærast. Det er til dømes førestillinga om at rørslehemma ikkje er like intelligente og ambisiøse som andre.

Førestillinga om at funksjonshemma skal vere så forbanna nøgde og takksame.

Og førestillinga om at det ikkje er for funksjonshemma å elske, få barn og vere forelder.