NRK Meny
Kronikk

Kapitalistar mot konkurranse

Akkurat no kjempar dei store matvarekjedene sitt livs kamp for å hindre meir konkurranse om søndagshandelen. Den kampen bør dei tape.

Rimi egghylle butikk

Botnlinja til matvaregigantane bør ikkje tillegjast vekt i kampen om søndagsopne butikkar, skriv Venstres Sveinung Rotevatn i denne kronikken.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Det kan tenkjast mange meir eller mindre gode grunnar til å vere mot søndagsopne butikkar. Uro for arbeidstakarane sine rettar kan vere ein av dei. Eit ønskje om ein kollektiv pust i bakken kan vere ein annan. Det er argument ein gjerne må legge vekt på, og som kan tale mot å liberalisere for mykje.

I det siste er det likevel eit anna argument som har blitt bore fram i den offentlege debatten: Omsynet til botnlinja til Rema-Reitan & co. Det er eit argument som frå eit samfunnsperspektiv bør tilleggjast nøyaktig null vekt.

Forsking vs. «forsking»

I Nationen 18. august vert framsida via til overskrifta «Søndagsåpent kan gi stengte butikker». Bransjeorganisasjonen Virke har nemleg fått utarbeida ein rapport som viser at butikkar som slit med innteninga, vil kome under sterkare press dersom det blir høve til å halde søndagsopent.

Denne saka går i fotspora til eit usedvanleg svakt innslag på Dagsrevyen 13. august, der ein såkalla «forskingsrapport» konkluderer med at søndagsopne butikkar vil kunne koste daglegvarebransjen «fleire milliarder».

Omsynet til botnlinja til Rema-Reitan & co bør tilleggjast nøyaktig null vekt.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant (V)

At denne rapporten i realiteten er ei teoretisk rekneøving på totalt åtte sider, som er bestilt av marknadsaktøren Norgesgruppen og Coop, har skribenten Jan Arild Snoen kritisert grundig og godt på tidsskriftet Minervas heimesider. Han viser til faktisk forsking frå OECD, ikkje berre bestillingsverk frå ein marknadsaktør, som viser at den samla priseffekten av søndagsopne butikkar i andre land har vore ubetydeleg.

Poenget er likevel ikkje kva butikkane vil tene eller tape på å kunne halde søndagsopent. Poenget er at frå eit politisk perspektiv, og ikkje minst frå eit forbrukarperspektiv, bør dette vere eit fullstendig irrelevant omsyn.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Kven skal få profittere?

For ein butikk vil det sjølvsagt vere best om ein kan ha svært korte opningstider. Folk må jo gjere innkjøpa sine uansett, og dersom dei kan presse flest mogleg kundar inn på eit kortast mogleg tidsrom, vil profitten bli maksimal. Å betale for straum, personale og andre kostnadar når det er mindre kundar i butikken er sjølvsagt dyrt. Og blir det for dyrt, vil ein ikkje kunne forsvare å halde butikken open. Med andre ord: Dersom søndagsopning ikkje er lønsamt for butikkane, vil dei ikkje halde ope på søndagar.

Argumentet om at «forbrukarane ikkje ønskjer søndagsopent» er berre sprøyt.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant (V)

Det er det heller ingen som vil tvinge dei til. Kvifor er det likevel mange butikkar som vil halde ope? Jo, fordi argumentet om at «forbrukarane ikkje ønskjer søndagsopent» berre er sprøyt. Det bør vere nok å titte på dei gatelange køane utanfor landets brustadbuer kvar søndag for å innsjå at her er det definitivt ein marknad: Studentar som ikkje rakk å gjere innkjøp dagen før fordi dei var på jobb. Kakebakande bestemødre som oppdagar at fløyten som skulle i konfirmasjonskaka er utgått på dato. Travle familiefedrar som heller ville bruke laurdagen på å dra på fisketur med borna enn å gjere innkjøp til måndagens nistepakke.

Spørsmålet er kven som skal få høve til å profittere på denne etterspurnaden. For alle dei store matvarekjedene, som har investert i spesialbutikkar under 100 kvadratmeter og dessutan har tapetsert storbyane med 7-Eleven (Reitangruppen), Narvesen (Reitangruppen) og Deli de Luca (Norgesgruppen), vil det sjølvsagt vere kjipt med meir konkurranse om søndagshandlinga. Kanskje må dei til og med byrje å selje Big One for mindre enn 80 kroner stykket.

Ein utenkeleg strategi

Men kva om det likevel viser seg at matvarekjedene har rett? At auken i konkurranse som vil følgje med søndagshandlinga fører til at butikkar må legge ned?

Vel, då er det ganske enkelt éin ting dei kan gjere: La vere å halde ope på søndagar. Kanskje kan landets Coop-butikkar, som har betalt for «forskinga» Dagsrevyen presenterte, lansere ein heilt ny reklamekampanje: «Kjære kunde! Frå no av held vi berre butikkane våre opne måndag-fredag frå 0900–1800. Til gjengjeld får du Noregs desidert lågaste matvareprisar!»

Kanskje må dei til og med byrje å selje Big One for under 80 kr stykket.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant (V)

Noko seier meg at få av kjedene vil forsøke ein slik strategi. Kvifor? Fordi kundane ikkje berre ønskjer låge prisar. Dei ønskjer også tilgjengelege butikkar. Rett nok seier eit knapt fleirtal av folket at dei ikkje ønskjer søndagsopne butikkar når dei vert spurt i meiningsmålingar. Men i praktisk handling viser dei likevel kvar einaste søndag at dette er noko dei vil nytte seg av.

Dette er dessutan ikkje noko nytt. I 1984 svarte berre 19 prosent av dei spurte at dei hadde behov for utvida opningstider i butikkane på vekedagar. I 1985 kom likevel endringa, og butikkane kunne halde ope etter klokka 1700. Det har vore lite klaging sidan, og ei reversering vil vere fullstendig utenkjeleg.

Slik kundane ønskjer

Det er tid for ei ny oppmjuking av regelverket. Stortinget bør slutte å detaljregulere butikkane sine opningstider, og la dette vere opp til kommunane. Resultatet vil nok bli at fleire matvarebutikkar enn i dag held ope på søndagar, sjølv om det neppe vil gjelde alle. Og i balansen mellom tilbodet frå butikkane, og etterspurnaden frå kundane, vil vi få opningstider og prisar som er nøyaktig det kundane faktisk ønskjer.

Det er liksom litt av poenget med marknadsøkonomi.