Kommentar

Kan eit nytt mistak rette opp gamle?

Folk i Kairo seier det dei aldri trudde dei skulle kome til å seie: Nå er det berre hæren og ein sterk mann som kan redde Egypt.

Et medlem av Det muslimske brorskapet roper slagord

Dei siste dagane har frontane i Egypt hardna, og over 600 menneske har blitt drepne.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

«Brorskapet er ikkje dei du trur», sa den egyptiske forfattaren Salwa Bakr til meg da eg intervjua henne i Kairo for snart to år sidan.

Ho meinte at vi i Vesten hadde skapt oss eit forenkla fiendebilde av Det muslimske brorskapet, mykje på grunn av krigen mot terror.

Ei forenkling som ikkje fekk med seg mangfaldet og den folkelege tilpassinga av religionen i Egypt.

Den kjende forfattaren snakka varmt om openheit og sosiale tiltak for dei fattige i sin nærmaste moske. Ho meinte det var viktig å gi Brorskapet ein sjanse til å vise seg verdige eit demokratisk val. Og slik tenkte mange av dei leiande intellektuelle som stilte seg i spissen for demonstrasjonane på Tahrir-plassen i februar 2011 – den opphavlege Tamarod-rørsla famna breitt.

Å få bukt med Mubarak og hans korrupte og undertrykkjande styre var målet som samla dei alle.

«Alle» har ein son i militæret

På den tida kunne vi stadig vekk sjå fjernsynsbilde av demonstrantar som serverte dei utplasserte soldatane te og søte kaker.

Blant alle sanningar som alltid blir forenkla, og dermed usanne, er også versjonen om at den egyptiske militærmakta er djupt hata. I Egypt har nesten alle familiar ein son eller to i militæret. Den egyptiske hæren er for mange eit symbol på ein stolt nasjon. Hæren var ein del av nasjonens patriotiske lim. Og i denne første revolusjonsrunden blei det ofte vist fram at hæren la band på seg og forhindra valdseskalering. Ei stund passa dei i alle fall på at dette bildet blei vist fram – mens alle dei arresterte gjekk for lut og kaldt vatn og det som verre var i fengsla.

Kampene sprer seg i Kairo og over hele Egypt

Det har vore harde gatekampar både i Kairo og andre stader i Egypt.

Foto: KHALED DESOUKI / AFP

Nå nyttar det ikkje lenger å vise fram glansbilde. Ikkje for Brorskapet og ikkje for hæren.

Mange av Tahrir-demonstrantane enda opp med å gi stemma si til Brorskapet da det endeleg blei frie val i 2012.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Men det gjekk ikkje så mykje som hundre dagar med Muhammed Morsi ved roret før angeren kom.

Og før det var gått eit år stod gatene i kok igjen – Morsi hadde ikkje evna å bygge alliansar, ja mange meinte han hadde gjort sitt beste for å vise at makt korrumperer.

Angrep på kristne

Eit døme: Det er åtte millionar kristne i Egypt og mange i den koptiske meinigheita hadde både støtta og stemt på Morsi. Nå blir dei kristne utsette for det eine angrepet etter det andre. Så langt skal 32 kyrkjer vere raserte, visst nok av islamistar. Kven skal dei be om hjelp, om ikkje militæret?

Etter eit år med Morsi svinga pendelen: Mange av dei som først demonstrerte for demokrati og frie val bad om at hæren måtte gripe inn.

Og hatspråket frå muslimbrørne får sitt svar frå kristne og andre:

Brorskapet blir av mange nå omtala som terroristar og det blir hevda at dei sjølve har framprovosert blodbadet på torsdag og at dei nå rustar seg til større gateslag.

Polariseringa i Egypt ser ut til å gått ned i helvetes forgard. Folk som eg ringer til i Kairo seier det dei aldri trudde dei skulle kome til å seie: Nå er det berre hæren og ein sterk mann som kan redde Egypt, seier dei.

Egyptere rydder utenfor Rabaah al-Adawiya-moskeen, der Morsi-supportere hadde satt opp leir.

Utanfor Rabaah-moskeen var ein av dei største protestleirane som vart rydda. Her døde mange menneske på onsdag.

Foto: Hassan Ammar / Ap

Men kan eit nytt mistak rette opp gamle mistak eller vil det gjere alt verre? Vil ikkje Brorskapet gjerne ha ei offerrolle? Og kor lang tid vil det gå før folket igjen vil utfordre generalane med alle sine gamle privilegier?

Dette er spørsmåla som ennå ikkje har svar når likstanken nå ligg tungt over Kairo.

Blodbadet og mangelen på moderate stemmer er eit nedslåande resultat for Tamarod-rørsla og kampen for demokrati. Og i fengselscella si sit den avsette islamisten og Brorskapsleiaren Muhammed Morsi. Det er halvannan månad nå sidan han opplevde at demokratiforkjemparar jubla for kuppet som kasta han i fengsel. For alt eg veit tenker han det han alltid har tenkt: Demokrati er ingenting for oss.