Hopp til innhold
Kronikk

Kampen om byromma

Metallpiggar og ein benk med altfor mange armlene har skapt furore. Kven er det eigentleg som bestemmer over byen?

Mann sover på benk i Oslo

Mange har reagert på fiendtleg arkitektur. Eit av dømene har vore benkar som hindrar vanskelegstilte å overnatte utandørs.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

I fjor fekk stålpiggar i London stor merksemd fordi dei skulle hindra at nokon overnatta utanfor ei bustadblokk. Nyleg har både piggar på utsida av eit hotell i Bergen og ein avvisande benk i Bjørvika i Oslo møtt sterk kritikk. Det er fiendtleg arkitektur, blir det sagt og det er diskriminerande. Etter massive protestar skal armlena på benken i Bjørvika bort.

Kven har makt over byromma? Kva er byen på sitt beste?

Hanna Maria van Zijp

Kven bestemmer?

I Aftenposten konkurrerer Venstre og Miljøpartiet dei grøne om kva parti som er mest inkluderande. Debatten er eit gjesp som ikkje svarer på det viktige spørsmålet: Kven har makt over byromma? Kva er byen på sitt beste?

Det går an å vedta ein benk.

Hanna Maria van Zijp

Er det i det heile tatt mogleg å styra kva type benk byen skal møblerast med? Miljø- og samferdslebyråd i Oslo, Guri Melby (V) sa til Vårt Land i førre veke at byrådet ikkje kan diktera kva private eller statlege aktørar kan og ikkje kan gjera. Det er direkte feil. Det går an å vedta ein benk.

Sjeldan kommunen sjølv som byggjer

Planføresegner (planbestemmelser red.mrk.) er juridisk bindande krav til korleis eit område skal byggjast ut. Desse krava, som er vedtatt av by- eller kommunestyret, kan vera svært detaljerte. Det kan vera materialbruk, vindaugsstorleik eller høgda på mønet. Krava kan også gjelda også bymøblar. Uansett om ein park, benk eller brygge er offentleg eller privat, må desse krava oppfyllast.

Ikkje undervurder Twitter som ein viktig byutviklar.

Hanna Maria van Zijp

Det er sjeldan kommunen sjølv som byggjer noko. Den er heilt avhengig av private initiativ for i det heile tatt å kunna byggja. Dersom planføresegnene er for omfattande og detaljerte, kan det skremma bort private aktørar kommunen ønskjer seg. Kommunen må altså by seg litt fram frå å få friarar. Benken i Bjørvika er eit handfast resultat av at bystyret ikkje har prioritert dei djevelske detaljane.

Ikkje plass til alle

Byen blir altså til av mange små avgjerder som speglar rådande krefter. I Bergen ønskjer politikarane å selje byen billeg til ein reklameskiltprodusent, noko som vil manifestera seg i form av massiv visuell støy. Bjørvika, finansdistriktet bystyret i Oslo valte å plassera i vasskanten, er ikkje berre ekstra høge hus. Bjørvika er symboltung. Den skal visa økonomiske musklar til alle som vil sjå. Der er det ikkje plass til alle.

Ta saka i eigne hender

Betyr det at byen din ligg i hendene på private aktørar og politikarar som ikkje veit at det finst planføresegner? Sjølv om det viktigaste du gjer for byen din i år er å stemma på det partiet du meiner kan skapa gode byrom, er det mykje du kan gjera sjølv. At benken i Bjørvika skal endrast, er berre på grunn negativ merksemd. Private aktørar tapar pengar på dårleg omtale og vil ikkje forbindast med fiendtleg arkitektur. Ikkje undervurder Twitter som ein viktig byutviklar.

Sjølv om det viktigaste du gjer for byen din i år er å stemma på det partiet du meiner kan skapa gode byrom, er det mykje du kan gjera sjølv.

Hanna Maria van Zijp

Dessutan kan du ta saka i eigne, inkluderande hender. Taktisk urbanisme er mellombelse prosjekt der byrom blir brukte på ein ny måte. Den er taktisk, fordi det kan påverka framtidige og meir varige måtar å bruka byrommet på. Rørsla har open kjeldekode. Alle som bryr seg om byen sin kan enkelt finna informasjon om kva som funkar.

Følg debatten: NRKDebatt på Facebook

Vellukka prosjekt frå store delar av verda er samla i bøkene «Tactical Urbanism» 1–4, som sjølvsagt er tilgjengelege på nett. Slike prosjekt kan «… puste liv i et stad som av ulike årsaker ligg brakk eller ubrukt. I transformasjonsområder kan midlertidighet skape byliv før byen,» seier byplanleggjar Kristina Frestad Jørgensen, som har skrive master om temaet, til Aftenposten.

Frå New York til Sagene

Kva skjer om det står ein sofa, lampe og ei bokhylle på dette fortauet? Kva skjer om sentrum blir bilfritt, slik Stockholm skal testa ein dag i september? Kva om dette krysset blei stengt for bilar og ein sette ut strandstolar, slik New York gjorde med Times Square?

Ja, kva skjer når du inviterer folk inn i byrommet? Folk strøymer til. Blir det mytteri? Sannsynlegvis ikkje.

Hanna Maria van Zijp

Og kva om denne parkeringsplassen blir ein park, slik bydelsinitiativet Omstilling Sagene i Oslo gjer kvart år? Dei deltar i Park(ing) Day, eit årleg arrangement der parkeringsplassar over heile verda blir til parkar for ein dag.

Ja, kva skjer når du inviterer folk inn i byrommet? Folk strøymer til. Blir det mytteri? Sannsynlegvis ikkje. Folk flyttar på stolen sin nokre centimeter slik at dei ser sola eller fjorden og gjer stolen litt sin ei stund, dei set seg, snakkar om vêret, drikk kaffi, les ei bok, et pølse og ser på folk som går forbi. Dei vil ikkje rana kvarandre. Dei nyt byen på sitt beste.