Hopp til innhold
Kommentar

Juniorpartnerens svakhet – og styrke

Kva har vår Erna og Mutti Merkel i Tyskland til felles? Dei er valvinnarar som må gi mykje politisk for å få partnarar med på laget. Urimelig mykje?

Erna Solberg og Angela Merkel

Både Erna Solberg og Angela Merkel er valvinnarar som må gi mykje politisk for å få fleirtal og regjeringsmakt.

Foto: Michael Sohn/AP/Heiko Junge/NTB scanpix

Dei tyske sosialdemokratane (SPD) gjorde eit elendig val. No vurderer partiet å gå i regjeringsforhandlingar med valets store vinnar, Merkels kristelegdemokratar (CDU/CSU).

Styrkeforholdet dei to imellom er slik at SPD fryktar å bli juniorpartnar, noko som fort kan bli dødens posisjon. Det har valhausten 2013 lært oss.

Derfor krev sosialdemokratane stort politisk gjennomslag for å gå med. Er det rimeleg at dei får det?

Forhandlingsstyrke for småparti

Ein liknande situasjon har vi i Norge. Småpartia Venstre og KrF er redde for å bli for svake i ei borgarleg norsk regjering saman med eit mellomstort Framstegsparti og Høgre, den store valvinnaren.

Høgre er faktisk det einaste partiet som ikkje kan truge med å forlate regjeringsprosjektet. Det gjer at valvinnaren må gi mykje, og dei mindre partia får stor forhandlingsmakt. For stor?

Eit tenkt døme i Norge: KrF og Venstre vil frede Lofoten og Vesterålen for oljeboring. Men Høgre og Framstegspartiet har eit overveldande fleirtal i Stortinget med seg, for å gå vidare i prosessen mot eventuell boring.

Høgre er faktisk det einaste partiet som ikkje kan truge med å forlate regjeringsprosjektet. Det gjer at valvinnaren må gi mykje.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Likevel kan KrF og Venstre få gjennomslag for sitt syn. Fordi Høgre ønskjer å få dei med for å skaffe fleirtal.

Det kan sjølvsagt vere at folkemeininga ikkje samsvarar heilt med stortingsfleirtalet i akkurat denne saka, men likevel: Er det rimeleg at fleirtalet i Stortinget igjen blir bunde opp på denne måten?

Mjukare tysk Europapolitikk?

Eit tenkt døme i Tyskland: Merkels brakval skuldast ikkje minst hennar krisepolitikk i Europa.

Tyskarane er svært nøgde med at Merkel har stått hardt på krava til innstrammingar i kriselanda som motyting for redningspakkene frå m.a. tyske skattebetalarar.

Innstrammingane har gitt millionar av nye arbeidslause i kriselanda, noko sosialdemokratane har kritisert Merkel kraftig for gjennom valkampen. No blir det neppe noko stor omlegging av tysk europapolitikk uansett.

Men dersom sosialdemokratane skulle få gjennomslag for ei noko mjukare tysk linje – er det i tråd med mandatet Merkel fekk frå tyske veljarar?

Eurokratens uro

Det tyske vekemagasinet Der Spiegel skildrar denne veka ei scene frå den tyske valnatta: Den tyske kristelegdemokraten Günther Öttinger er Energikomissær i EU-kommisjonen.

Ein av dei mektige menn i Brussel. Valnatta er han i Berlin, på valvake med sine partifeller i Merkels kristelegdemokratiske parti. Idet han forlet valvaka, og prognosane viser at det kan bli reint fleirtal for hans parti, overhøyrer nokon at han bannar lågt.

Ifølgje Der Spiegel er han uroa over at hans eige parti skal styre Tyskland med reint fleirtal. Både fordi fleirtalet er så knapt, men også fordi han heller vil ha ein storkoalisjon med sosialdemokratane.

Tyskarane er svært nøgde med at Merkel har stått hardt på krava til innstrammingar i kriselanda som motyting for redningspakkene frå m.a. tyske skattebetalarar.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Han pustar letta ut når fleirtalet ryk utpå kvelden. – Ein tysk storkoalisjon er bra for Europa, seier Öttinger i Der Spiegel.

Les også:

Storkoalisjon for Europa?

Det er ingen løyndom at det blant mange av eurokratane i Brussel – men også i mange hovudstadar i Europa – er eit utbredt ønskje om ein storkoalisjon i Berlin.

Både fordi det vil sikre eit stort og stabilt fleirtal den tyske lovgivande forsamlinga, men også fordi mange håpar på ei mildare tysk tilnærming til eurokrisa.

At Tyskland skal mjuke opp Merkels harde linje, og nærme seg kriselanda og m.a. Frankrike, som vil ha større fokus på tiltak som fremmer vekst.

Juniorpartnarens triste sorti

Ein skal ha noko igjen politisk for å gå inn i regjering. Slik skal det vere. Spørsmålet er kor stort gjennomslaget skal vere.

Erfaringa frå valhausten 2013 er altså lagnaden juniorpartnarar har lide i regjeringssamarbeid i Norge og Tyskland dei siste åra. I Norge kjempa SV – delvis også Sp – ein kamp med sperregrensa gjennom heile valkampen. På målstreken var det så vidt båten bar.

I Tyskland kjempa Merkels koalisjonspartnar, dei liberale Fridemokratane (FDP), ein tilsvarande kamp og tapte.

FDP tapte to tredelar av veljarane sidan førre val, og rauk ut av Forbundsdagen. Eit monumentalt nederlag for eit parti som har sete i tallause tyske regjeringar.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Urimeleg gjennomslag?

Noko liknande skjedde med dei tyske sosialdemokratane førre gong dei var i storkoalisjon med kristelegdemokratane, i Merkels første regjering frå 2005 til 2009.

Erfaringa frå valhausten 2013 er altså lagnaden juniorpartnarar har lide i regjeringssamarbeid i Norge og Tyskland dei siste åra.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Ved valet i 2009 gjekk sosialdemokratane på eit historisk valnederlag. 23 prosent oppslutning for eit parti som i glansdagane under Willy Brandt var oppe og snusa på reint fleirtal. Dette er altså det same SPD som Merkel no vil ha med igjen i regjering.

Det er mykje fokus i Norge på at sentrumspartia vegrar seg mot å gå inn i regjering med Frp og Høgre, og vegringa er ikkje noko mindre i tyske SPD. Tvert imot.

Paradokset er at juniorpartnaranes vegring grunna svak oppslutning i val, ser ut til å styrke forhandlingsposisjonen. Det kan få føljer for politikken både i Norge og Tyskland. Og kanskje også Europa. Urimelege føljer?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter