Hopp til innhold
Kronikk

John Carew var ein føregangsmann

I alt det metroseksuelle er det lett å gløyme at John Carew er ein multikulturell pioner. For dette bør han applauderast.

john carew

«Det er eit større tversnitt av typar, utsjånader og kulturelle bakgrunnar i norsk fotball i dag. Det har blitt meir lov å vere annleis. Det same kan seiast om spelestil og spelartypar. John Carew har vore ein forandringsskapande figur i denne prosessen», skriv Even Smith Wergeland. Her feirar Carew sitt siste mål for landslaget, mot Kypros i oktober 2011. Noreg vant 3-1.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

John Carew vert 34 år til hausten og har vore utan klubb sidan i mai i fjor. Overraskinga var såleis minimal då han denne veka erklærte at han neppe kjem tilbake som profesjonell fotballspelar.

Ei uhyre fascinerande karriere over, og norsk fotball må klare seg utan ein multikulturell pioner.

Det vil seie: Sjølv om han var den første ikkje-kvite spelaren som fekk ein dominant posisjon på landslaget, kan ein diskutere kor treffande det er å bruke omgrepet multikulturell om Carew. Han kjem jo frå Lørenskog. Faren er gambisk, men mora er frå den nasjonalromantiske perla Heidal i Gudbrandsdalen, der Carew er døypt og konfirmert. Summen av dette gjev han meir nasjonal cred enn dei fleste av oss kan skryta av. Likevel er det slik at Carew gjennom heile karrieren har blitt skildra i grenselandet mellom norsk og unorsk. Nett derfor er han viktig som representasjon av multikulturalisme i norsk idrett.

Monokultur og banankasting

«Det er ingen neger på laget», klagar Jon Michelet i boka om USA-VM 1994. Michelet hevdar at det er for mange blonde gutar i Drillo sitt mannskap, og at det som trengst er ein uhemma egoist med gullkjede. I tillegg til å vere politisk ukorrekt, fortel ropet etter den hypotetiske negeren om ein monokultur som ikkje lenger er representativ for norsk landslagsfotball. Det er også ei påminning om stereotypiar av den typen John Carew har blitt konfrontert med berre på grunn av utsjånaden. Eit klassisk døme er då han var i Rosenborg og kom på trening iført gullsmykke, noko som fekk dåverande trenar Nils Arne Eggen til å utbryte: «Dæven, John, med alt det gullet ser du jo nesten ut som en ekte neger.»

At Noreg har hatt ein gambisk-ætta stjernespelar har utvilsamt gjort det vanskelegare å drive med slik skammeleg framferd her til lands.

Even Smith Wergeland

Eg nemnar ikkje dette for å henge ut Michelet og Eggen, men for å poengtere at det ikkje er lenge sidan det var heilt legitimt å slenge om seg med slike ord i norsk fotballsamanheng. Carew opplevde dessutan både banan-kasting på Kristiansand stadion og rasistiske tilrop utanfor Viking stadion. Dette er stadig utbreitt i internasjonal fotball, men i Noreg har vi sett lite til det sidan Carew spelte i Tippeligaen. At Noreg har hatt ein gambisk-ætta stjernespelar har utvilsamt gjort det vanskelegare å drive med slik skammeleg framferd her til lands.

Myten om det norske

Carew har altså tvunge fram naudsynte debattar. Likevel får vi stadig formidla mange statiske idear om kva det «norske» er i idrettssamanheng. Therese Johaug er eit ynda nasjonalt motiv på grunn av det blonde håret, dei raude kinna og det smilande åsynet hennar. Dette til trass for at fleirtalet av nordmenn korkje er blonde, raudkinna eller særskild smilande.

Therese Johaug er eit ynda nasjonalt motiv til trass for at fleirtalet av nordmenn korkje er blonde, raudkinna eller særskild smilande.

Even Smith Wergeland

Skildringar av Carew, derimot, har levd meir opp til det «unorske» som Michelet etterlyste i 1994. Dette inneber gjerne teknikk, fart, kreativitet, evne til å gjere det uventa, det vil seie positive kvalitetar. Carew har med rette fått mykje skryt for å ha tilført dette på landslaget. Problemet er at slike merkelappar ofte impliserer negative eigenskapar og. I boka Soccernomics skriv Simon Kuper og Stefan Szymanski at farga spelarar tradisjonelt har blitt sett på som upålitelege og umodne, derav klisjéprega uttrykk som «den uslipte diamanten». Alternativt blir dei skildra med bruk av flosklar av typen «sterk som ein okse», som impliserer rå kraft og instinkt, men lite intellekt og sjølvkontroll. Carew har stundom blitt framstilt slik i norsk presse.

Det påstått «unorske» ved Carew har i visse tilfelle også vore ein direkte kritikk, til dømes då han valde å ha mellomnamnet Alieu på Valencia-trøya, som sosiolog Mette Andersson skriv om (klikk vidare frå landingssida, journ.mrk). Andersson hevdar at Alieu-kritikken «illustrerer noe av den symbolske kompleksiteten som oppstår i en idrettsverden der hudfarge, kroppstype og/eller spillestil ikke lenger utvetydig kan kobles til stereotypier basert på nasjonalitet, rase, etnisitet». Sjølv om Carew har fått sin dose stereotypi slengt etter seg, har han utan tvil vore ei årsak til at denne kompleksiteten er i ferd med å bli synleggjort og normalisert.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Metroseksuell revolusjon

John Carew har ikkje berre skapt spenning i spørsmål kring nasjonal identitet, men også utfordra mannsidealet i norsk idrett. Kulturvitar Fredrik Langeland fangar nettopp dette aspektet i masteravhandlinga si, der Langeland syner korleis norsk media har framstilt Carew som ein eksotisk person med feminine karaktertrekk, i tydeleg kontrast til ein rotekte og handlekraftig «mannemann» som roaren Olav Tufte. Poenget er ikkje at medieskildringa av Carew er heilt i utakt med røynda – Carew har aldri lagt skjul på interessa for moteklede og andre luksusprodukt – men at han har blitt plassert i ein snever bås, som ein eindimensjonal jålebukk.

Poenget er ikkje at medieskildringa av Carew er heilt i utakt med røynda, men at han har blitt plassert i ein snever bås, som ein eindimensjonal jålebukk.

Even Smith Wergeland

Det Carew har tilført, på sitt vis, er ei nedbryting av det bastante macho-idealet som lenge dominerte fotballen. Dette idealet har slett ikkje døydd ut, som sosiolog Arve Hjelseth skriv, men ein rask visuell analyse av dagens landslag syner likevel at noko har hendt. Fleirtalet av spelarane ser ut som ein blanding av frisørlærlingar og tatoverte trendnissar, og i den komande generasjonen, ved U21-landslaget, er dette endå meir tydeleg, også i medieframstillinga (sjå her og her).

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Innvandrarrevolusjon

Det går an å hevde at denne tendensen handlar meir om at fotballen er ein konvensjonsorientert bastion, og at all stylinga slett ikkje er eit uttrykk for eit større spekter av maskulin identitet. På den andre sida ser ein at den metroseksuelle stilen som Carew innførte openbert appellerer til mange, også i adoptert versjon. Det finst omtrent ikkje ei einaste frisørsjappe på Grønland i Oslo Aust som ikkje har bilete av Morten Gamst Pedersen. Utan at ein skal dra den kulturelle verknaden av dette for langt, er det liten tvil om at den visuelle framtoninga til dagens landslag er meir i tråd med det mangfaldet laget er meint å skulle representere.

John Carew har fått oss til å pirke i gamle myter og ta eit oppgjer med fordommar.

Even Smith Wergeland

For det er eit større tversnitt av typar, utsjånader og kulturelle bakgrunnar i norsk fotball i dag. Det har blitt meir lov å vere annleis, i alle fall i den forstand at fleire måtar å kle og føre seg på har blitt ein del av den mainstream-kulturen fotballen stadig er. Det same kan seiast om spelestil og spelartypar. John Carew har vore ein forandringsskapande figur i denne prosessen. Han har bana veg for den pågåande innvandrarrevolusjonen i norsk fotball, som Aslak Nore ser kimen til i boka Ekstremistan, og sjølv om stereotypiane ikkje er borte, har Carew fått oss til å pirke i gamle myter og ta eit oppgjer med fordommar. For dette bør han applauderast.