NRK Meny
Kommentar

Jamt mot mållinja

Over 15 milliardar kroner har Obama og Romney brukt på valkampen. For Obamas del bare for å oppleve at det som i utgangspunktet såg ut som ein lett match, spissa seg sakte men sikkert til eit oppløp skulder ved skulder mot mållinja, skriv Gunnar Myklebust.

Mitt Romney og Barack Obama etter presidentdebatten i Florida

I dag er dagen: Den amerikanske valkampen har nådd mållinja.

Foto: JASON REED / Reuters

Så er altså dagen her og valkampen over, den som i praksis har pågått i snart eitt og eit halvt år nå. Spørsmålet er om vi også får eit resultat.

Det kan kome tidleg i natt norsk tid, det kan dryge til ut på morgonkvisten. I verste fall får vi eit gjensyn med marerittet frå år 2000, da det tok fem veker med telling og omtelling og juridisk krangel om utfallet i Florida før USAs høgsterett med 5 mot 4 stemmer vedtok at George W. Bush skulle bli landets 43. president.

ALT OM PRESIDENTVALET: Siste nytt, kommentarar og analyser

Meir plass til jusen i dag

Valet for 12 år sidan endra mye og har gitt jusen ein heilt ny og prominent plass i presidentvala. I dag sit hordar av advokatar klare til å kaste seg over kvar ein teknisk tvil eller uregelmessig praksis på valdagen, først og fremst i det knippet av delstatar som kjem til å avgjøre valet.

Valet for 12 år sidan endra mye og har gitt jusen ein heilt ny og prominent plass i presidentvala.

Gunnar Myklebust, kommentator i NRK

Så tett ligg kandidatane ifølgje meiningsmålingane at det fort kan oppstå situasjonar som den i år 2000, og oppteljing og avgjerd kan trekkje i langdrag.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Det som synest å bli eitt av dei jamnaste presidentvala i nyare tid kan dra med seg ei rekke juridiske etterspel. Advokatane er mobiliserte på begge sider for å vakte på at alt går rett for seg og sjå ein kvar sjanse til å så tvil om resultatet dersom oppdragsgivaren er tapande part.

Sandys herjingar

Orkanen Sandy kan gi slik advokatmat. New York og New Jersey er framleis prega av herjingane frå uveret i førre veke. Det er omfattande straummangel langs austkysten, og mange vallokale er øydelagde og erstatta med improviserte løysingar. Slikt kan fort bli til søksmål frå den tapande parten.

Det er omfattande straummangel langs austkysten, og mange vallokale er ødelagte og erstatta med improviserte løysingar. Slikt kan fort bli til søksmål frå den tapande parten.

Gunnar Myklebust, kommentator i NRK

Det kan også opningstider i vallokala bli, godkjenning av førehandsstemmer og tekniske innretningar like eins. Og ikkje minst dei mange tvilsame initiativa som enkelte støttespelarar til kandidatane har tatt for å hindre antatte tilhengarar til motparten i å avgi stemme: Valregistreringsskjema er funne dumpa i søpla. Veljarar er oppringt og fortalt at dei kan avgi stemme over telefon, og slik sleppe å dra til vallokalet. Andre har fått råd om korleis dei kan bruke stemma si fleire gonger og fleire stader, også stemme under namnet til andre. Atter andre har fått brev med varsel om at statsborgarskapen deira ikkje er gyldig.

TEST DEG SJØLV: Er du Republikaner eller Demokrat?

Valvaktarar av mange slag

Ikkje bare advokatane er i beredskap. Valvaktarar av alle slag vil sette preget sitt på valdagen. Noen som representantar for kandidatane eller partia, andre for meir eller mindre partiske interessegrupper. Noen med godkjenning frå styremakter, andre utan. Ei konservativ gruppe som kallar seg True the Vote har aleine mobilisert ein million frivillige. Til å henge rundt vallokala og passe på at veljarane verkeleg er dei som dei utgjør seg for å vere, og sjekke identiteten og retten deira til å stemme.

Mange stiller spørsmål ved denne omseggripande trenden, og meiner at den kanskje skremmer og mobbar og hindrar meir enn samfunnsgagnleg er – og går særleg ut over minoritetar og eldre veljarar. Det synest å vere ei overvekt av republikanskorienterte grupper som driv denne verksemda, og like eins vere ein tendens til at observatørane er tyngre til stades i typisk demokratiske veljarkrinsar enn i republikanske.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Mange amerikanarar er samtidig provoserte av at det vil vere internasjonale valobservatørar til stades. Og det er ikkje vanskeleg å sjå paradokset når desse mange hundre representantane for OSSE (Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa) i dag ruslar rundt i vallokala. Mange av dei frå land med heller avgrensa demokratiske tradisjonar, men med mandat å rapportere om gjennomføringa av valet i det landet som ser på seg sjølv som det bestfungerande demokratiet i verda.

Og ikkje uventa kom reaksjonane. Både i Texas og i Iowa har dei lokale styremaktene truga med å arrestere utsendingane frå OSSE dersom dei nærmar seg vallokala – på lik linje med kvar ein annan som ikkje har noe som helst der å gjøre. Her har nå det amerikanske utanriksdepartementet gripe inn og forklart at OSSE-besøket er i henhold til internasjonale avtalar og sjølvsagt skjer i full forståing med amerikanske styremakter.

Såg avgjort ut

Over 15 milliardar kroner har Obama og Romney brukt på valkampen. For Obamas del bare for å oppleve at det som i utgangspunktet såg ut som ein lett match, spissa seg sakte men sikkert til eit oppløp skulder ved skulder mot mållinja.

Mange amerikanarar er samtidig provoserte av at det vil vere internasjonale valobservatørar til stades.

Gunnar Myklebust, kommentator i NRK

For det såg jo ut som nesten avgjort: Ein sitjande president først mot eit koppel av ukjende utfordrarar og ein sprikande opposisjon, deretter etter kvart mot ein profillaus riking med ei uvanleg religiøs legning og vanskar med å bli godteken blant sine eigne partifellar.

Men ein utfordrar som fekk trent seg godt nettopp i duellane med dei andre republikanske kandidatane, og kom skjerpa til den verkelege prøven da han stod overfor presidenten i TV-studio. Og plutseleg var ingenting lenger avgjort.

LES OGSÅ: Slik fungerer Obamas valgkampmaskineri

Greitt å ha nemnt

Kanskje er det orkanen Sandy som reddar Barack Obama. Sandy er det næraste vi i år har kome oktober-overraskinga, denne tradisjonelle hendinga som dukkar opp i valkampen og veltar brikkene på bordet. På eit tidspunkt da Romneys langsame innhenting var i ferd med å bli alvorleg for Obama, ramma naturkreftene og heile landet fekk sjå ein president som tok ansvar og leiarskap.

Og fekk godord og støtteerklæringar frå politiske motstandarar.

Over halvparten av veljarane seier at måten Obama handterte Sandy på, er med i vurderinga når dei går til urnene i dag.

Men først må det altså stemmast. Og ja forresten: Det er ikkje bare presidenten som skal veljast i USA i dag, men kongressrepresentantar og senatorar, og guvernørar og sheriffar og dommarar og delstatsrepresentantar og ... det er greitt å ha nemnt det.