Hopp til innhold
Kommentar

Ja til EU

Vi nordmenn seier nei, europearar tvilar, men i det tidlegare Jugoslavia seier gamle fiendar samstemt ja.

Dansere opptrer under femårsjubileet for Kosovos frigjøring.

Dansarar opptrer i Pristina for å markere femårsjubileet for Kosovos frigjering frå Serbia.

Foto: HAZIR REKA / Reuters

Det utenkelege er nettopp skjedd: Serbia og Kosovo normaliserer forholdet, freista av framtidig EU-medlemskap. Bosnia, Montenegro og Makedonia vil ha EU-medlemskap. Slovenia er medlem og Kroatia på veg inn.

Sjølvråderett

Det er 17. februar 2008: Eg går nedover Mor Teresa-gata i Kosovos hovudstad Pristina saman med feirande kosovoalbanarar. Det er gratis øl og kaker, alle kafear og barar held ope. Folk dansar og ler, gret av glede.

Sidan lausrivinga har meir enn halvparten av verdas land godkjent Kosovo som sjølvstendig stat. Men ikkje Serbia – det var utenkeleg.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Det er ein dag for historiebøkene. I parlamentet har politikarane nettopp erklært Kosovo uavhengig av Serbia. Over oss lyser fyrverkeri opp himmelen.

Kosovoalbanarane har kasta av seg det serbiske åket. Ein ny stat er født i Europa – det er ikkje til å tru.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Kruttønna Kosovo

Då fredsavtalen blei skriven for det tidlegare Jugoslavia i 1995, blei eitt spørsmål ståande uløyst: Kosovo, provinsen heilt sør i Serbia. Med kristne serbarar i minoritet og muslimske kosovoalbanarar i massivt fleirtal. Ei kruttønne.

Her blei valden berre verre etter 1995. Serbias Slobodan Milosevic viste ingen nåde, og ved hans side stod ein ambisiøs pressetalsmann, Ivica Dacic. Den kosovoalbanske UCK-geriljaen, under leiing av kommandant Hashim Thaci, slo stadig meir brutalt tilbake.

NATO-bombing og FN-styre

I 1999 var det blitt så ille at store delar av den albanske befolkninga flykta frå Kosovo. Dei vende ikkje tilbake før tre månaders NATO-bombing jaga dei serbiske soldatane ut. Dei neste åra var det FN som i realiteten styrte Kosovo, sjølv om provinsen formelt held fram som ein provins i Serbia.

Her skaut naboar med skarpt mot kvarandre så seint som i 2004, etter at ein serbisk mobb angiveleg hadde jaga albanske barn på elva så dei drukna.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Fram til lausrivinga i februar 2008. Sidan den gongen har meir enn halvparten av verdas land godkjent Kosovo som sjølvstendig stat. Men ikkje Serbia. Det var utenkeleg.

Slaget på Kosovosletta

18. februar 2008: Dagen etter feiringa køyrer vi nordover frå Pristina. Rett utanfor byen passerer vi minnesmerket over slaget på Kosovosletta i 1389, skjebnetimen for den serbiske nasjon.

For sjølv om den serbiske fyrst Lazar tapte slaget mot tyrkarane blei den serbiske sjølvoppfatninga befesta. Om folket som står opp og forsvarar kristendomen mot islam. Slaget på Kosovosletta forklarar også serbaranes religiøse forhold til Kosovo som ein del av Serbia.

Nokre mil nord for Kosovosletta kjem vi til den delte byen Mitrovica. Den ligg vakkert i landskapet mellom slettelandet i sør og fjella i nord. Stemninga i Mitrovica er intens og fiendtleg. Elva Ibar renn gjennom sentrum og skil den albanske frå den serbiske bydelen.

Folk tør knapt å sjå over elva denne dagen. Her skaut naboar med skarpt mot kvarandre så seint som i 2004, etter at ein serbisk mobb angiveleg hadde jaga albanske barn på elva så dei drukna.

Ni av ti er albanarar

Elva Ibar og brua i Mitrovica symboliserer skillet mellom dei meir enn to millionar albanarane i Kosovo, og dei 100.000 serbarane som bur igjen her. Størsteparten av kosovoserbarane bur i Mitrovica og omlandet nord for byen. Resten bur i enklavar, gjerne knytt til dei mange serbisk-ortodokse klostera rundt omkring i Kosovo. Tillit mellom folkegruppene eksisterer ikkje. Den nyare historia om Kosovo er historia om etnisk reinsking, massakrar og massegraver.

EUs rolle under borgarkrigane på nittitalet er omstridt, men i dag er EU den viktigaste stabiliserande faktoren i det tidlegare Jugoslavia. Alle statar i det som var Jugoslavia vil inn i EU og strekkjer seg for å få det til.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Men trass i lokale protestar, skjer altså det som var utenkeleg – ei normalisering mellom Serbia og Kosovo.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Fred med fiendar

Det berande elementet i avtalen er at Kosovo og Serbia ikkje skal legge hinder for kvarandre på vegen mot framtidig EU-medlemskap.

Og på bilda frå forhandlingane er det to mann som omkransar EUs utanrikssjef, Cathrine Ashton. Slobodan Milosevic’ gamle pressetalsmann, Ivica Dacic, og tidlegare UCK-kommandant, Hashim Thaci. I dag er dei statsministrar i Serbia og Kosovo. Fred er noko ein skapar med sine fiendar.

Ja til EU

EUs rolle under borgarkrigane på nittitalet er omstridt, men i dag er EU den viktigaste stabiliserande faktoren i det tidlegare Jugoslavia. Alle statar i det som var Jugoslavia, vil inn i EU og strekkjer seg for å få det til.

Var det ikkje for at EU kunne lokke med framtidig medlemskap, ville Kosovo og Serbia aldri sagt ja.