Ja til atomvåpen

Så lenge nokon har atomvåpen, må alle ha dei.

En prøvesprengning av et atomvåpen i Nevadaørkenen i 1957.

«Noregs tryggleik er, diverre får ein kanskje seia, heilt avhengig av atomvåpen, jamvel om me ikkje har slike våpen sjølve,» skriv forfattaren.

Foto: US Government
Therese Sollien
Journalist i Dag og Tid

Therese Sollien er spaltist i Ytring, på radio og nett.

I førre veke var det avrøysting i FN om ein ny traktat som skal forby atomvåpen. Framlegget fekk fleirtal, men det var ikkje Noregs forteneste. Noreg røysta imot.

Det var det mange som vart opprørte av, til dømes Bård Vegar Solhjell i SV, som sa at «Det er trist å konstatere at Norge stemte nei til det mest lovende forslaget for atomnedrustning siden den kalde krigen», og la til at nei-røysta var «stikk i strid med et overveldende flertall av det norske folk».

Sjølv høyrer eg til mindretalet. Eg vart ikkje det minste opprørd av at Noreg røysta nei. Tvert om: Eg vart letta. Jamvel om 123 land røysta for traktaten og berre 38 røysta imot, er eg glad for at Noreg ikkje var mellom dei landa som aktivt gjekk imot eit slikt framlegg. Ikkje av di eg tykkjer atomvåpen er koselege eller pene å sjå på, men av di å røysta ja til å forby atomvåpen, ville ha vore hyklersk.

Uhyggjeleg

Noregs tryggleik er, diverre får ein kanskje seia, heilt avhengig av atomvåpen, jamvel om me ikkje har slike våpen sjølve. Det har likevel USA, som me har eit tryggleikssamarbeid med. Noreg er under atomparaplyen til Nato, og det er grunnen til at Noreg planlegg å nytta berre 1,2 prosent av BNP på Forsvaret i 2035.

Det er uhyggjeleg å tala om at me treng eit forsvar i det heile teke. Det er lettare å sjå føre seg eit åtak mot Noreg i ei verd der det er to uforsonlege frontar, der den eine er Vesten, den frie verda, med kapitalisme og popmusikk og fri presse, og der den andre er ein raud og guffen busemann der heile folkesetnaden vert overvaka, ein fiende som er så grueleg at Sting lagar ein song for å minna folk om at også der borte er folk glade i borna sine.

Å røysta ja til å forby atomvåpen, ville ha vore hyklersk.

Det er lenge sidan me har hatt ein slik fiende. Då er det lett å tenkja at me kan tala oss ut or kvar einaste konflikt, og at ein forsvarsstrategi som byggjer på avskrekking, er det siste me treng. Lat oss heller byta ut atomvåpen med rosetog og allsong. Eller konvensjonelle våpen, kanskje? Hadde det vore betre? Kanskje ein burde byrja å kriga i skyttargraver att og stikka kvarandre med bajonettar?

Demokratisk fredsteori

Det finst mange teoriar om kvifor stormaktene ikkje har vore i krig med kvarandre sidan den andre verdskrigen. Éin av teoriane er den demokratiske fredsteorien, som går attende til Immanuel Kant. Tanken er at sidan demokrati inneber at det er folket som avgjer, vil dei vera rasjonelle nok til å skjøna at det ikkje er i deira interesse å kriga; difor vil demokratiske land ikkje gå til krig mot kvarandre. Kant ville òg ha eit fredssamband der statane kan laga reglar for korleis dei har med kvarandre å gjera.

Når ein krig kan innebera fullstendig tilinkjesgjering, er krig umogeleg.

Dette liknar jo ganske mykje på korleis statane i dag freistar å organisera seg, altså gjennom FN, og langt på veg kunne ein jo tenkja seg at Kant hadde rett, og at teorien stemmer. Men diverre har demokratisk fredsteori nokre hol, for det hender at det bryt ut krig jamvel i demokrati. Borgarkrigen i Jugoslavia er eitt døme, krigen i Donbass er eit anna.

I tillegg har fredsorganisasjonen FN i dei seinaste åra byrja å kriga ein del sjølv. Dei kallar det ikkje krig, dei kallar det «humanitær intervensjon», men det er ein eufemisme. Invasjonen i Afghanistan kan vanskeleg kallast noko anna enn ein krig.

Fangens dilemma

Ei meir overtydande forklåring på kvifor det ikkje har vore krig mellom stormaktene sidan 1945, er at krig har vorte altfor farleg. Når ein krig kan innebera fullstendig tilinkjesgjering, er krig umogeleg.

Difor går dagens hurra til Børge Brende, som sa klårt og tydeleg at Noreg ikkje stør eit framlegg som svekkjer Nato som forsvarsallianse. «En prosess for å forby kjernevåpen, som ikke støttes av noen av de landene som faktisk har slike våpen, skaper dessverre ikke fremgang», sa han.

Så lenge nokon har atomvåpen, må alle ha dei. Slik er fangens dilemma. Dersom Trump vinn valet og løyser opp Nato, må Noreg skaffa seg atomvåpen sjølv.

HØR Ytring på radio – hver søndag kl. 11 eller nettradio når du vil.