Hopp til innhold
Kronikk

Internasjonalt forbod mot surrogati

Mona sin skjebne viser fram surrogati som nådelaus utnytting av fattige menneske – og det absurde i at kvinner heilt legalt får betalt for å leige ut livmora si.

AFRICA-HEALTH-NEWBORN-REPORT

Surrogati er å la ei kvinne bære fram og føde barn for andre par. Surrogati er ulovleg i Norge. Men for nordmenn å nytte surrogati i utlandet, slik som i India eller USA, er ikkje ulovleg. Det burde det bli, meiner Kjersti Toppe. Bildet er ein illustrasjon.

Foto: FATI MOALUSI / AFP

Firebarnsmora Mona fra India ville redde den alvorlege sjuke mannen sin. For å skaffa pengar til behandling, blei ho surrogatmor. Men svangerskapet gjekk gale. Mona døydde saman med det eine barnet, og ektemannen Naeem Qureshi mista kona si. Barnet som overlevde – det var tvillingar - blei henta til Noreg.

No saksøker Naeem Qureshi den norske stat. Han meiner Norge har ansvar for situasjonen sidan Norge legg til rette for surrogati i India. Det hevdar han ut i frå at Utanriksdepartementet (UD) og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) godkjenner farskapssøknader og gir visum til surrogatbarn frå utlandet. Naeem Qureshi har eit poeng. Han ber Norge om økonomisk og medisinsk bistand. Det er gode grunnar for å gi han det.

HØR OGSÅ: Qureshi-saken på «Her og nå»

Ulovleg i Noreg

Surrogati er å la ei kvinne bære fram og føde barn for andre par. Surrogati er ulovleg i Norge. Men for nordmenn å nytte surrogati i utlandet, slik som i India eller USA, er ikkje ulovleg. Bioteknologilova gjeld berre i Norge. Stortinget har nyleg endra bioteknologilova slik at planlegging i Norge for surrogati i utlandet ikkje lenger er straffbart for privatpersonar, slik det var tidlegare. Heller ikkje tilsette på norske ambassadar kan straffast om dei bryt lova og hjelper norske par som planlegg for surrogati i utlandet. Straffefritaket kan med rette sjåast som eit steg i retning av meir liberal surrogatlovgjeving i Norge. Det var det siste vi trengte.

Signalet er at livmor kan bestillast for ein relativ billeg penge i utlandet, utan konsekvensar for kjøparen i Norge. Staten ordnar opp.

Kjersti Toppe

Nyfødde surrogatbarn er heilt avhengig av den klinikken dei blir født på. Dei er avhengig av at foreldra hentar heim dei bestilte varene. Det er reell fare for at surrogatbarn står utan juridiske foreldre ved fødselen. Surrogatbarn født utan juridisk tilknyting til ein norsk forelder, får ikkje norsk statsborgarskap. Ingen er så rettslause i vårt samfunn som dei statslause. Derfor vedtok Stortinget midlertidige ordningar for foreldreskap for å sikre surrogatborna juridisk. Mange kan forstå det. Sjølv om vi aldri så mykje er i mot surrogati, kan vi ikkje la det gå utover barn som er født.

Men den logiske bresten er openberr. Sjølv om norske myndigheiter åtvarar mot surrogati, så har ein med lovendringane som skal sikre borna og foreldra i praksis gjort surrogati enklare. Lovendringane gjer det meir problemfritt å reise til utlandet for å kjøpe seg egg, sæd og svangerskap. Signalet er at livmor kan bestillast for ein relativ billeg penge i utlandet, utan konsekvensar for kjøparen i Norge. Staten ordnar opp.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Like tøffe som med sexkjøp!

Naeem Qureshi påpeikar i sitt søksmål dette paradokset. Han meiner derfor at den norske stat sitt ansvar strekkjer seg lengre enn barnet som blir henta heim. Eg er einig. Om vi ikkje har eit juridisk ansvar, så har vi eit moralsk ansvar også i desse sakene. Vårt moralske ansvar stoppar ikkje med barnet. Det er rått og kynisk å ikkje ta ansvar for kvinna som føder dei norske statsborgarane. Ifølgje norsk lov er det kvinna som føder barnet som er juridisk mor.

Det er rått og kynisk å ikkje ta ansvar for kvinna som føder dei norske statsborgarane.

Kjersti Toppe

Om staten gir økonomisk eller medisinsk bistand til Qureshi vil det sjølvsagt kunne føre til fleire krav. Men det får vi stå i. Dette er vårt moralske ansvar, inntil vi får eit betre lovverk. Fleire land diskuterer innstrammingar. Blant anna har India sjølv tatt affære og gjort om lovverket sitt slik at det i framtida ikkje vil vere mulig med surrogatbarn til foreldre som bur i land der surrogati er forbode. I Norge har styresmaktene vore unnlatande. Men det er ingen grunn til å vere mindre tøffe på dette området enn når det gjeld sexkjøp, som alt er forbode i utlandet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Noreg må gå i bresjen

Mona sin skjebne viser fram surrogati som eit nådelaust system for utnytting av fattige menneske og det absurde i at kvinner heilt legalt får betalt for å leige ut livmora si. Surrogati er ein veksande industri over landegrenser. Den er etisk tvilsam. Egga blir gjerne henta frå Baltikum, fordi egg frå indiske kvinner ville gitt born med for mørk hud. Indiske kvinner skal «bare» bere fram barnet, men avtalene er dårlege og risikoen for utnytting stor. Mange samanliknar surrogati med menneskehandel, blant anna vårt eige Barne, Ungdoms og Familiedirektorat.

Egga blir gjerne henta frå Baltikum, fordi egg frå indiske kvinner ville gitt born med for mørk hud.

Kjersti Toppe

No likar mange heller å snakke om USA. Men surrogati er uansett ikkje etisk, medisinsk eller ressursmessigt akseptabelt. Det grunnleggjande – at opptil tre kvinner blir mødrer til eit og same barn – er det same. Barn kan fødast utan kjennskap til sine biologiske foreldre, og kan få både ei biologisk mor, ei fødemor – og ei sosial mor eller far. Både FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettighetskommisjonen vektlegg at born har rett til – så sant det er mogleg – å få kjennskap til sine biologiske foreldre.

Derfor hjelper det ikkje om landet heiter USA og kjøpsavtalane med surrogatmora er hakket betre. Faren for utnytting av kvinner er likevel til stades. Born sine rettar må kome i fyrste rekke. Regjering og storting må ta ansvar og gå klart ut mot surrogati, også i utlandet. Noreg må gå i bresjen for eit internasjonalt forbod.