Som studentar flest går eg eksamenstida i møte i månadane før jul. Det faglege skal nok gå fint, men det er ikkje det som gjer at eg (nesten) ligg vaken om nettene og stirrar i taket fordi eg veit at eksamenane kjem ein dag nærmare kvar gong eg sovnar om kvelden. Nyleg fann ut at eg må skriva eksamenane for hand. So eg gjentek spørsmålet mitt: vart regjeringserklæringa skriven for hand?
Det tvilar eg på. Det er nok det viktigaste dokumentet du og di regjering skal forholda dykk til dei neste fire åra. Dei eksamenane eg skal ta før jul er blant dei viktigaste dokumenta eg har levert frå meg so langt i livet. Dersom eg ikkje står, set eg heile utdanninga mi på vent fram til eg får ein ny sjanse på nyåret. Feilar eg den gongen også, då mistar eg eitt år av livsplanen min. Og samfunnet mistar eitt år av meg som skattepliktig arbeidstakar. Og fordi eg må skriva eksamen for hand, ser eg på moglegheita for å stryka som veldig mykje større enn om eg kunne skriva på data.
I verdas rikaste land
Nyleg fann eg ut at denne gamaldagse eksamensforma framleis er normalen. Sjokkert sendte eg ei melding til ei venninne som studerer ved NTNU i Trondheim for å lufta frustrasjonen min. «Ja, visste du ikkje det? Ha ha …» var svaret eg fekk. Eg har sjølvsagt lest artiklar om oppgitte studentar som er frustrerte over å måtte leggja att datamaskina heime, men eg trudde dette var unntaket, ikkje regelen. For å ta klisjeen; skal me verkeleg finna oss i dette i verdas rikaste land?
Eg sa til venninna mi at «dette, dette skal bli mi kampsak som journalist i studentavisa dei neste åra!» «Trur du ikkje det har vore kampsaka til ganske mange før deg også?» kontra ho med.
FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.
Stakkars sensor
Handskrifta mi liknar ikkje grisen. Den hadde nok aldri vunne nokon skjønnskriftkonkurranse på ungdomsskulen heller, men dei siste åra har den gått frå OK til verst. To år som journalist har heller ikkje gjort underverk med den, for å seia det slik. Ofte slit eg sjølv med å forstå mine eigne notatar, og då vil eg ikkje ein gong tenkja på kva den stakkars sensoren min må gjennom.
Då er det lite hyggjeleg å lesa artikkelen «Dette må du ikke gjøre på eksamen» i studentavisa Universitas i Oslo. Her står det mellom anna (fritt omsett til nynorsk) «’Eg har vore borte i ei eksamensinnlevering der skrifta var so uforståeleg at me ikkje fekk retta oppgåva’, seier Tor Grenness, førsteamansuensis ved Institutt for kommunikasjon, kultur og språk ved Handelshøyskolen BI. Han forklarar at sensorar ubevisst kan bli negativt innstilt til ei oppgåve som er skrive med stygg handskrift.»
Eg kan visst berre kasta inn handkleet allereie no, oppsøka ein barneskule og spørja fint om eg kan få vera med å læra løkkeskrift på nytt.
Blanko overalt
Eg nektar å tru at slik regjeringserklæringa står i dag, var slik det første utkastet var skrive. Og eg nektar å tru at det ikkje var skrivefeil i det første utkastet. Likevel har de levert 75 sider regjeringserklæring på éi veke. Skulle eg ha skrive 75 sider på ei veke for hand, ville eg aldri ha hatt tid til å kladda det éin gong, endra litt, kladda det ein gong til, lesa gjennom det, ordna skrivefeil, omdisponera teksten litt meir, for so å finskriva det med blått blekk på innføringspapir. Eg hadde kanskje klart halvparten. Med uleseleg handskrift og blanko overalt.
Det er for krevjande å sikra at ingen av studentane juksar dersom ein får nytta datamaskin, og at ein ikkje har ressursar til å sikra seg mot fusk, er det ein får høyra som forklaring på denne gamaldagse eksamensordninga. Eg er ikkje veldig datakunnig på nettverk og slikt, og de som er det får berre arrestera meg om eg tek heilt riv ruskande feil, men er det verkeleg so vanskeleg og dyrt å sikra seg mot at folk juksar om dei får ei datamaskin i hendene?
FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.
Løkkeskrifteksamen?
Mange, og då tenkjer eg på dei som er litt eldre enn studentar flest, vil nok seia at me har godt av å skriva for hand, og at me ikkje har noko å klaga over. Men eg vil klaga litt, likevel. Lat oss skriva eksamenane våre på den måten me har gjort sidan ungdomsskulen; på data. Lat oss skriva på den måten me skal skriva i alle år framover; på data. Eg seier ikkje at handskrifta er moden til å leggjast på loftet, ikkje tolk meg slik! Men ein eksamen er noko anna enn ei handleliste.
Eg har to og eit halvt år att av utdanninga mi, men eg tvilar på at eg får oppleva å leggja vekk pennen og innføringspapiret i løpet av den tida. Men de har minst fire år på dykk, bruk tida godt!
Dette er ikkje eit åtak på deg eller den nye regjeringa. Dette er ei bøn om at de nyttar moglegheita de har fått til å gjera noko med dette. Ta eksamenane ut av middelalderen og inn i framtida. Eller, de treng ikkje ta den med inn i framtida eingong, notida held i massevis. I mellomtida får eg øva meg på løkkeskrift.