Hopp til innhold
Kronikk

Inn i mørkret

Dette er samanhengen Philip Manshaus ser ut til å villa skriva seg inn i: Unge, høgreekstreme menn som rettar hatet mot minoritetar. Dei nyttar nettet som inspirasjonskjelde og som PR-kanal.

Øyvind Strømmen

Det er grunn til å frykta at den høgreekstreme terrorrekkja ikkje er fullført, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Chan-forum har hamna i søkjelyset etter skyteåtaket på ein moské i Bærum.

Desse foruma heiter endchan, 4chan og 8chan. Den draps- og terrorsikta Philip Manshaus vert knytt til slike forum.

For dei fleste er chan-universet ei framand og merkeleg verd, om lag som Upside Down i Stranger Things.

Men denne verda heng saman med vår eiga.

I skrivande stund står det politiske aspektet fram som tindrande klårt.

Når ein tråd om rasekrig blir verkeleg

Manshaus snakka om at me må førebu oss på rasekrig, seier ein tidlegare medelev.

Rasekrig var også eit av orda som dukka opp i ei melding som har vorte knytta til Manshaus, publisert på nettstaden endchan.

Den vart publisert ikkje lenge før han skaut seg gjennom ei glasdør for å koma inn i Al-Noor-moskéen i Bærum. Der fyrte han av fleire skot, før han vart overmanna av to godt vaksne menn.

«Du må løfta opp (bump) rasekrigtråden i det verkelege liv», heiter det i meldinga.

Meldinga, som er skriven i namnet til Manshaus, refererte også til 28-årige Brenton Tarrant, gjerningsmannen bak åtaket på to moskéar i nyzealandske Christchurch 15. mars i år.

«Sankt Tarrant», blir han omtalt som.

Det er grunn til å frykta at denne terror-rekkja heller ikkje er fullført.

Bærum moske

Meldinga på endchan vart publisert ikkje lenge før gjerningsmannen skaut seg gjennom ei glasdør for å koma inn i Al-Noor-moskéen i Bærum.

Alfamenn og incels

Den terrorsikta Manshaus skal angiveleg også ha lagt ved eit bilete, eit forsøksvis meme, for å nytta nettspråket. I memet vert både Tarrant og to andre høgreekstreme terrorsikta omtalt som chads, eit omgrep som vert nytta for å skildra ein slags alfamenn.

Dette siste har vorte tolka som ein referanse til incel-kultur, ei forkorting for «ufriviljug sølibat». Incels står for ei tankeretning som har hamna i søkjelyset grunna kvinneforakt og valdelege åtak.

Denne koblinga til incel-kulturen er vel rask å trekkja for den terrorsikta Bærumsmannen.

Omgrep som chads har eit større nedslagsfelt i den såkalla chan-kulturen, nettkultur knytt til nettforum som 4chan og 8chan.

Kva er historia bak?

For å skjøna noko av bakteppet for chan-foruma, kan det vera naudsynt å kjenna til historia deira.

4chan oppstod alt i 2003, opphavleg som ein stad der ein kunne dela bilete og diskutera manga og anime, japanske teikneseriar.

4chan var ein av fødestadene til alt-right, amerikansk ytre høgre kledd i ungdommeleg drakt.

Det var raskt populært, og fekk ei rekkje underforum der brukarane kunne diskutera ulike tema. Eitt av dei, det generelle forumet «/b» har vore blant dei meir notoriske.

Alt i 2008 skildra Matthatias Schwarz i New York Times staden som ei slags blanding av ein toalettvegg og «ein blogg utan postar, med kommentarar fulle av slang du er for gamal til å forstå».

Det var inga upresis omtale. 4chan var ein stad å dela mørke tankar, rar pornografi og ekle bilete, ein stad der det vart vitsa med sjølvmord, og ein stad der både morosame og mindre morosame internett-memer vart fødd.

Det var ein grenseoverskridande stad, og det fekk også politiske utslag: 4chan var ein av fødestadene til alt-right, amerikansk ytre høgre kledd i ungdommeleg drakt.

8chan var reglane endå færre, vitsane minst like dryge og rommet for både ekstremistar og konspirasjonsteoretikar endå større.

Denne nettstaden har vore utilgjengeleg i det siste, etter at det vart publisert eit manifest der som ser ut til å ha vore skrive av den mistenkte ugjerningsmannen bak eit nyleg terroråtak i El Paso, 21-årige Patrick Wood Crusius.

Han var ein av dei to som vart framstilt som chads saman med Tarrant, som Manshaus skal ha vore inspirert av.

Tredjemann var 19-årige John Timothy Earnest, som er sikta for å ha gått til åtak på ei synagoge utanfor San Diego.

X04013

Grunnleggaren av 8chan, Fredrick Brennan. Her blir han intervjua i august i år. Forumet er no nede. Brennan har sjølv tatt til orde for at forumet må stengast.

Foto: PETER BLAZA / Reuters

Inn i ei høgreekstrem rekkje

Dette er samanhengen Manshaus ser ut til å villa skriva seg inn i: ei rekkje av unge høgreekstreme menn som har villa gjera ord om til handling.

Unge menn som har retta hatet sitt mot minoritetar, og som har nytta nettet både som inspirasjonskjelde og som PR-kanal.

Lasse Josephsen er ein av dei her til lands som har skrive mest innsiktsfullt om høgreekstrem chan-kultur.

Han har også peikt på andre uttrykk for høgreekstrem ideologi ved Manshaus.

Det er grunn til å frykta at denne terror-rekkja heller ikkje er fullført.

Nokre av desse uttrykka er lett å kjenne att frå eldre høgreekstremisme. Andre er lettare å knyta til nyare og nettbasert høgreekstremisme.

Fleire debattar vil nok uunngåeleg koma i kjølvatnet av den dramatiske hendinga i Bærum, inklusiv diskusjonar om psykisk helse og om bakgrunnen hans. Ikkje minst på bakgrunn av at Manshaus også er sikta for drap på eit familiemedlem.

Dette kan verta viktige diskusjonar, som set søkjelys på kva som gjev sårbarhet for radikalisering. Det kan også verta diskusjonar som går over styr, og som vert prega av synsing og fordomar.

I skrivande stund står det politiske aspektet fram som tindrande klårt.

Åtaket mot Bærum-moskéen synest inspirert av tidlegare slike åtak. Det går inn i ei rekkje av høgreekstreme åtak, pakka inn i ei høgreekstrem drakt.

Det er grunn til å frykta at denne terror-rekkja heller ikkje er fullført.

På innsiden av moskeen al-Noor i Bærum

Slik så det ut på innsida av moskeen Al-Noor i Bærum etter terroråtaket.

Foto: Skjermdump / NRK

Heng det saman med debatten?

Hendinga vil og bør også føra til ein breiare debatt om muslimhat, også i det norske samfunnet.

Skal ein føra den debatten edrueleg, bør to moment takast med.

Sjøl om det er to moment fleire nok vil meina peiker i motsette retningar.

For det fyrste: Det me veit så langt peiker mot ein høgreekstrem subkultur innanfor ein subkultur. Ein bør vera forsiktig med å laga for vidtrekkjande samanhengar mellom denne nettkulturen og breiare politisk debatt.

Ein kikk inn i chan-forum vil gje dei fleste av oss inntrykk av å kika inn i ei framand verd.

Ei mørk verd der politisk ekstremisme tidvis vert pakka inn i lag på lag av ironi og meir eller mindre uspiseleg «humor», og ei verd der det vert brukt uttrykk me ikkje kjenner att.

PST syner til nordmenn som er aktive i nettfora. Sjølv har eg sett slike sympatiar fleire stader enn det.

Fleire nordmenn i dette mørkret

Og likevel: Den verda heng saman med vår eiga.

Arne Christian Haugstøyl i PST seier i eit intervju at «det er overraskande mange i Noreg som sympatiserer og uttrykker støtte for den[ne] typen handlingar».

Han syner til nordmenn som er aktive i nettfora som 8chan og endchan, og som gjev uttrykk for slike idear.

Sjølv har eg sett slike sympatiar fleire stader enn det.

Det er også eit produkt av eit breiare, meir folkeleg muslimhat.

Eit muslimhat som ikkje skyt seg inn i moskéar eller hyllar terror, men som er farleg på sine eigne måtar.