Hopp til innhold
Kronikk

Ingen teikn til forsoning i Tyrkia

Debatten i Tyrkia etter sjølvmordsåtaket i helga er symptomatisk for eit land med fullstendig nedbroten tillit og hissig politisk klima.

TURKEY-EXPLOSION/ Police arrive at the site of an explosion in central Istanbul

Ein bilbombe og deretter ein sjølvmordsbombar drap 44 menneske og såra 166 i Tyrkia laurdag kveld. Styresmaktene varslar hemnaksjonar. Den politiske debatten i Tyrkia blir stadig hardare, meiner kronikkforfattaren.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

TAK, ein utbrytargruppe frå PKK, tok søndag på seg ansvaret for åtaket, som hemn for det dei kalla «AKP-fascisme». I kor stor grad TAK og PKK er knytt til kvarandre er gjenstand for heftig debatt, men det verkar truleg at dei to i det minste stilltiande aksepterer kvarandre.

Hemnaksjonar

TAK stod også bak bilbombe-åtaket i Ankara tidlegare i år, også då med det uttrykte målet å ta hemn for regjeringa si krigføring i søraust-Tyrkia, samt ramme den tyrkiske turistindustrien. 30 av dei 38 drepne, og over 100 av dei såra, var politifolk. I tillegg var kanskje fotballkampen mellom Beşiktaş og Bursaspor vald på grunn av den ekstra store samlinga av politistyrkar.

Beşiktaş sin stadion ligg i nærleiken av statsministeren sitt kontor i Dolmabahçe, så det er alltid mange politifolk i området – og endå meir på dagar med kamp mellom lag frå to nabobyar.

Sjølv om det er avklart kven som står bak, er det stor usemje og tøffe tak i den politiske debatten i og om landet. Som ofte er tilfellet i situasjonar med polarisering av samfunnsdebatten, partisk media, og med mykje som står på spel, byrjar konspirasjonsteoriane fort å melde seg.

På Twitter vert utanlandske journalistar skulda av nasjonalistar for å vere «mistenkeleg raske» til å rapportere om åtaka. Eitkvart forsøk på forsoning mellom partane blir fort sett på som svakheiter, og unyanserte og kortsiktige løysingar vinn ofte fram. Dette har vore ein aukande tendens i Tyrkia dei siste åra, og kjem nok til å forverre seg ytterlegare etter terroråtaket laurdag.

Eitkvart forsøk på forsoning mellom partane blir fort sett på som svakheiter.

Kopla til grunnlovsendring

Åtaket kjem få dagar etter President Erdoğan annonserte at han ville hoppe på referendum-trenden som har ridd europa dei siste par åra, og gjennomføre ein folkeavstemming for utvidinga av presidentembetet. Erdogan og regjeringa har lenge argumentert for å styrke presidenten si rolle, og unngå eit ustabilt system med koalisjonsregjeringar, som Tyrkia hadde mange av på 60-, 70-, og 90-talet.

For å gjennomføre ei grunnlovsendring i Tyrkia krevst det støtte frå to tredjedelar av parlamentet, altså 367 av det tyrkiske parlamentets 550 medlemmar. Ved støtte frå 330 parlamentarikarar kan ein likevel halde ei folkeavstemming over dei føreslåtte endringane. AKP har berre 316 seter, og prøver difor å søke hjelp frå det ultranasjonalistiske partiet MHP for å få støtte til dette.

Erdoğan sin flørt med nasjonalistane går tilbake til samanbrotet i fredsprosessen i den tyrkisk-kurdiske konflikten i juni 2015. Hard politikk mot kurdiske rørsler i Tyrkia er den sikraste vegen inn i varmen, både blant MHP-parlamentarikarar, og på lengre sikt, for å vinne MHP-veljarar i framtidige val. Åtaket frå PKK har vekt sterke reaksjonar blant dei aller fleste i Tyrkia, men blant nasjonalistane har det også gitt medvind til krav om kollektiv avstraffing mot alle involvert i prokurdisk politikk. Den konservative avisa Yeni Akit hadde søndag overskrifta "enten presidentskap eller kaos" på si framside.

Erdogan og regjeringa har lenge argumentert for å styrke presidenten si rolle.

Koplinga mellom eit sterkare presidentskap og betra kontroll over tryggleikssituasjonen i landet er ikkje openberr. Men i tråd med forskingsfunn frå USA etter 11. September, kan ein spekulere i om fleire i Tyrkia no er villige til å bytte sivil fridom mot tryggleik. Det er framleis ein stund til mai, når denne folkeavstemminga eventuelt blir halden, men om den tyrkiske regjeringa lukkast i å kople desse sakene, har dei større sjanse for støtte i parlamentet, og stiller sterkare inn mot valkampen.

Følg debatten: Facebook og Twitter

Urovekkande polarisering

HDP, det prokurdiske venstrepartiet, har forhandla med den tyrkiske staten på vegner av PKK, og forsøker å balansere dei motstridande rollene som institusjonelle representantar for den kurdiske rørsla, og som eit breiare parti som bryt ned etniske motsetnader i landet. Som dei andre partia i parlamentet, har HDP fordømt åtaket på laurdag.

Koplinga til PKK gjer det nok lettare for den tyrkiske regjeringa å fengsle medlemmer frå partiet. Parlamentet godtok tidlegare i år forslaget frå AKP om å fjerne immuniteten til parlamentarikarar. Dei siste månadane har eit titals parlamentarikarar og lokalpolitikarar frå partiet blitt arrestert, blant dei leiarane for partiet, Figen Yüksekdağ og Selahattin Demirtaş.

Det er ingenting urovekkande med interessekonfliktar i seg sjølv. Det er trass alt difor ein har politiske parti i demokratiske land, for å representere desse ulike interessene. Men når samfunnsdebatten er så spissa at det ikkje finst rom for faktisk diskusjon, og endå mindre for kompromiss, er det grunn til uro.

Når samfunnsdebatten er så spissa at det ikkje finst rom for faktisk diskusjon, og endå mindre for kompromiss, er det grunn til uro.

Ein kan håpe på at kløktige og langsiktige politikarar med innestemme får kome til orde, og minke den skremmande avstanden mellom meiningsmotstandarar i Tyrkia. Men det er lite som gir grunn til optimisme på dette punktet.

Innanriksminister Süleyman Soylu annonserte søndag at ein hemnaksjon skal starte så tidleg som mogleg. Det er eit utspel som går rett i hjartet på den nasjonalistiske delen av Tyrkia, og som aukar skilja i eit land som blir stadig meir polarisert.