Hopp til innhold
Kronikk

Inga skam å fly!

Å reise med fly har fått eit ufortent dårleg rykte.

Gunnar Garfors

I jakta på den «farlege» flytrafikken gløymer vi andre typar utslepp. Å ikkje ruste opp forsvaret er kanskje det mest positive klimatiltaket vi kan drøyme om på kort sikt, meiner kronikkforfattaren.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eg har reist til alle land to gonger, og nett skrive bok om dei 20 minst besøkte. Såleis flyg eg meir enn dei fleste. Klimasamvitet er ikkje reint, men heller ikkje så skite som mange skulle tru. Kvifor ikkje det?

Å berre kutte i flytrafikken, men ikkje i andre vanar, vil ha lite å seie i det store biletet.

Bildelar frå Kina

Vi flyr meir enn nokon sinne, og tenkjer ofte berre på ferieturane og jobbreisene dei gangane det dårlege samvitet slår inn. Men i samfunnet vårt er flyging sentralt for meir enn å få Per eller Kari frå A til B. Vi forventar kjapp levering av sjømat, bildelar, pakkar og blomar. Ifølgje Aftenposten kjem 20 prosent av inntektene på kommersielle passasjerruter frå frakt, noko som gjer at kravstore restaurantgjester, bileigarar eller pakkemottakarar som aldri tek eit einaste fly, likevel bidrar til denne forureininga. Distriktspolitikk kjem også inn i biletet. Hadde det ikkje eksistert flyruter til Finnmark eller Sogn og Fjordane, ville Noreg ha vore eit meir urbant land.

Adopsjon som klimatiltak

Å berre kutte i flytrafikken, men ikkje i andre vanar, vil ha lite å seie i det store biletet. Internettbruken forureinar til dømes like mykje som flyindustrien, takka vere gigantiske serversenter. Vegtransport er ein kjent syndar. Og det å få eit barn i den vestlege verda fører til enorme utslepp, ifølgje ei 2017-undersøking. Ved å få eitt born mindre vil kvar av dei to foreldra sleppe ut utrulege 58,6 tonn CO₂ mindre per år. Dette er like mykje som mellom 163 og 532 flyturar. Eg seier sjølvsagt ikkje at folk skal slutte å få ungar, langt mindre avlive dei. Det er mange uønskte ungar i verda, adopsjon kan vere eit alternativ.

For enkelt å skulde på fly

Saman med kjøt produsert for menneskemat, som står for 7.4 prosent av klimagassutsleppa, er det likevel flyging, med sine 1.9 prosent av dei globale utsleppa, som i stor grad får skulda for global oppvarming. Om ein skal tru presse og politikarar. Det blir for enkelt. Privatpersonar i vestlege land er også veljarar ved demokratiske val og kan røyste for partia som skjønar dei store linjene, og som verkeleg kan utgjere ein skilnad når det gjeld klimaet. Skal vi nå 1,5-gradersmålet i Parisavtalen så må både styresmakter og forbrukarar tenkje heilskapleg og utan tabloidisering.

Ein reduksjon på 14 prosent i forsvarsaktiviteten ville redusere utsleppa like mykje som det all flyging står for.

Hemmelege utslepp

Verdas forsvar har dessutan klart det kunststykket å argumentere for at utsleppstala deira er militære hemmelegheiter. Tala fortel likevel at det amerikanske forsvaret åleine står for 5 prosent av utsleppa, og verdas største militærmakt har eit generelt unntak frå å følgje tiltak frå ei kvar klimaforhandling. Ikkje verst for verdas verste miljøsyndar. Til saman er verdas mange forsvar skuld i 13.5 prosent av alle utslepp, og ein auke vil veldig raskt ete opp alle klimavinstar befolkninga elles klarer å få til.

Ein reduksjon på 14 prosent i forsvarsaktiviteten ville redusere utsleppa like mykje som det all flyging står for. I det noverande politiske klimaet sit det dessverre langt inne. Nato vil ruste opp og «fiendane» vil følgje etter. Saka vert ikkje betre av at USA sin hyperkapitalistiske president, den eigentlege NATO-sjefen, ser sitt snitt til å auke salet av våpen frå det som allereie er verdas desidert største våpenprodusent. Donald John Trump vil dessutan ikkje tru at menneska bidrar til global oppvarming. Ein farleg kombinasjon.

Eg skjønar at vi må ha eit forsvar. Men hovudproblemet no er at NATO krev ei auke i forsvarsbudsjetta på cirka 40 prosent frå Noreg, og 30-100 prosent frå dei andre NATO-medlemmane. Det er hovudristande at det ikkje er noko som helst debatt rundt den enorme klimapåverkninga dette vil ha.

Det trengst fleire vanlege turistar som reiser til uvanlege destinasjonar.

Fredsfremjande ferie?

Poenget mitt er å få fram heilskapen. I jakta på den «farlege» flytrafikken gløymer vi andre typar utslepp. Å ikkje ruste opp er kanskje det mest positive klimatiltaket vi kan drøyme om på kort sikt. Vi kan bidra ved å reise meir utanfor den vestlege bobla og på tvers av kulturar. Det vil føre til auka forståing, fleire venskap og meir handel på same tid som det potensielt reduserer behovet for oppblåste forsvarsbudsjett. Fred og stabilitet er altfor viktige tema til at vi kan overlate dei til politikarar og forretningsfolk åleine. I tillegg trengst fleire vanlege turistar som reiser til uvanlege destinasjonar. For som Augustin av Hippo skal ha sagt: «Å ikkje reise er som å berre lese første sida av ei bok.» Eller som å fornærme ditt eige vit og intellekt. Ifølgje meg.

Gunnar Garfors er kjend som globetrottar og reiselivsforfattar, men jobber også som prosjektleiar i teknologidivisjonen i NRK.