Hopp til innhold
Kronikk

PST snakkar ikkje om «muslimske» truslar

PST har ingen «bevisst strategi» i måten å omtale muslimar på, slik Antirasistisk Senter hevdar. Vår oppgåve er å forebyggje kriminelle valdshandlingar, ikkje haldningar.

PST

Vi er tent med at debatten om ekstremisme og samfunnstryggleik blir ført på ein sakleg måte, skriver kronikkforfatteren. Bildet er tatt under pressekonferansen der PST-sjef Benedicte Bjørnland og justisminister Anders Anundsen la fram den åpne trusselvurderingen for 2014.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Denne kronikken er et svar på Antirasisitisk Senters kronikk «Bekymringsmelding: høyreekstremisme» (23. april).

23. april kom leiarane for Antirasistisk Senter med ein kronikk som delvis tek for seg PST, og vårt arbeid for å hindre politisk motivert vald etter 22. juli 2011. Det er bra at det er mange aktørar som deltek i debatten om ekstremisme og samfunnstryggleik. Det er også bra at PST blir kommentert og kritisert. Det bør etter vårt syn vere maksimal openheit om kva samfunnet gjer for å verne seg mot ekstremisme, og kva for metodar og ressursar som blir brukt.

LES OGSÅ: Muslimske høyreekstremister?

Skilnaden er knytt til kapasitet

I den opne trusselvurderinga for 2014 skriv vi at den største terrorstrusselen i Norge kjem frå eit multietnisk, ekstremt islamistisk miljø. I dette miljøet finn vi personar som har eit sterkt hat mot det norske samfunnet, som forsøkjer å radikalisere ungdomar, og som har eit operativt fokus. Det siste har ført til at mange frå dette miljøet har reist til Syria og andre konfliktområde. Dei vi fokuserer på er dei som reiser for å slutte seg til Al Qaida-tilknytt terrorgrupper. Faren er at eit opphald der vi gjere at både kapasiteten og viljen til å utøve vald ved retur til Norge, vil auke.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Dei personane som sluttar seg til terrorgrupper i Syria, og som ser på eller deltek i kamphandlingar, tortur og drap, vil kunne få ein langt lavare terskel for bruk av vald når og viss dei returnerer til Norge.

Jon Fitje Hoffmann Fagdirektør strategisk analyse, PST

I trusselvurderinga peikar vi og på at personar i det høgreekstreme miljøet i Norge kan utgjere ein trussel. Også her er det mykje sinne og hat som kjem til uttrykk på Internett, og ein kan på ingen måte sjå bort frå at det kan kome valdsaksjonar med utspring i dette miljøet. Mest truleg vil dette kunne kome frå enkeltpersonar eller små grupper. Som kronikken nemner hadde vi ein inngåande vurdering av den høgreekstreme trusselen i den opne vurderinga.

Skilnaden mellom desse ekstreme gruppene er difor ikkje so mykje knytt til retorikk eller hatpropaganda, men til kapasitet. Dei personane som sluttar seg til terrorgrupper i Syria, og som ser på eller deltek i kamphandlingar, tortur og drap, vil kunne få ein langt lågare terskel for bruk av vald når og viss dei returnerer til Norge. Dette er ein situasjon og ein utvikling som vi ikkje kan ignorere. Men vi seier også at ein slik vurdering må gjerast individuelt, og det er ikkje noko automatikk i at ein blir terrorist fordi ein har vore i Syria. Dette er ein viktig distinksjon som ofte forsvinn i debatten.

LES OGSÅ: Ikke så ensomme ulver

Bør vere varsame med generaliseringar

I kronikken frå Antirasistisk Senter blir både media og «norsk offentlighet» skulda for å vanskjøtte det ansvaret dei har for å bidra til betre opplysning. Spørsmålet som leiarane i Antirasistisk Senter bør stille er om dei sjølve bidrar til betre opplysning med denne kronikken. Mellom anna kan ein lese følgande påstand: «Den generelle mistenksomheten mot muslimar har tidvis en nesten epidemisk karakter. Dette fremstår selvsagt som et bevisst kommunikasjonsstrategisk valg fra PSTs side, hvor PST bidrar til å bekrefte den ganske voldsomme ensrettingen som allerede finnes i offentligheten.»

For PST har ekstremisme ingenting med religion å gjere i seg sjølv. Vi skriv heller aldri om «truslar frå muslimsk hold», slik kronikkforfattarane gjer.

Jon Fitje Hoffmann Fagdirektør strategisk analyse, PST

Det er ikkje vanskeleg å finne hatefulle, krenkande og provoserande ytringar på nettet, både mot muslimar, jødar, «vantru», romfolk, myndighetspersonar og andre grupper. Dette er ein del av demokratiet og ytringsfridomen. Dei fleste vil ta avstand frå slike ytringar, og enkelte av ytringane vil også kunne vere straffbare.
Viss det er ein «epidemisk mistenksomhet» mot muslimar i det norske samfunnet, so vil det sjølvsagt vere svært alvorleg. Viss det berre er kronikkforfattarane som føler eller trur at det er ein slik «mistenksomhet», so er det heller ikkje bra, men likevel ei heilt anna sak. Påstanden er ikkje forsøkt forklart eller grunngjeven, og vi bør alle vere varsame med å generalisere frå observerbare ytringar, og konkludere om korleis «samfunnet» er.

LES OGSÅ: Relativisering av jihadister

Ekstremisme har ingenting med religion å gjere

For PST har ekstremisme ingenting med religion å gjere i seg sjølv. Vi skriv heller aldri om «truslar frå muslimsk hold», slik kronikkforfattarane gjer. Ekstremisme er valdskriminalitet, med ein eller annan ideologisk, politisk eller religiøs grunngjeving. Ekstremistane forsøkjer å legitimere handlingane sine på ulikt vis, men dei er sjølvsagt på ingen måte representative for ein religion. Vår oppgåve er å førebyggje kriminelle valdshandlingar, ikkje haldningar.

Vår oppgåve er å forebyggje kriminelle valdshandlingar, ikkje haldningar.

Jon Fitje Hoffmann Fagdirektør strategisk analyse, PST

Korleis kronikkforfattarane har klart å tenkje seg fram til kva som er eit «bevisst kommunikasjonsstrategisk valg frå PSTs side» er vanskeleg å forstå. Dette er ein heilt ugrunna og feilaktig påstand. Som dei sjølv skriv ville ikkje det tene verken PST eller samfunnet å «bidra til den voldsomme ensrettingen», so kva skulle vere rasjonalet for ein slik «bevisst strategi»?

Eg går ut frå at kronikkforfattarane har sett argumenta på spissen for å få merksemd om bodskapen. I dette tilfellet blir bodskapen feilaktig. Vi er tent med at denne debatten blir ført på ein sakleg måte, viss ikkje risikerer vi at debatten i seg sjølv forsterkar nettopp dei haldningane og oppfatningane vi ynskjer å unngå.