Hopp til innhold
Kronikk

Ikkje skyld på avisene!

Det er heilt naturleg at landets to største aviser prioriterer Farmen framfor fredsprisvinnarane.

faksimile vg dagbladet

Twitter-eliten kritiserer VG og Dagbladet for ikkje å nemne fredsprisen på måndag. Men dei gjer berre jobben sin, som er å sel aviser, skriv kronikkforfattaren.

Foto: skjermdump/twitter

På måndag vart Nobels fredspris tildelt til Nadia Murad og Denis Mukwege i rådhuset i Oslo. Frå ein tråd på Twitter kan vi lese at dei to storavisene sine framsider same dag «er helt patetisk,» at «det må vere litt flaut å vere journalist» og at «VG er vel litt som Se og Hør. Berre dagleg.» Forskjellen på desse tre er at den siste tweeten ikkje er kritikk. Det er ein observasjon. Ein observasjon som på ingen måte gjer VG og Dagbladet patetiske eller flaue. Det betyr berre at VG og Dagbladet gjer jobben sin: dei sel aviser.

Når menneske på Twitter klagar på mangelen av det dei ser på som «seriøse» framsider på storavisene er det ikkje noko meir enn pompøse kommentarar som gjer eit forsøk på å heve tweetaren over alle andre som les VG og Dagbladet, og anna «rølp.» Denne Twitter-eliten er for god til å lese om reality-TV og kjolen til kronprinsessa. Dei er smarte og samfunnsorienterte, og vil mykje heller lese om fredsprisen, om klimatoppmøter og om viktige politiske saker.

Ja vel. Så gjer det då.

Denne Twitter-eliten er for god til å lese om reality-TV og kjolen til kronprinsessa.

Det er ikkje mangel på gode medium der ute, som dekker alt Twitter-eliten (hevdar) å bry seg om. Dersom dei verkeleg vil endre retninga på media burde dei heller bruke meir tid på å spreie desse sakene til sine meiningsfeller. Til å ikkje bry seg om Farmen og kjolen til kronprinsessa brukar dei mykje tid og krefter på å kritisere aviser som gjer akkurat det som er målet: å selje aviser.

VG og Dagbladet er dei to mest selde avisene i landet fordi dei skriv om det folk vil lese om. Dette bør dei ikkje få kritikk for. Eit anna spørsmål er kor kritikkverdig det er at det folk vil lese om er kjendissladder, mote og reality-TV. For medan fredspriskonserten samla i underkant av 400.000 sjåarar samla den mykje omtalte finalen i Farmen om lag dobbelt så mange. Sidan desse programma gjekk samstundes måtte altså norske TV-sjåarar ta eit val, og eit soleklart fleirtal nedprioriterte programmet som retta fokus på internasjonale samfunnsspørsmål.

Det betyr berre at VG og Dagbladet gjer jobben sin: dei sel aviser.

Når du som redaktør sit og skal komponere ei framside som skal selje mest mogleg er det vel naturleg å velje det temaet som folk flest er opptekne av. Enkel business.

Det er ikkje første gong Twitter-eliten kritiserer VG og Dagbladet for å ikkje levere dei nyheitene dei meiner er viktigast, men vi kjem ikkje så mykje lenger av at storavisene bukkar under for presset og trykker framsider med tema som (diverre) ikkje er interessant for den gjennomsnittlege nordmann. Salstala går ned, og ingen har blitt meir opplyste om samfunnsproblem. Salstala til Se og Hør, derimot, får seg kanskje ein boost.

Dersom nokon skal få kritikk, er det samfunnet.

Dersom nokon skal få kritikk, er det samfunnet. Vi er i hovudsak ein gjeng tomsingar som ikkje greier å bry oss om det som er viktig. Vi bryr oss om det som er underhaldande. Ein harmlaus krangel i eit realityshow er mykje meir moro å ta omsyn til enn den seksuelle utnyttinga av kvinner i konflikt. Det er eit faktum framsidene til VG og Dagbladet ikkje kjem til å endre, og bør heller ikkje få kritikk for å greie å vere dei mest selde avisene i landet.

For at Twitter-eliten skal få det som dei vil må vi dreie heile samfunnet i ei retning der vi tomsingane greier å skilje mellom kva som faktisk er viktig, og kva som ikkje fortener merksemd. Det er lettare sagt enn gjort. Reality-TV og kjendissladder har ein bevist appell til folket. Vi slukar det rått. Vi legg vekk krig og klimakriser. Vi droppar politikk og likestilling. Ha det bra, Russland og Krim, hei på deg Farmen, Kjetil og Tonje.

Vi ser og vi høyrer, men vi lærer ikkje.

Og det er ikkje VG og Dagbladet sin feil.