Ikkje gøym vekk gudstrua

Kvifor skal ikkje folk få lov til å synleggjere og kunne stå for den religiøse delen av identiteten sin?

woman praying with a cross

Kvifor skal religion danne eit unntak og gøymast vekk frå det offentlege rommet, spør Rune Garmann. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: Erwin Wodicka / BilderBox.com
Kronikkvignett Ytring

Som norsklærar for framandspråklege spurde eg ein gong ein muslimsk familiefar frå Kosovo kva han og familien gjorde når naboane deira feira jul. Han svara om lag slik: «Da går vi hjem til dem og feirer sammen med dem. Og de kommer til oss når vi feirer våre høytider.»

Eg trur det ligg ein viktig lærdom her, nemleg at den beste måten å møte eit aukande kulturelt og livssynsmessig mangfald på, er å oppføre oss som gode naboar på gata og gjestar i kvarandre sine heimar.

Nokon er likare enn andre

I debatten som har gått om religionen sin plass i det offentlege rom i det siste kjem det fram eit anna syn. «La tro være en privatsak», skriv Tom Hedalen frå Human-Etisk Forbund i ein kronikk.

«Da går vi hjem til dem og feirer sammen med dem. Og de kommer til oss når vi feirer våre høytider.»

Kommentarane under kronikken let ikkje vente på seg : «Enhver religiøs aktivitet utenfor sitt eget hode burde vært forbudt, inklusive innenfor hjemmets vegger», var det ein som skreiv. «Å være religiøs er ganske enkelt uttrykk for manglende kompetanse på virkeligheten», skreiv ein annan.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Tankane gjekk til ei bok av George Orwell som på norsk heiter «Kamerat Napoleon». Her finn ein fylgjande utsegn: «Alle dyr er like, men noen dyr er likere enn andre». Byter ein ut ordet «dyr» med ordet «livssyn», kjem analogien tydeleg fram.

Halvparten trur på ein gud

På Human-Etisk Forbund si heimeside les eg følgjande: «Det humanistiske livssyn legger vekt på at mennesket selv må skape mening i sitt liv, alene og sammen med andre mennesker.» Dette er ein klok tanke, og vakkert formulert. Ei anna vakker formulering frå same staden er denne: «Sannheten er ikke åpenbar og gitt en gang for alle, men kan kun tilstrebes ved en åpen, og kritisk meningsbrytning.»

Kvifor skal religion danne eit unntak og gøymast vekk?

Rune Garmann

Ipsos MMI si siste måling av kor mange det er som trur på ein gud, syner at det er om lag like mange i Noreg som trur som ikkje gjer det. Sjølv om tala er usikre, er dette likevel ein tydeleg indikator på at det å leggje til rette for at folk kan «skape meining i sitt liv, alene og sammen med andre mennesker» er ei viktig oppgåve, også når det er religion som gjev den einskilde denne opplevinga av meining.

Og dersom det skal vere substans i at «Sannheten er ikke åpenbar og gitt en gang for alle, men kan kun tilstrebes ved en åpen, og kritisk meningsbrytning» må det også vere lov for dei som har eit livsperspektiv tufta på ei religiøs overtyding, å delta i denne meiningsbrytinga.

Temperaturen er høg

Mange ikkje-religiøse ynskjer ei nedtoning – eller kan hende helst ei usynleggjering – av religion i det offentlege ordskiftet. Grunngjevinga er ofte påstandar nokså lik den Hedalen kjem med: «Oppskriften på å gjøre religion og politikeres religiøse ståsted til en tydeligere del av det offentlige ordskiftet er en oppskrift på et samfunn med større spenninger og mer konflikt.»

Ipsos MMI si siste måling av kor mange det er som trur på ein gud, syner at om lag halvparten av alle i Noreg gjer dette

Rune Garmann

Han kan ha eit poeng her. Kommentarfeltet eg alt har sitert frå, er eit godt døme på det. Religion engasjerer. Men les ein kommentarane, vert det tydeleg at det slett ikkje berre er menneske med ein religiøs ståstad som syter for at temperaturen i kommentarfelta tidvis er høg, og det saklege nivået tilsvarande lågt.

Det er soleis ikkje sikkert at samfunnet vert mindre spennings- og konfliktfullt om ein raderer religion vekk frå det offentlege rom. Kan hende flyttar konfliktane seg til andre område.

Bunad frå heimbygda

Eg er samd i at religion er ei privatsak. Politisk ståstad er også ei privatsak. Det same er fysisk og psykisk helse, seksuell legning, interesse for kultur, språkleg tilhøyrsle og ei mengd andre tilhøve som er med på å forme identiteten vår og gi liva våre meining.

Mange ikkje-religiøse ynskjer ei nedtoning – eller kan hende helst ei usynleggjering – av religion i det offentlege ordskiftet.

Rune Garmann

Men at noko er ein privatsak treng ikkje vere det same som at det ikkje har noko å gjere i det offentlege rommet. Eg går ut frå at dei fleste synest det er greitt at ulike interesseorganisasjonar og dei politiske partia våre marknadsfører tankane sine i det offentlege rom. At det er greitt at to menn eller to kvinner går hand i hand på gata, eller med skjerfet til fotballaget sitt. Eller med bunad frå heimbygda på 17. mai.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Kvifor skal religion danne eit unntak og gøymast vekk? Kvifor skal ikkje folk få lov til å synleggjere og kunne stå for den religiøse delen av identiteten sin? Kva skade kan eigentleg ein kippah gjere?

Kan vere sunt provoserande

Til liks med mange andre ser eg for meg eit aukande livssynsmangfald i landet vårt. Eg ser også at verdisyn på kollisjonskurs kan vere problematisk og lett føre til vanskelege situasjonar. Men eg trur ikkje ein bør møte desse utfordringane ved fjerne bakgrunnen for konfliktane frå det offentlege rommet.

At noko er ein privatsak treng ikkje vere det same som at det ikkje har noko å gjere i det offentlege rommet.

Rune Garmann

I staden trur eg vi bør sjå på det aukande livssynsmangfaldet som ein ressurs. Det er ein grunn til at eg er rimeleg godt kjend på HEF si heimeside: Eg synest det er spanande og interessant, og av og til sunt provoserande, å møte tankar som spring ut av andre perspektiv enn mine eigne.

På same måten har eg hatt glede og utbyte av mange gode samtalar med folk med ulik religiøs ståstad, også om andre emne enn livssyn, men der standpunkta våre har vore tufta på ulike verdisyn.

Nokon tenkjer annleis enn ein sjølv

Eg trur at det å ha kunnskap om korleis andre menneske tenkjer, og å syne respekt for at folk kan tenkje annleis enn ein sjølv, er eit godt konflikthemmande verkemiddel. Eg trur at vi ved å gjere det legitimt å drøfte verdigrunnlaget for dei val vi og politikarane våre gjer, lettare kan sjå kva vi i praksis kan einast om, og kvar vi er grunnleggjande usamde.

Vi bør møte kvarandre som dei vi er og respektere kvarandre som det. Eg trur storsamfunnet vil stå seg på å leggje til rette for at slike møte kan kome i stand.

Les også: