Hopp til innhold
Kronikk

Ikkje ekskluder Assad

I staden for å ekskludere Assad før ein byrjar å forhandle bør Vesten lytte til Putin. Det kan spare Syria for både motkupp og borgarkrig.

Bashar al-Assad

«Det er nok ikkje avgjerande at Assad sjølv fortset å ha ei sterk rolle, men det er avgjerande at ein tek på alvor den frykta som ligg til grunn for støtta til Assad og regimet hans, skriv Jonas Bergan Dræge.»

Foto: HO / AFP

I samband med denne vekas FN-toppmøte i New York, har Russlands president Vladimir Putin foreslått å skape ei brei internasjonal koalisjon mot IS. Putin meiner Vesten burde anerkjenne at berre Assad sitt regime og kurdiske grupper kjemper militært mot den islamistiske grupperinga, og difor inkludere Assad si regjering i denne internasjonale koalisjonen.

Erna vil fjerne Assad

Statsminister Erna Solberg er negativ til dette initiativet, og uttalte overfor NRK at Assad måtte fjernast før ein kunne få på plass ei langsiktig løysing. Det er forståeleg at den norske regjeringa har lite tillit og stort mismot mot Assad sitt regime. Men om ein ekskluderer Assad før ein byrjar å forhandle, gjer ein seg sjølv ei bjørneteneste.

Regimeleiarens rolle

I ei nyleg fullført doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oxford undersøkte Brian Klaas kva rolle tidlegare regimeleiarar har hatt i demokratiske overgongsprosessar. Klaas konkluderer med at i land som har inkludert deler av den tidlegare maktelita i overgangsperioden, er sjansane for motkupp eller borgarkrig i dei etterfølgande to åra betrakteleg redusert, samanlikna med overgangar der den tapande part er fullstendig utestengt.

Brå omveltningar, der ein del av befolkninga går frå å vere privilegerte til å vere fullstendig makteslause over natta, aukar faren for polarisering og hemnlyst.

Jonas Bergan Dræge

Slike inkluderande overgongsprosessar var ifølge Klaas ein av grunnane til at land som Madagaskar (i 2006) og Zambia (i 1996) var meir stabile etter den demokratiske overgangen enn land som Thailand (i 2006) og Elfenbenskysten (i 1995). Dei kan også delvis forklare kvifor Tunisia har vore relativt stabilt etter styrtinga av Ben Ali i 2011, medan nabolandet Libya etter Ghaddafi har kollapsa som stat og er splitta mellom ulike militære grupperingar.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Fare for polarisering og hemnlyst

Brå omveltningar, der ein del av befolkninga går frå å vere privilegerte til å vere fullstendig makteslause over natta, aukar faren for polarisering og hemnlyst. Kompromiss med dei som tidlegare har sete ved makta kan difor dempe dette sjokket, og auke sjansen for fredeleg forsoning i samfunnet etterpå.

I Syria sitt naboland Irak, fekk ein etter styrtinga av Saddam Hussein tydeleg sjå dei negative konsekvensane av å ekskludere ein tidlegare privilegert gruppe. Den systematiske fjerninga av Hussein sine partifellar i overgangsperioden har ført til ei kjensle av marginalisering blant mange irakiske Sunnimuslimar, og har vidare bidratt til den vedvarande tryggleiksmessige ustabiliteten i deler av Irak dei siste ti åra.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Sterke interessekonfliktar

I Syria er det sterke interessekonfliktar som går over ideologiske, etniske, og religiøse linjer. Ein vil ikkje bli kvitt desse motsetningane ved å fjerne Assad. Det er heller grunn til å tru at polariseringa mellom ulike grupperingar i samfunnet vil auke. Om Assad sitt regime vert fjerna med rot, vil mange blant dei etniske og religiøse minoritetane skjelve av frykt, og motsetje seg ei eventuell overgangsregjering.

Det er nok ikkje avgjerande at Assad sjølv fortset å ha ei sterk rolle, men det er avgjerande at ein tek på alvor den frykta som ligg til grunn for støtta til Assad og regimet hans.

I Syria er det sterke interessekonfliktar som går over ideologiske, etniske, og religiøse linjer.

Jonas Bergan Dræge

Kontradiksjon

Utanriksminister Børge Brende seier til NRK at ein må «fase ut Assad» for å få på plass ei inkluderande regjering. Dette er ein kontradiksjon. Ei regjering er ikkje inkluderande om ho på førehand ekskluderer. Den norske regjeringa kan ha god grunn til å vere skeptiske til Putin sine intensjonar i Syria. Men for å få til ei fredeleg og stabil løysing for Syria, bør Vesten anerkjenne motparten, og ikkje avfeie den før ein eingong har byrja å forhandle.

Jonas Bergan Dræge er stipendiat i statsvitskap ved European University Institute i Firenze. Prosjektet hans fokuserer på forholdet mellom pro-demokrati-bevegelser og politiske parti i hybridregimer. Bergan Dræge tok sin mastergrad i Modern Middle Eastern Studies ved St. Antony’s College, the University of Oxford, in 2013.