Hopp til innhold
Kronikk

Det er ikkje berre Suárez som glefsar

Kvifor greier ikkje fotballspelarar å halde kjeft, når rugbyspelarar, hockeyspelarar og boksarar gjer det?

colombia

«Det er trist å sjå når spelarar skjemmer seg ut ved å forsvare eller nekte for openberre illgjerningar», skriv kronikkforfattaren. Her er Colombias Mario Yepes (t.v) og Pablo Armero sinte på dommar Carlos Velasco Carballo etter ei annulering i VM-åttandelsfinalen mot Brasil 4. juli.

Foto: Felipe Dana / Ap

I denne søte VM-tida har dei som er glade i fotball hatt mykje å gleda seg over. Og det vi har fått sjå i dette meisterskapet, har langt på veg inspirert meg til å bli ein av dei. Men der er eit og anna ved sporten eg godt kunne klart meg utan. Til dømes deler eg fotballdommar Tom Henning Øvrebø sin frustrasjon over alt skodespelet vi ser på bana («Stopp skuespillet», NRK Ytring 3. juli). Eg kan også bli ganske frustrert over all haldinga som ein lar spelarane halde på med.

Men det er ein ting ved sporten som frustrerer meg enda meir.

Kjefting på dommaren

22. juni kunne vi lese ein artikkel på NRK.no med tittelen «Der andre rasar, held amerikanarane kjeft». Herrelandslaget til USA får skryt for å vere disiplinerte og profesjonelle nok til å late vere å fortelje dommaren kva dei tenkjer om dømminga til ei kvar tid. Og dette skrytet fortener dei.

Kjem vi til å hugse oppførselen Didier Drogba viste mot Barcelona i Champions League i 2009 – når det har gått fem år til?

Sølve Selstø

Men om vi løftar blikket litt og minner oss sjølve om at idrettsverda er større enn fotball, vil vi nok ganske snart sjå at laget til USA snarare representerer regelen enn unntaket. Innan andre store idrettar der dommarar spelar ei aktiv rolle, som til dømes basketball, hockey, tennis og volleyball, er det vanleg at ein respekterer autoriteten til dommarane – i alle fall i langt større grad enn det som er vanleg i fotball. Og innan idrettar som boksing, judo, rugby og cricket er dommar-autoriteten praktisk tala absolutt. På ein rugby-bane er det berre kapteinane på kvart lag som i det heile får lov til å snakke til dommaren, og når dei gjer det, går det svært så diplomatisk for seg. (Tips: Sjekk ut youtube-snutten «… this is not soccer».) Og når det gjeld judo på seriøst nivå, trur eg ikkje deltakarane ein gong vågar å tenkje noko stygt om dommarane medan dei er på matta.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

I tennis får ein rett nok lov til å protestere. Det gjer ein ved å løfte handa i vêret. Om ein gjer det og, ifølgje teknologien, tar feil tre gonger i eit sett, må ein halde munn, eller arm, resten av settet. Joda, tennissporten hadde jo John McEnroe. Men han hugsar vi jo nettopp fordi oppførselen hans var langt utanfor det vanlege. Kjem vi til å hugse oppførselen Didier Drogba viste i semifinalen mot Barcelona i Champions League 2009 når det har gått fem år til? Nemnde Øvrebø gjer nok det, men neppe så veldig mange fleire.

Trist

Så dette med å krangle med dommaren er i grunn fotballspelarar ganske aleine om. Men kva så, kva er problemet? Vel, det er trass alt fotball vi ynskjer å sjå. Til krangling og diskusjon har vi til dømes «Debatten» på NRK. Var det ikkje flott å sjå berre fotball då USA og Belgia spela åttandelsfinale i VM? Dessutan er protestane rett og slett triste å sjå på. Det er trist å sjå at så mange vaksne, oppegåande folk ikkje har fått med seg at dommarar ikkje akkurat har for vane å ombestemme seg etter ein diskusjon. Visse ser heller ikkje ut til å ha fått med seg at der er kamera som dekkjer kvar minste lille krok av banen; det er trist å sjå når spelarar skjemmer seg ut ved å forsvare eller nekte for openberre illgjerningar.

Både sporten, dommarane og publikum fortener betre enn denne kranglinga, sutringa og blameringa.

Sølve Selstø

Ja, men det er jo ein temperamentsfull idrett; det er vanskeleg å legge band på seg når det kokar utpå bana. Javel. Men når ishockeyspelarar, rugbyspelarar og boksarar klarar det, burde det ikkje vere mogeleg for fotballspelarar også?

Både sporten, dommarane og publikum fortener betre enn den kranglinga, sutringa og blameringa som vi altfor ofte blir vitne til på fotballbana.

Då Luis Suárez glefsa til Giorgio Chiellini vart det slått hardt ned på. Men det er ikkje berre Suárez som glefsar. Kanskje er det på tide å slå ned på glefsing etter dommaren også.