Hopp til innhold

I statens klamme hender

Tanken på å betala helvta av løna i skatt gjer meg svevnlaus om natta. Difor har eg kome opp med ein lur plan.

Penger og bankkort

'Dersom eg går ned i 50 prosents stilling, slepp eg brått unna med å betala under 50.000 kroner i skatt. Hallo! Eg får brått halda på mest alle pengane!' Skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto.)

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Therese Sollien er spaltist i Ytring, på radio og nett.

Dersom ein, som eg, har butt ei stund i USA, kan det å koma attende til Noreg ofte kjennast noko framandt. Kvifor er det ingen politikarar som tek til orde for å byggja ein mur mot Sverige, til dømes? Kvar er politikarane som seier at dei vil gjera Noreg stort att? Kvifor har alle politikarane her i landet så normal hårsveis?

Det verste er at ein har eit folkeregister. Dersom eg vil flytta ut i skogen i ein bubil og leva av røter, neter og ein hare eg snappar meg i ny og ne, så har eg liksom ikkje lov til det, av di det er lovbrot ikkje å seia frå til staten innan tre veker dersom eg byter adresse. Ikkje finst det noka folkeregistrert adresse midt ute i skogen heller. Urettvist!

Dei klamme hendene åt staten

Men det aller vanskelegaste å venja seg til er at ein må betala mest helvta av løna i skatt. Det gjer meg svevnlaus om natta. Eg ligg der og kastar på meg medan eg ser føre meg at dei tjukke, klamme hendene åt staten grev i lommeboka mi. Dei oljesmurde og feittete pølsefingrane åt velferdsstaten grafsar til seg det dei kan få kloa i, og lèt meg sitja att med berre smular, som eg kan nytta til å kjøpa inn vin frå Vinmonopolet for å ha noko å trøysta meg med slik at eg får sova om natta i staden for å liggja vaken og tenkja på kor mykje eg betaler i skattar og avgifter.

Rett nok har eg utruleg mykje ferie og arbeider mest ingenting her i Noreg – i USA arbeidde eg 60 timar i veka og hadde mest aldri ferie, men på den positive sida fekk eg halda på mest alle pengane eg tente.

Eg ligg der og kastar på meg medan eg ser føre meg at dei tjukke, klamme hendene åt staten grev i lommeboka mi.

Greitt med sjukeløn

Kva har du gjort for meg, velferdsstat? Jau då, eg går jo på fortauet til liks med alle andre, men eg er ikkje ein som trampar. Mine lette og dansande fotsteg slit knappast på asfalten. OK då, så har eg fått tolv års lægre utdanning og ti års høgre utdanning etter det att, men det var jo ganske mødesamt å lesa så mykje, så kanskje eg hadde vore lukkelegare utan det maset der same kva? Og greitt, de gipsa meg utan at eg måtte betala for det då eg knekte armen, men det var berre venstrearmen eg knekte, og den armen nyttar eg ikkje så mykje i alle fall.

FØLG DEBATTEN: Twitter

Men OK, eg er i grunnen glad for at dersom grannen min misser jobben, så slepp han å bryta seg inn hjå meg og stela maten min, sidan han får arbeidsløysetrygd og slepp å verta lutfattig. Eg tykkjer òg det er heilt greitt at folk får sjukeløn dersom dei vert sjuke, slik at dei ikkje vert kasta ut frå gard og grunn og må liggja tuberkuløse i gatene og sjenera omgjevnadene. Noko som sikkert hadde gjort verdistiginga på bustaden min mykje lægre, attåt andre grufulle konsekvensar som eg helst vil verta spart for.

Men likevel! Eg hatar å betala skatt.

Ein lur plan

Difor har eg kome opp med ein lur plan for korleis eg skal få halda på meir av pengane mine. Planen er så kløktig at eg sit her og gnid meg i hendene. Nei, planen handlar ikkje om at eg skal grabba til meg fleire offentlege ytingar. Jau då, eg skal kan henda trampa litt ekstra hardt på fortauet som er laga av skattepengar, men det stoggar ikkje der.

Det eg skal, er å gå ned i 50 prosents stilling. Friviljug deltidsarbeid! Åh hå hå! Den såg de ikkje koma, tippar eg.

I Noreg har me jo noko som heiter progressiv skatt. Di meir eg tener, di meir må eg betala i skatt. Systemet er like vondt som det er smart. Med eit slikt system må dei som tener mykje, betala meir. Det er umogeleg å tykkja at det er urettvist.

Det eg skal, er å gå ned i 50 prosents stilling. Friviljug deltidsarbeid!

Mindre byråkrati

På same vis må eg betala mindre skatt dersom eg tener mindre. Dersom eg arbeider i 100 prosents stilling og tener ein halv million, må eg ut med 135.000 kroner i skatt, les eg på kalkulatoren hjå fienden, altså skattefuten. Dersom eg går ned i 50 prosents stilling, slepp eg brått unna med å betala under 50.000 kroner i skatt. Hallo! Eg får brått halda på mest alle pengane! Likevel kjem ingen til å nekta meg å gå like mykje på fortauet som før. Sjukehuset gipsar armen min gratis dersom eg knekkjer han, og eg får i det heile teke alt eg får no.

Dersom eg går ned i 50 prosents stilling, slepp eg brått unna med å betala under 50.000 kroner i skatt.

Diverre er det ikkje berre eg som har tenkt på denne strategien. Friviljug deltidsarbeid er ei såkalla utfordring for berekrafta åt velferdsstaten. Så er det berre å vona at ingen av dei politiske partia gjer framlegg om å føra inn flat skatt.

Det einaste dumme med å føra inn flat skatt, er at det ville føra til mindre byråkrati og færre byråkratar. Og noko skal me jo leva av etter olja.

Kronikkforfattaren er journalist i Dag og Tid.