Hopp til innhold
Kronikk

I seng med fienden

På grunn av det kristne livssynet mitt har det aldri vore aktuelt for meg å stemme på Kristeleg folkeparti. Ikkje før no.

Fylkesstyremøte i Buskerud KrF

Kjære landsmøtedelegat: Eg håpar så veldig du ser at den varme senga som leiaren din peikar på, er den senga du høyrer heime i, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Grunnen til at eg vurderer det heiter Knut Arild Hareide.

Rett nok har Kristeleg folkeparti alltid gjort det bra når eg har tatt diverse testar på nettet i forkant av val. Dette er ikkje så rart: Ifølgje partiprogrammet er saker som nestekjærleik, menneskeverd, sosial rettferd, natur- og miljøvern og restriktiv alkoholpolitikk viktig for dei. – Lett å støtte for min del! Hadde det berre vore så enkelt.

I fleire år no har partiet, meir eller mindre aktivt, støtta ei regjering som har lagt til rette for at forskjellane i landet vårt aukar – og lukkast. Og dei fleste av oss har jo fått med seg kva Framstegspartiet står for når det gjeld alkohol.

Eg tenkte at dette kan vere starten på at KrF vil begynne å meine – og gjere – det dei har sagt i alle år!

Enda verre er det at fleire profilar i Frp aktivt sår tvil om – eller til og med nektar for – det som no er etablert vitskap når gjeld global oppvarming og mennesket si rolle i det, noko som for så vidt gjer partinamnet ganske ironisk. Det er ikkje så lett å redde verda med den haldninga: «Lat oss halde på som før, i tilfelle forskarane tar feil.»

Ein ny vår for partiet

Mange aktive KrF-arar ser ut til å leve i den villfaringa at Høgre er eit verdikonservativt parti. Det var nok det ein gong. Men praktisk politikk viser at partiet har mista siste rest av arven etter Inge Lønning på dette området. Derimot finst det eit anna verdikonservativt parti i norsk politikk. Det partiet heiter Senterpartiet, og det sit heller ikkje i regjering.

Mange aktive KrF-arar ser ut til å leve i den villfaringa at Høgre er eit verdikonservativt parti.

Så då Hareide no i haust var modig og tydeleg og peikte på eit framtidig samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, vart eg glad: Eg tenkte at dette kan vere starten på at KrF vil begynne å meine – og gjere – det dei har sagt i alle år! Kanskje kan vi få ei regjering som i langt større grad viser at dei vil oss alle vel, som vil skape eit varmare samfunn (I medmenneskeleg, ikkje teknisk forstand.) Ei regjering som vil ta spesielt godt vare på dei svakaste av oss – også dei utan norsk pass eller etnisitet. No kan vi for alvor begynne å ta vare på mennesket – heilt frå start til slutt – og den naturen mennesket er ein del av. No kan vi våge å ta dei radikale vala som må til for at vi alle skal få det betre.

Venstre i regjering: ei trist historie

Men var der ikkje eit tredje parti i regjeringa? Venstre, ja. Eg hugsar godt det partiet frå barndomen min. Sjølv om eg var liten, forstod eg godt dei fine tinga dei sa – alt då – om å ta vare på naturen. Og det var den mest naturlege saka i verda at han som var leiar den gongen, Arne Fjørtoft, seinare gjekk «all inn» for dei fattige i verda. Det var tider det. Eg registrerer at partiet framleis eksisterer. Og at dei så vidt kom seg over sperregrensa sist – mellom anna ved hjelp av taktiske Høgre-veljarar. Eg har også fått med meg at dei skryt over miljø-gjennomslaga dei meiner å ha fått til i regjering. Ei trist historie. Eg håpar KrF si historie ikkje blir ei liknande.

Å gå inn for å vere ein bremsekloss for Frp? Blir ikkje det som å gifte seg i eit forsøk på å temme ektemaken sin?

Også enkelte KrF-politikarar har skrytt over gjennomslaga dei har fått gjennom denne regjeringa. Og sjølv om det finst lysglimt, er eg ikkje imponert. I eit intervju på nrk.no 21. september seier leiaren i ungdomspartiet, Martine Tønnessen, at KrF «har fått til veldig mykje bra med regjeringa, og vi har også klart det trass i at Frp sitter i denne regjeringa».

Makt på feil premiss

Vi har også høyrt andre prate om korleis KrF har hatt verka modererande på kva Frp kan få stelt til i regjering. Men er ikkje dette ein noko underleg utgangspunkt for å gå inn i regjering? Å gå inn for å vere ein bremsekloss? Blir ikkje det som å gifte seg i eit forsøk på å temme ektemaken sin? Burde ikkje regjeringssamarbeid, akkurat som ekteskap, handle om kva ein kan få til saman? Å ville noko godt, ikkje hindre noko negativt.

Kjære landsmøtedelegat: Eg håpar så veldig du ser at den varme senga som leiaren din peikar på, er den senga du høyrer heime i.