Hopp til innhold
Kronikk

I år reiser eg ikkje heim til jul

I min familie er juletradisjonen at me alle kjem til det punktet der ein må finna opp si eiga jul og nye tradisjonar. I år var det min tur, skriv forfattar Ingelin Røssland.

Christmas balls

I år skal forfattar Ingelin Røssland skape sine eigne juletradisjonar, for første gong. Ny julepynt, nytt julemåltid, ny dessert.

Foto: Colourbox.com

Då eg var liten var me alltid heime i jula. Det var aldri snakk om å reisa bort, men så budde me jo også på garden der pappa sin familie hadde budd sidan 1592, så meir heim kunne det ikkje bli. I år skal eg ikkje dit for å feira jul, eg skal vera heime.

Absurd

I fjor reiste eg som vanleg heim til Tysnes for å feira jul. Låg i den 75 centimeter breie senga på jenterommet der plakatane med Pet Shop Boys, James Dean og Depeche Mode framleis heng. Der sengesettet er rosa og luktar nyvaska på den måten det luktar nyvaska i barndomsheimen. Kleda luktar ikkje nyvaska på same måte nokon annan stad.

På mange måtar er det kanskje absurd at eg har eit rom ståande der på Tysnes. Ein tidskapsel frå nittitalet.

Ingelin Røssland, forfattar

På mange måtar er det kanskje absurd at eg har eit rom ståande der på Tysnes. Ein tidskapsel frå nittitalet. Ein stad der eg forvirra vaknar og lurer på om eg har gjort leksa, om eg rekk bussen eller om vêret er sånn at eg kan ta mopeden. Og så, nei, det er jo juleferie, takk og pris! Før neste tanke er at heldigvis er eg vaksen også, så det er berre å stå opp og setta på kaffien før dei andre vaknar.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Som før

Jula i fjor var ein trygg repetisjon på tidlegare år. Juletreet blei pynta heilt likt, maten var heilt lik, me sat på dei faste plassane rundt bordet. Dei historiene og minna som er oss blei mimra over og me lo på dei same plassane som før. Og var pinnekjøttet betre enn i fjor? Kvar hadde katten gøymt julenissemusa i år? Berre luva låg igjen på brotsplassen under juletreet.

Men sjølv om framtida ikkje blei diskutert ved middagen så kjente me det nok alle saman, ting var i ferd med å endra seg. Me hadde så mykje meir me trengte å håpa på enn før og det gjaldt dei store tinga; for ei av oss kunne ta av heile hårsveisen viss det blei for varmt, ei kvilte i jorda, ein feira jul på dei sju hav og for meg var det siste året at Tysnes betydde heim.

Juletreet blei pynta heilt likt, maten var heilt lik, me sat på dei faste plassane rundt bordet.

Ingelin Røssland, forfattar

Det høyrest kanskje dramatisk ut, men det ville jo helst gå godt og det gjorde det også.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Når startar og sluttar ein tradisjon?

Det som er den tradisjonelle jula for meg, starta med den jula foreldra mine laga for meg og bror min. Var aldri snakk om at vi skulle dra til nokon av deira foreldre for å feira jul, sjølv om pappa sine foreldre budde i nabohuset og mamma sine foreldre på andre sida av øya. Jula betydde store familieselskap, men sjølve julekvelden var me heime.

Også pappa si tante, som budde i eit hus på garden, feira julekvelden heime hos seg sjølv. Ho feira èin julekveld med oss, noko som ho syntest var så stress at det gadd ho ikkje fleire juler. Eg trur ikkje ho såg på seg sjølv som einsam på julekvelden, men at ho var i godt selskap med seg sjølv. Viss eg kjem til eit punkt der eg blir einsleg igjen, så skal eg feira på same måte med ei god bok, fyr på peisen, noko godt i glaset og sjokolade.

LES KRONIKK: «En innholdsløs adventstid»

Ny kjernefamilie

På mange måtar er juletradisjonen i vår familie at me alle kjem til det punktet der ein må finna opp si eiga jul og nye eigne tradisjonar. Mitt punkt kom i seinaste laget, men i år så blei eg rett og slett gift. Eg har med giftarmålet fått ein ny kjernefamilie med mann, bonusbarn og husdyr og den viktige oppgåva er å få det til å fungera både til kvardags og høgtid.

Eg har med giftarmålet fått ein ny kjernefamilie med mann, bonusbarn og husdyr og den viktige oppgåva er å få det til å fungera både til kvardags og høgtid.

Ingelin Røssland, forfattar

No skal me i fellesskap finna den jula som passar for oss. Risgrynsgraut med mandel, der vinnaren får dela marsipangrisen frå Nidar Bergene i nøyaktig like store delar og dela med dei andre, får bli med inn i våre nye tradisjonar, medan mange andre tradisjonar blir skrinlagt.

Heime

Det å fylla jula med nytt innhald har ein gjort til alle tider. Her nord i verda feira me at sola snudde før jula blei fylt med ein kristen bodskap. Det me i dag kallar

Nokon må reisa til den staden dei kjem i frå for å koma heim, andre oppdagar at dei allereie er heima og er klar for å fylla jula med eigne og nye påfunn som av komande generasjonar vil bli oppfatta som tradisjon.

Ingelin Røssland, forfattar

tradisjonell julemat var også eit nytt og friskt påfunn ein eller annan gong. Folk har flytta på seg og hatt med seg sine tradisjonar og samtidig adoptert andre sine. Nokon må reisa til den staden dei kjem ifrå for å koma heim, andre oppdagar at dei allereie er heime og er klar for å fylla jula med eigne og nye påfunn som av komande generasjonar vil bli oppfatta som tradisjon.

Eg er ikkje lenger barnet som reiser heim til foreldra mine til jul. Men eg er likevel heime.