Hopp til innhold
Kommentar

Hustad og etikken

Jon Hustad tek for seg NRK, liksom han tek for seg norske journalistar, matmoms, den nye regjeringa og ei rad andre norske medium i ein kronikk i Dag og Tid. Andre får svare for seg, men eg vil freiste å kommentere breisida han kjem med om NRK.

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med magasin, sport og vær.

Dagsrevyen 26.9.2013. Saka om høgsterettsdommen mot Rune Øygard startar 6:30 ut i sendinga.

Denne teksten er eit svar på Jon Hustads kommentar «Vi som vil ha eit truverdig NRK» i Dag og Tid.

Hustad byrjar med å slå fast at dekninga av dommen i Øygard-saka var eit etisk overtramp. Der er vi ueinige. I det store og heile har denne saka vorte dekt på eit balansert vis i NRK, og kor ein sjølvsagt må ta omsyn til jenta.

Ei av dei viktigaste rollene til media i eit fritt demokrati er å sette spørjeteikn ved korleis dei som har makt nyttar ho. Pressa skal som ein del av dette også gje moglegheit til dei som meiner seg uskuldig dømde til å kunne seie det. I denne saka gjorde Rune Øygard det etter at rettskraftig dom var eit faktum.

Om han fekk einsidig føre saka si som ein del av rettsprosessen ville Hustad hatt eit poeng. Eg meiner vurdering hans av korleis heile denne saka har blitt dekt i NRK er urettvis.

NRK har nok fleire vener enn Hustad liker å tru. 88 prosent av folk i Noreg nyttar eit eller fleire tilbod frå NRK kvar einaste dag.

Thor Gjermund Eriksen, kringkastingssjef

Vi har dekt saka heilt frå ho vart offentleg kjend og både Øygard og jenta har kome til orde, jenta gjennom advokaten sin. Begge sidene har fått kritiske spørsmål undervegs.

At Hustad vel å felle sin rettskraftige dom over etikken i NRK på grunnlag av korleis vi har dekt eit fåtal overgrepssaker vert i beste fall ein lettvint konklusjon.

NRK og venene våre

NRK har nok fleire vener enn Hustad liker å tru. 88 prosent av folk i Noreg nyttar eit eller fleire tilbod frå NRK kvar einaste dag. Om ein ser på oppslutninga til Frp i val så må og nokre av deira veljarar liste seg innom NRK. Med eller utan solbriller og lausbart.

Eg har sete kort nok med ansvaret til å kunne skryte uhemma av ålmennkringkastaren. NRK er truleg den flinkaste eleven i denne klassen i heile Europa. Mykje for at vi har hatt gode konkurrentar som har gjort at NRK har vorte betre. Men og for at NRK har hatt særs kompetente og gode folk som har jobba med å utvikle og betre tilbodet til publikum.

Det læt nesten på Hustad som om dei fleste medarbeidarane i NRK virrar rundt på Marienlyst og andre stader i NRK som hovudlause høns. Dei som virrar mest er leiarane. Utan korkje retning eller kompetanse.

Vel ein å halde seg med ein offentleg finansiert ålmennkringkastar må ein også syte for legitimitet hos dei som betaler – folket.

Thor Gjermund Eriksen, kringkastingssjef

Trass i elendet vel altså nesten 9 av 10 nordmenn å sjå, høyre eller lese dei daglege makkverka. Mi tru på publikum er nok sterkare enn Hustads.

Eit ålment gode

Hustad, og andre har kome med han dei siste dagane, meiner at NRK skal avgrensast til å drive med det som ingen andre ser noka interesse i. Til dømes vil ikkje Hustad ha dans i NRK, sjølv om dans på langfredag og juledagen no har vorten lovleg aktivitet.

Heile ideen om ein ålmennkringkastar er politisk. Vel ein, i selskap med land som Sverige, Finland, Danmark, Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Austerrike, Sveits, Italia, Belgia og ei heil rad andre, å halde seg med ein offentleg finansiert ålmennkringkastar må ein også syte for legitimitet hos dei som betaler – folket.

69 prosent av folk i Noreg svarer at dei tykkjer NRK-lisensen gjev god valuta for pengane. Eit tilsvarande tal i Sverige som har sterke tradisjonar for ein liknande modell som oss, er 52. Eit stort fleirtal av nordmenn vel NRK og dei tykkjer om programma vi lagar.

Det gir legitimitet, og i Noreg har vi og ein svært høg del av befolkninga som faktisk betaler lisensen. Om NRK berre skulle eigne seg til det smale og sære ville desse tala raskt endre seg, og med det heile ideen om ein ålmennkringkastar i Noreg.

Kva for etikk?

Det som gjer meg verkeleg opprørt i Hustads kronikk er ideen hans om at NRK skal vere statens forlengde informasjonsarm slik at sjåarar, lyttarar og nettbrukarar skal bli fortalde kva som er best for dei.

Hustads eksempel om korleis vi skal fortelje at høgare matmoms er bra, er eit skrekkeksempel på manglande etikk. Eg kan og slå fast at det vert korkje politiske meiningsmålingar eller tilsetjing etter partibok i mi tid som sjef for NRK.

Eg kan og slå fast at det vert korkje politiske meiningsmålingar eller tilsetjing etter partibok i mi tid som sjef for NRK.

Thor Gjermund Eriksen, kringkastingssjef

Som eg byrja med, er oppgåva med å vakte dei som har makt den viktigaste av alle for journalistar og redaktørar. Det gjeld og for dei som jobbar i NRK. Ikkje nokon aktør er i nærleiken av det enorme tilbodet NRK har på ei rekkje ulike plattformer.

Vi gjer det andre gjer, men vi gjer og mykje som er unikt. Vi har nyleg satsa store ressursar på valdekninga. Satsingar retta mot eit ungt publikum, og samanlikningar med andre land om viktige tema i valkampen er noko av det eg er mest nøgd med – og som vi har fått mykje skryt for frå alle politiske hald.

Aleine – og til saman

Aldri har folk i Noreg hatt meir å velje i av godt kvalitetsinnhald. Dei kommersielle kanalane på radio og TV satsar tungt på underhandling og seriar av høg kvalitet. Informasjon, journalistikk og innhald er tilgjengeleg når og kor du vil på nettet.

Konkurransen om merksemda og lommeboka til Ola Nordmann er ikkje lenger ein nasjonal meisterskap. Tunge, globale aktørar satsar hissig i Noreg. Vi har god råd og er i verdsklasse i å nytte ny teknologi.

Ingen av dei kommersielle aktørane snakkar om barneinnhald på norsk, nytt norsk drama, nynorsk eller samisk innhald. Eg er overtydd om at rolla til NRK aldri har vore viktigare enn no i dette biletet.

Thor Gjermund Eriksen, kringkastingssjef

Eg kjenner mange av aktørane ifrå mi tid i den kommersielle verda, og møtte mange av dei då NRKs styre og leiing vitja USA i vår. Dei har ein ting til felles; ingen av dei snakkar om barneinnhald på norsk, nytt norsk drama, nynorsk eller samisk innhald. Eg er overtydd om at rolla til NRK aldri har vore viktigare enn no i dette biletet.

Den nye regjeringa har varsla ei gjennomgang av NRKs verksemd og korleis ho skal finansierast. I ei medieverd som utviklar seg i eit rasande tempo ynskjer eg ei slik utgreiing velkommen. NRK kan berre lykkast om publikum opplever oss som viktige, og det er brei politisk semje om verksemda og rolla vår.