NRK Meny
Normal

Historias dom blir hard

Kvar gong eg forlet dei innsette på Trandum interneringsleir, kjenner eg at eg er redd at framtida kjem til å dømme oss hardt for korleis vi behandla desse menneska.

Porten på interneringsleiren på Trandum

Porten inn til interneringsleiren på Trandum. Det er tilnærma eit fengsel, men ingen blir rehabilitert, og eg kan ikkje forstå at vi skal behandle menneske på denne måten i vårt samfunn, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Eg har gått eit halvt liv utan å melde meg som frivillig i samfunnet vårt. No er eg 51 år. Då eg såg bildet av den vesle guten som låg med hovudet ned på ei strand i Tyrkia i august 2015, så kunne eg ikkje lenger sjå meg sjølv som ein sur fyr i eigen sofakrok. Då måtte eg gjere noko. Det var min gut også som låg der.

SJÅ OGSÅ HELENE SJEKKAR INN PÅ TRANDUM PÅ NRK

Å vere eit medmenneske

Ein gong kvar månad dreg eg til Trandum som frivillig for Røde Kors. Mandatet frå Røde Kors er enkelt: eg skal hindre og lindre smerte, avhjelpe isolasjon. Og når eg går gjennom dei to portane og møter fortvilte og deprimerte menneske som er internerte på Trandum, svirrar dei same tankane rundt i hovudet mitt: Korleis kan eg i løpet av nokre fåe timar gi energi og omsorg og kjærleik til desse menneska, som har kome inn i blindgater i liva sine?

Inntrykka romsterer rundt i hovudet mitt i fleire dagar etterpå.

Eg kan ikkje hjelpe dei med asyl-sakene eller opphald i Norge. Dei fleste har ein kjensle av å vere objekt i eit goldt, upersonleg system. Korleis skal ein då få dei til å tru på livet og tida som kjem? Eg er jo ikkje profesjonell. Så det enkle svaret blir å vere medmenneske, ein vanleg fyr, eit bindeledd til verda der ute.

Vi har det systemet vi har for utlendingar i Norge, eg tek ikkje stilling til dette. Eg kan berre tilby eit vindauge inn til noko som dei fleste av oss ikkje ser.

Det kunne vore meg

Med møter og individuelle samtalar så gjer vi frivillige ein forskjell på Trandum. Inntrykka romsterer rundt i hovudet mitt i fleire dagar etterpå. Det første møtet med ein innsett på Trandum: ein kjekk ung gut på rundt 30, som hadde blitt manipulert av ei radikal gruppe i landsbyen til å skulle ende opp som dei. Han såg meg inn i augo, smilte og tøysa. Eg tenkte: «Hjelpe og trøyste, dette kunne ha vore meg!».

Hadde det vore meg som sat der i månadsvis så hadde eg blitt sjuk.

Historia hans kan samanfattast slik: Fattig gut får ein sjanse til å bli helten i sitt lokalmiljø, blir tildelt pengar og statussymbol for å bli med i ei ekstremistgruppe, som soldat, mot martyrdøden. Oppdagar kva som er i ferd med å skje, prøvar å rømme, blir fanga av den lokale «menigheita», dopa for å ufrivillig «donere» ei nyre på den internasjonale marknaden. Han rømmer og flyktar gjennom mange land. Tyrkia, Bulgaria, nordover i Europa. Får kjøpt syrisk pass i Istanbul for 500 euro. Og så vidare, til Nederland, hamna i Norge, på Trandum. Men heimlandet vil ikkje vedkjenne seg dette individet, og nøler med å utskrive reisedokument.

Dermed blir han ein av dei langtidsinnsette. Sendt ut av landet med fly, nekta innreise på flyplassen, måtte kome seg tilbake. Og no her igjen: på Trandum. Det gjekk mange dagar før eg fekk dette møtet ut av kroppen. Vi møttest der og fekk kontakt, eg og han, heilt vanlege fyrar.

Ingen av oss er kriminell. Eg kunne gå derifrå.

Tom tid

I norske fengsel har vi rehabiliteringsperspektivet. Dei innsette skal ha tilbod om aktivitet. Trandum er tilnærma eit fengsel, men der rehabiliteringsperspektivet er heilt fråverande. Forestill deg at du sit og ventar på eit fellesrom i lag med 19 andre i same situasjon, dei fleste i kvar si livskrise, dag ut og dag inn. Summariske re-fenglingsmøter med ein dommar, på Skype. Dei innsette får oppleve friluft ein halv time om morgonen, ei lita stund om kvelden, og ein time midt på dagen på eit inngjerda asfaltert område. Og aktivitet på ein sliten gymsal nokre gonger i veka.

Trandum er tilnærma eit fengsel, men der rehabiliteringsperspektivet er heilt fråverande.

I helgane er det heilt stille. Dei innsette omtalar kvar dag som «tom tid». Det blir ikkje store stemninga av slikt, gitt. Eg ser at det krev enorm styrke å halde ut. Eg trur mange vil slite med lange etterverknader når dei etter månader og år endeleg blir sende tilbake. Hadde det vore meg som sat der i månadsvis, på dette venterommet, så hadde eg blitt sjuk.

Framtida vil døme oss

Eg har berre godt å seie om alle som arbeider på Trandum. Faktisk er eg imponert over arbeidet dei gjer. Vi som Røde Kors-frivillege samarbeider godt med dei tilsette, og vi er alle opptekne av å gjere kvardagen best mogleg for dei som tilbringer kvar einaste dag i usikkerheit, låst inne ved enden av den eine rullebana på Gardermoen.

Eg kan ikkje forstå at me som samfunn skal behandle menneske på denne måten.

Å steike vaflar og gjere litt for å betre kvardagen deira er ikkje nok. For eg ser kor mykje dei lir, og eg kan ikkje forstå at me som samfunn skal behandle menneske på denne måten. Eg trur det hadde vore ein start om styresmaktene kunne skilje mellom dei kriminelle, som har brote straffelova – og migrantane, som blir fengsla med heimel i utlendingslova.

Slik det er no er det ikkje greitt, og det er mogleg å gjere noko med det.

Om vi ikkje gjer noko med dette no, så trur eg at framtida vil døme oss for korleis vi behandla desse menneska i 2017.

Følg NRK Debatt på Facebook og Twitter