NRK Meny
Kronikk

Hiphopens fløyelsrevolusjon

Han har vorte kalla den mjukaste mannen i hiphop, og rappens Taylor Swift. Det har ikkje hindra Drake i å bli den største i sjangeren.

Drake- iHeartRadio Music Festival 2013 - Day 2

Drake etablert seg som det største namnet i den kommersielle rapverda akkurat no. For ikkje å snakka om ein av dei mest snakka om og omdiskuterte, skriv Maria Hovei.

Foto: Powers Imagery / Ap

Albumet «Nothing Was The Same» av den kanadiske rapparen Drake gjekk rett til topps på den amerikanske Billboard-lista. På same måte som i filmindustrien er ein i musikkbransjen opptekne av kor godt eit produkt gjer det med det same det vert lansert, og i Drake sitt tilfelle kunne ein roleg slå fast at ingen andre album har seld betre den fyrste veka i sal til no i år.

Suksessen var venta: Artistens førre album «Take Care» gjekk rett til topps då det vart slept i 2011, og entusiasmen kring Drake og hans person kan knappast seiast å ha kjølna i mellomtida. Tvert imot: med «Nothing Was The Same» har Drake etablert seg som det største namnet i den kommersielle rapverda akkurat no. For ikkje å snakka om ein av dei mest snakka om og omdiskuterte.

LES LYDVERKETS MELDING: Prinsen på erten

Ein mjuk rappar

Kjernen i saken – som får både musikkjournalistar, internettsynsarar og andre rapparar til å kasta seg over kanadiaren som ein spesielt innbydande buffet – er ei som har vorte gjentekne så mange gongar at ho for lengst har byrja ferda mot ein klisjé: Drake er ein mjuk rappar.

Drake etablert seg som det største namnet i den kommersielle rapverda akkurat no.

Maria Horvei, musikkskribent

Det musikalske universet han har bygd rundt seg er fylt av angst og ambivalens, såra kjensler og brostne hjarter. Ja visst let han eigen berømming, rikdom og kvinnehistorier prega tekstane sine – men han har altså djupe, eksistensielle kjensler knytt til desse ytre teikna på suksess. Som han seier på «Nothing Was The Same»-sporet «Own It»: «Next time we fuck I don’t wanna fuck / I wanna make love / next time we talk I don’t wanna talk / I wanna trust.»

Opp gjennom åra har linjer som dette – ikkje uventa – ført til at Drake har fått smaka på sin del av nedsetjande kommentarar. Den parodiske Twitter-kontoen @DrizzyDatType sender ut meldingar av typen «Drake the type of nigga to buy a prostitute and cry to her about his trust issues», medan eit søk på «Drake + soft» på Google får fram godt over 36 millionar treff. Blant toppresultata finne ein her overskrifter som «Defiant Drake doesn’t care if critics call him soft», «Why Dudes Hate Drake» og «Is Drake ’Too Soft’ For Contemporary Hip Hop?». Svaret på det siste spørsmålet, formulert i 2011 av nettstaden That Grape Juice, er no klart: Nei.

Utvidar hiphopsjangeren

Med lanseringa av «Nothing Was The Same» er det dei som framleis insisterer på at Drake ikkje lever opp til eit «skikkeleg» hiphop-ideal, som står fram som håplaust i utakt med tida. Ikkje berre fordi albumet inneheld meir spor og linjer der Drake står fram som hardare i kantane og meir klar til å yppa til kamp enn på mykje av det tidlegare arbeidet hans, men òg fordi Drakes suksess har, om ikkje akkurat omdefinert, så i alle fall utvida grensene for kva sjangeren kan innehalda.

Det musikalske universet han har bygd rundt seg er fylt av angst og ambivalens, såra kjensler og brostne hjarter.

Maria Horvei, musikkskribent

Den gatesmarte arketypen som hevdar livets rett gjennom forteljingar frå eit hardt liv og slår seg sjølv på brystet over eigen suksess – personifisert gjennom rapparar som Ice T, The Notorious B. I. Gog Jay Z – har ikkje lenger hegemoni: Klagesong over trulause kjærleikspartnarar og uvisse kring eigen person, som tidlegare ein heller venta å finna i sår indierock, har funne sin plass i hiphop.

Dette er ei utvikling som òg resonnerer, om enn i eit heller uklårt årsaksforhold, til den norske delen av sjangeren. Her er Lars Vaular det fremste døme på ei elegant balansering mellom det kjenslevare og ettertenksame, og det råskårne og morosame.

Egosentrisk maskulin tradisjon

Så skal det seiast at sjølv om Drakes bidrag til ei hevding av rapparens rett til å uttrykka kjensler kan sjåast som ei feminisering av hiphop, er det ingenting som tyder på at han kjem til å bli tildelt eit æresmedlemskap i Kvinnegruppa Ottar med det fyrste.

Klagesong over trulause kjærleikspartnarar og uvisse kring eigen person, som tidlegare ein heller venta å finna i sår indierock, har funne sin plass i hiphop.

Maria Horvei, musikkskribent

Drake står framleis trygt planta i ein egosentrisk maskulin forteljartradisjon, der ein finn omtrent like lite forståing for feminine perspektiv som i tradisjonell country – dei (mange) kvinnene som figurar på «Nothing Stays The Same» har ikkje stort annan funksjon enn å reflektera Drakes eigen sjølvforståing.

Det er heller ikkje Drake som strengt tatt fortener den fulle æra for vendinga vekk frå eit gangsterideal à la Jay Z i amerikansk kommersrap – den er det meir naturleg å tilskriva den eldre kollegaen Kanye West. Men i 2013, når det for lengst er gått sport i å latterleggjera Kanye Wests intense forsøk på å seia noko genuint, står likevel Drake fram som den som vidarefører tradisjonen med breiast appell. Han har klatra til toppen av haugen, og sjølv om det som kjent bles hardt der oppe, er det ein takksam posisjon å forsvara seg frå.