I berre eitt spørsmål er det stor semje i republikkane i det borgarkrigsherja Eks-Jugoslavia; dei vil inn i EU. Og det vil dei strekkje seg langt for oppnå.
I debatten som går om fredspriskunngjeringa i år, må også rolla EU spelar for ei stabil utvikling på Balkan med. For den er det vanskeleg å oversjå.
Eksplosiv nasjonalisme
Nasjonalismen på Balkan har sett verda i brann før. Skotet i Sarajevo – der den austerriksk-ungarske prins Franz Ferdinand blei drepen av ein serbisk nasjonalist – var starten på den første verdskrigen. Eit blodbad i Europa følgde.
Under den andre verdskrigen skjedde det på ny grusomheiter mellom folkegruppene på Balkan – ikkje minst i regi av det kroatiske fascistiske Ustasja-regimet. At krigshelten Tito, kommunistisk eineherskar, klarte å halde folkegruppene i Jugoslavia saman i mange tiår i etterkrigstida, er unntaket i ei århundrelang historie om motsetningar, krig, okkupasjon og stormaktsinteresser. Så skulle det heller ikkje ta meir enn nokre få år etter Titos død i 1980, før Balkan igjen stod i brann.
FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter
Karadzic og Mladic
Nok ein gong blei verda vitne til ein brutalitet og bestialitet som knapt var til å fatte, og det midt i Europa. Og mest blod på hendene hadde etter kvart dei bosniske serbarane med president Radovan Karadzic og øverstkommanderande general Ratko Mladic i spissen. Det var Mladic, som med velsigning frå Karadzic, gjekk inn i den bosniske byen Srebrenica i juli 1995 og slakta ned den mannlege muslimske befolkninga.
Og det var Mladic og Karadzic som gjennom brorparten av krigen heldt den bosniske hovudstaden under beleiring og i årevis pøste granatar ned i Sarajevo frå åssidene rundt. No sit dei begge i Haag tiltalte for folkemord og andre krigsbrotsverk.
Jakta på krigsforbrytarane
I åra som NRKs utsende med ansvar mellom anna for Balkan (2005 til 2008), laga eg eit utal saker om jakta på krigsforbrytarar. Frå alle folkegrupper. Men Karadzic og Mladic var dei største fiskane. Det var nær ubegripeleg at dei to klarte å halde seg i skjul så lenge. Mange var overtydde om at dei blei beskytta av element i det serbiske tryggingsapparatet.
Det var i så fall ikkje berre serbarane som verna om sine eigne. Den kroatiske general Ante Gotovina var folkehelt i heimlandet etter at han i 1995 jaga heile den serbiske minoriteten (som hadde budd der i århundrer) ut av Kroatia. Dei fleste er framleis flyktningar i Bosnia og Serbia.
FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook
EUs krav
Til dei mange republikkane i Eks-Jugoslavia med ambisjonar om medlemskap, har EU heile vegen stilt eitt ufråvikeleg krav: Fullt samarbeid med den internasjonale krigsforbrytardomstolen i Haag.
Det betydde i praksis at ingen konkrete skritt blei tatt i retning medlemskap før krigsforbrytarane var arresterte og utleverte. Og sakte, men sikkert, dukka det opp ettersøkte i Haag, frå ulike folkegrupper. I 2005 blei Ante Gotovina arrestert i Spania med to falske kroatiske pass. Same år som Kroatias medlemskapsforhandlingar med EU kom i gang.
Og i juli 2008 blei ein skjeggete og ugjenkjenneleg Radovan Karadzic arrestert i ein buss i Serbias hovudstad Beograd. Han hadde levd i Serbias hovedstad i årevis. Tre år seinare blei Ratko Mladic arrestert i ein landsby nord i Serbia. Etter det erklærte EU at vilkåra var oppfylt.
Kosovo har også ambisjonar
I dag er Kroatia ferdigforhandla med EU. Kroatane sa ja til EU i ei folkerøysting i vinter, og i juli 2013 trer landet inn som fullt medlem av EU.
På nyåret i år – berre månader etter at Mladic var arrestert – blei Serbia gitt kandidatstatus av EU. Serbia er dermed formelt på veg mot medlemskap. I seg sjølv ei interessant utvikling berre få år etter at mange EU-land deltok i NATO-bombinga av Serbia i 1999 (på grunn av Kosovo-konflikten). Endeleg har EU pressa fram ein dialog mellom Serbia og Kosovo, den tidlegare serbiske provinsen som erklærte seg uavhengig i 2008. Europas yngste stat, Kosovo, har nemleg også ein ambisjon om framtidig EU-medlemskap.
Pisk og gulrot
Hadde Balkan fått segle sin eigen sjø, kunne det når som helst brote ut krig igjen mellom fiendtlege folkegrupper. Mest eksplosiv i dag er situasjonen i Kosovo – der det albanske fleirtalet står mot det serbiske mindretalet – og i Bosnia Herzegovina, der tre folkegrupper deler territoriet.
Men det internasjonale samfunnet har engasjert seg både militært og sivilt. Ikkje minst har EU vore tungt på banen med pengar til utvikling og harde krav. Og viktigast; EU har gulrota alle stats- og regjeringssjefar i det tidlegare Jugoslavia ønskjer seg – medlemskap.
En debatt om denne teksten foregår i kommentarfeltet til replikken «Feil fremstilling av EU og Balkan».