Hopp til innhold

Godt nytt hår!

Det tok lang tid før eg blei komfortabel med mitt eige kroppshår. Ikkje rart at ungdomane har trøbbel.

Laura Jackson

Laura Jackson starta aksjonen #januhairy på Instagram. Eg vil at kvinner skal føle seg meir komfortable i sine eigne kroppar, seier den 21-årige studenten.

Foto: Laura Jackson

I ein episode av 113 kan ein sjå ein kvinneleg lege bli henta av ambulansen etter å ha vore uheldig på glattisen. I det ambulanseteamet dreg opp buksa hennar for å sikre eit beinbrot unnskyldar ho seg; «Jeg skulle ha barbert leggene mine.»

Korleis har det seg at ein til og med i ein slik situasjon føler eit behov for å unnskylde at ein ikkje har barbert leggane sine?

#Januhairy

På minmote.no kan ein lese om 21 år gamle Laura Jackson som starta #januhairy, ein kampanje som skal fremme positivt kroppssyn rundt naturleg hårvekst. «Trenger dere mer bevis på at feminisme er kreft enn dette?» kan ein lese i kommentarfeltet under. Ein annan skriv «grotesk», medan den øvste som kommenterer har sett seg nøgd med tre korte bokstavar; «ÆSJ».

Folk skriv i ramme alvor at ubarberte kvinner er det eklaste dei har sett dette året (no var det berre sju dagar ut i 2019, men likevel). Eg vert stadig overraska over kor skremmande kvinneleg kroppshår kan verke på enkelte.

Kven er eg for den yngre garde?

Det er over tre år sidan eg starta i jobben min på ein Aktivitetsskole i Oslo, og ikkje lenge etter skulle eg vere med i bassenget. Det første som slo meg var at eg kom til å vere ein av få nakne kvinner desse barna skulle bli eksponert for i ein naturleg setting. Nakenheit er noko elevane ser på nettet, i magasin, tv, Youtube, reklame, retusjerte bilete, glattbarberte utan eit hår på kroppen frå hovudet og ned.

Eg snakka mykje med jentene i 3. og 4. trinn før vi skulle starte med utfluktene til bassenget. Dette var noko dei såg fram til, det å kome seg i bassenget, bli trygge i vatn og leike i eit miljø dei sjeldan er i.

Det handlar om å vere komfortabel med det naturlege.

Alle skule lære seg å svømme, aller helst første dagen. Men det var ein elefant i rommet som la ein dempar på gleda over det som skulle skje. «Må vi være nakne i garderoben?» spurde dei. For nokre var det som om lufta fôr ut av ballongen då eg kunne bekrefte det. Ja, det må vi. Alle som skal i badebasseng må vaske seg nakne før ein går i bassenget. Eg forklarte at det hadde med hygiene å gjere, det forstod dei. Men å forstå korleis dei skulle kome over frykta over å vere naken framfor andre var vanskelegare å svelgje.

Glattbarberte hovud, silkemjuke leggar

Det vart klårt for meg at den eg ville vere i garderoben skulle vere den mest sjølvtillitsfulle versjonen av meg sjølv. Eg skulle vise elevane at sjølv om kroppen min ikkje er slik som ein ser på reklame, så er eg stolt av den – den er frisk, eg kan redde liv i vatn og den fungerer akkurat slik som den skal! Det veks hår under armane, det veks hår på leggane, og ein har hår på tissen. Det er naturleg, det er slik ein uretusjert kvinnekropp kan sjå ut.

Samtidig som eg vart meir bevisst på korleis mi rolle skulle vere i garderoben vart eg og nysgjerrig på kvifor trenden med barbering oppstod. Dette kom elevane til å spørje om også, og eg ville vore svar skuldig.

Ein skal kunne eige eigen kropp.

Det einaste eg visste var at barberingstradisjonar har vart i tusenvis av år, og i steinalderen glattbarberte ein hovudet for at kampmotstandarden ikkje skulle ha noko å ta tak i. For kvinner kom leggbarberinga for fullt på starten av 1900-talet, men eg visste ikkje korleis eller kvifor.

God marknadsføring

Kroppshåret er nyttig, det har fleire oppgåver. Håret på hovudet beskyttar mot sola. Augebryn beskyttar auga mot sveitte og regn. Håret beskyttar ved å isolere mot varme og kulde. Håret i skrittet beskyttar mot friksjon og fukt.

Kvinnelig barbering

Vellykka markedsføring: Gillette lanserte barberhøvler for kvinner i mellomkrigstida.

Kvifor skal ein då fjerne noko som har nytte for kroppen? Svaret vart for meg provoserande – og likevel så sjølvsagt som ein kan tenkje seg: Nokon tener pengar på det.

I 1844 kom Gillette med den første moderne barberhøvelen. Motebiletet endra seg og kjoleermet vart kortare.

King Camp Gillette innsåg at han kunne doble omsetninga ved å gjere barbering til eit must også for kvinner, han slo til med ei stor-reklame i Harpers Bazaar i 1915. Det kom med den nye reglar for kva som definerte feminitet, og det å vere barbert under armane skulle assosierast med det å vere ei anstendig kvinne i eit sosialisert samfunn.

If you can´t make it, fake it

Ikkje pokker om eg skulle bidra til ei slik haldning til dei eg skulle vere forbilde for. Dette handlar ikkje om feminisme. Det handlar om å vere komfortabel med det naturlege, og at ein skal kunne eige eigen kropp!

For kvar gong eg skulle i bassenget med elevane kutta eg ut barbering i god nok tid til at håret grodde «tilbake til start». Sjølv om eg skulle stå fram som tilfreds og naturleg var det ikkje slik det kjendest. Eg barberte leggar og armholer til festlege lag og late sommardagar på stranda. Underbevisstheita mi hadde jo blitt pepra om at barberte leggar og armholer måtte til for å kjenne seg komfortabel.

Heldigvis er det slik at ein sakte men sikkert kan venne seg til sin eigen kropp, dersom fokuset er riktig. Det tok eit og eit halvt år med spel for galleriet før eg vart komfortabel med mitt eige kroppshår. I ein alder av over 30, i ein heilt naturleg kvinnekropp, kunne eg endeleg stå for den sjølvsikkerheita eg gav inntrykk for å ha i garderoben. Utan å kjenne på smaken av skam ved ein ubarbert legg.

Rollemodellar

Med ansvar for om lag 200 barn som tidlegare og tidlegare opplever kroppspress, er det spesielt viktig at eg, same kva samanheng, går fram som eit godt førebilete.

Elevane spurde meg kvifor eg hadde hår på tissen, dei lurte på kvifor den eine puppen min var litt større enn den andre. Dei såg på meg og lurte på om eg hadde fått mensen, for det hadde dei høyrt, at noko som heitte mensen var ein jenteting. Det var lavterskel for å undre seg hos oss.

Eg vert stadig overraska over kor skremmande kvinneleg kroppshår kan verke.

Dei vart overraska då eg fortalde at alle menneske, både gutar og menn har hår på tissen, at det er der for å beskytte. Dei vart fascinert over at kroppen kunne forandre seg, sjølv om ein var voksen – og at dette ikkje berre var øyremerkt puberteten. Dei lo då eg sa at sjølv om eg er ferdig med puberteten, så lever puppane mine sitt eige liv. Av og til er dei like i storleik, nokre gonger er den eine større enn den andre. Eg svarte stort sett på alt dei lurte på.

Dess fleire gonger vi gjekk i bassenget, dess lettare vart det for dei å kle av seg i garderoben, hoppe i dusjen og vere klar ved bassengkanten, svømminga var lystbetont. Elefanten hadde gått ut av rommet.

Eg ønskjer eit klima der mine elevar ikkje må kjenne på følelsen av skam dersom ambulansepersonalet må dra opp buksa på eit par ubarberte leggar.

Om det er éin ting eg har lært av å jobbe med barn er at ein kan ikkje dra i gong eit mantra om at ein skal vere nøgd med eigen kropp når vi sjølve gjer så mykje for å endre på den. Monkey see, monkey do.