NRK Meny
Kronikk

Gode lærarar lar seg vurdere

Vi skjønar reaksjonane på lærarvurderingsnettstaden Min lærer, vi hadde dei sjølve. Men tida for den privatpraktiserande læraren er ugjenkalleleg forbi, skriv tre lærarar frå bloggkollektivet Lærerråd.

historiskebilder

Lærarar må anerkjenne det behovet opprettinga av nettsteder som Min lærer er eit uttrykk for. I stedet ser vi ein lærarstand i kollektiv forsvarsposisjon, skriv tre lærarar frå bloggkollektivet Lærerråd. Illustrasjonsbilete, fotoreportasje frå Norges minste skule, Ulvik (1961).

Foto: Aaserud, Ivar / NTB scanpix

Vi òg, som dei fleste andre lærarar, må vel innrømme at vi i starten reagerte på lærarvurderingsnettstaden Min lærer med ei smule forarging. Temperaturen var høg på mange lærarrom: Skal vi verkeleg måtte akseptere å bli hengt ut, i full offentlegheit, av anonyme elevar som kjenner seg urettferdig behandla på grunn av ein vel fortent dårleg karakter, utan å få ta til motmæle? Vert ikkje lærarar rakka ned på ofte nok som det er?

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Lærarstand i forsvarsposisjon

Dei spontane reaksjonane på lærarrommet var forståelege – men på utsida klarte vi heller ikkje å sanse oss: Ei gruppe med namnet «Stopp Min lærer» dukka opp på Facebook, der stiftaren ville gjere «alt [han] kan for å få stoppet dette», og det sirkulerte eit skriv på mail blant lærarar i Noreg, med kontaktinformasjonen til initiativtakarane bak nettstaden, der ein vart oppmoda om å gi tilbake med same mynt.

Vi kan forstå reaksjonane. Vi hadde dei jo sjølve. Vi er einige i at denne nettstaden ikkje er vegen å gå.

Ida Sandholtbråten, Eivind Solfjell og Ane Krogsæter Aarre, lærarar

Utdanningsforbundet har gått hardt ut mot Min lærer i media. Fleire med dei har òg tatt til orde for ei juridisk vurdering av nettstaden, med, må vi tru, det føremålet å sette ein stoppar for den.

Vi kan forstå reaksjonane. Vi hadde dei jo sjølve. Vi er einige i at denne nettstaden ikkje er vegen å gå. Men vi meiner at måten dette har blitt møtt på i det offentlege rom, av lærarar og deira tillitsvalde, har vært lite konstruktiv. Inntrykket vi sit att med, er av ein lærarstand i kollektiv forsvarsposisjon.

Anerkjenne behovet for vurdering

I staden for å rope på juristane må vi som profesjon sjå og anerkjenne det behovet opprettinga av Min lærer er eit uttrykk for. Undervisinga vår er eine og aleine til for elevane våre. Det er meir enn rimeleg at elevane forlangar å få meine noko om den.

Lærarvurdering er ein føresetnad for å utvikle norsk skule. Vurdering bidrar til naudsynte tilbakemeldingar for lærarar med endringskompetanse. Gode lærarar innhentar kontinuerleg tilbakemeldingar på eigen praksis frå mange kjelder: kollegaer, leiing, og føresette; elevane si vurdering er berre éi av desse. Ein god lærar nyttar seg aktivt av slike tilbakemeldingar for å betre eigen praksis. I tillegg er vi faktisk skulerte for å kunne vurdere ting. Òg oss sjølve.

Kva vurderer «Min lærer»?

Inntrykket vi sit att med, er av ein lærarstand i kollektiv forsvarsposisjon.

Ida Sandholtbråten, Eivind Solfjell og Ane Krogsæter Aarre, lærarar

Men: Vi ønsker oss ikkje ein nettstad som Min lærer. Årsaka er enkel: Den vurderer på ingen måte det den meiner å vurdere. Grunnlaget for vurdering av lærarar må ha den same kvaliteten som vi sjølve nyttar i vurderinga av elevane våre. Det føreset at grunnlaget er breitt og fullstendig, er systematisk innhenta over tid, og tek utgangspunkt i konkrete og på førehand fastsette kriterier.

Når vi vurderer elevane, er kriteria kompetansemåla i læreplanane. Når vi vurderer lærarar, må kriteria avleiast av alt som til saman utgjer ein profesjonell lærar: fagleg og fagdidaktisk kompetanse, evne til å leie klasser og bygge relasjonar, endrings- og utviklingskompetanse – og ein heil del meir. Profesjonelle lærarar gjer ikkje subjektive vurderingar baserte på enkelthendingar. Vi veit at verda, og elevar, er meir samansette enn som så.

Sett i gapestokken

Lærarane må eige eiga vurdering. Ein del av vårt profesjonelle ansvar må vere å legge premissane for kontinuerleg vurdering av vårt eige arbeid. Heller enn å sutre og rope på sensur må vi vere på bana, og legge til rette for dei vurderingsformene vi meiner er mest føremålstenlege – for elevane våre, og for oss sjølve.

Vi har forståing for at mange kan reagere på å bli sett i den gapestokken ei negativ melding på Min lærer kan opplevast som. Samtidig må vi kanskje anerkjenne at verda har utvikla seg: Tida for den privatpraktiserande læraren er ugjenkalleleg forbi; skulen, som alt anna, må finne seg i å bli vurdert på det den er meint for; og moderne teknologi gjer at vurderingar i det offentlege rom er ein realitet.

Undervisinga vår er eine og aleine til for elevane våre. Det er meir enn rimeleg at elevane forlangar å få meine noko om den.

Ida Sandholtbråten, Eivind Solfjell og Ane Krogsæter Aarre, lærarar

Moderne teknologi har òg ei evne til å få ting til å vekse raskt, og ut av proporsjonar. Vi veit alle at dette kan ramme hardt. Men likevel, og kanskje nettopp difor: Vi ventar av våre elevar at dei skal skilje klint og kveite når dei brukar kjelder, på verdsveven og andre stader. Det same må vi forvente av oss sjølve. Mykje av det som finst der ute, er dårleg. Vi treng å utvikle ein sorteringskompetanse: å kunne sjalte ut og oversjå det som er ubrukeleg, og ta til etterretning det som gir oss ny innsikt. Ja, ein skal ha rett til å ytre seg. Men da må ein òg ha rett, og vett, til å ta uvettige ytringar for det dei er.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Gull verd

Men stort sett er elevane sine ytringar gull verd. Når undervisinga går dårleg, spør ein god lærar elevane sine kvifor det vart slik, og kva ho burde gjort annleis. I elevsamtalar og møter med føresette ber ein god lærar om tilbakemeldingar og idear. Ein god lærar opnar dørene for kollegaer og leiing, og veit å finne læring i vurdering.

Stort sett er elevane sine ytringar gull verd. Når undervisinga går dårleg, spør ein god lærar elevane sine kvifor det vart slik.

Ida Sandholtbråten, Eivind Solfjell og Ane Krogsæter Aarre, lærarar

Nokre gongar fungerer ikkje dette. Ikkje alle lærar–elevrelasjonar er optimale. Difor treng vi òg meir formelle kanalar for tilbakemelding, som sikrar alle elevar høve til å uttale seg om opplæringa si. Og: Ein lærande organisasjon må ha system som sikrar kvalitet. Skal vi sikre oss at tilbakemeldingar vert omsette til betre praksis der det er naudsynt, er det avgjerande med profesjonell pedagogisk leiing i skulen. Her har vi nok ein veg å gå.

Nettstaden Min lærer har kome som ein konsekvens av ein mangel i lærarane sin praksis. Vi er opphavet til behovet. Meiner vi at lærarvurdering kan gjerast betre, så må vi nytte kompetansen vår til nettopp det.

Kronikkforfattarane er lærarar og medlemmer av bloggkollektivet Lærerråd.