NRK Meny
Kronikk

Noreg som fredsnasjon og våpenprodusent

Ingenting tener heimleg våpenindustri meir enn den norske symbolidéen om fred.

Kong Harald i Polen

Under et statsbesøk i 2012 inspiserte Kong Harald militært materiell som er levert av Kongsberg Gruppen. Det norske selskapet laget våpen for 8 milliarder i 2011 og 7,5 milliarder i 2012.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

At årets fredspris gjekk til Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons (OPCW) er prisverdig nok i seg sjølv.

Sidan 1993 har dei fått 190 nasjonar til å underskrive avtalen om å ikkje bruke kjemiske våpen i krigføring. Samstundes gir årets pris godt momentum til vidare legitimering av produksjon og bruk av konvensjonelle våpen.

Norsk våpenindustri kunne ikkje ha fått eit betre alibi, for der finst alltid andre nasjonar og gruppering med langt meir brutale våpen.

I perioden 2006 til 2010 var klasevåpen det verste vi visste. I dag er det kjemi og syreblandingar Satan herjar med på bakrommet.

Norsk industrieventyr

I fjor kunne ein lettrørt, norsk forsvarsminister fortelje nasjonen om det nye norske industrieventyret som stod på trappene.

USA takka ja til å integrere det norske missilsystemet JSM i dei amerikanske F35-kampflya som Norge sjølv har bestilt.

Verdien på JSM-kontraktane er ein stad mellom 25–30 milliardar kroner, og Barth Eide la ikkje skjul på at dette var godt nytt:

– Eg har store forventningar til at dette blir ein eksportsuksess. Vi opplever i dag at ingen andre missiler konkurrerer i denne nisjen. Dette er noko av det spissaste vi har, sa den dåverande forsvarsministeren til Dagbladet 15. juni i fjor.

Statleg eid våpenproduksjon

I år blir det Ine Eriksen Søreide som får julekort frå Kongsberg Gruppen og Nammo, sidan Staten eig omtrent 50 prosent av norsk våpenproduksjon.

Det som ein gong handla om streng kontroll gjennom aktivt eigarskap, er blitt ei inntektskjelde det er svært vondt å kvitte seg med. Det er difor vi lærer barna våre at det ikkje heiter «krig» lenger, men «operasjonar» og «intervensjonar».

Fredrik Steen, komikar og skribent

Det som ein gong handla om streng kontroll gjennom aktivt eigarskap, er blitt ei inntektskjelde det er svært vondt å kvitte seg med.

Det er difor vi lærer barna våre at det ikkje heiter «krig» lenger, men «operasjonar» og «intervensjonar».

Enten det er staten eller dei private interessene som snakkar, er det utvilsamt omgrepspolemikk og generell norsk feigskap som har gjort våpenindustrien stoverein.

Fredsanlet på dagtid

Kvar ein spore til politisk motstand mot både våpenindustrien eller norske krigshandlingar, vil framleis berre stå fram som symbolske blaff.

Vi trur på fred, vi har ein idé om fred, og vi kan på ein god dag sjå for oss kor idyllisk det hadde vore, men inntil vidare får det gå som det går.

Noreg sitt andlet er at vi jobbar i Frelsesarmeen på dagtid, men blir til Dynamitt-Harry om natta. Alt medan våpenprodusentane sjølv gjer seg så prektige som dei berre maktar.

Nammo flaggar høgt og tydeleg sin «ethical code of conduct» på sine heimesider, og forsikrar i tillegg at ingen av våpna er produsert under tvang eller av barn.

Norge sitt andlet er at vi jobbar i Frelsesarmeen på dagtid, men blir til Dynamitt-Harry om natta. Alt medan våpenprodusentane sjølv gjer seg så prektige som dei berre maktar.

Fredrik Steen, komikar og skribent

Kongsberg Gruppen er ikkje fullt så svulstige, men tek det godt igjen med eit miljørekneskap som vil få ein norsk gjenbruksstasjon lysegrøn av misunning. Den første norske Pingvin-raketten med miljømerket «Svanen» er nok rett rundt hjørnet.

Soveputa sluttbrukarerklæring

Den største soveputa er dei såkalla «sluttbrukarerklæringane». Det er latterleg–i beste fall svært naivt, å tru at sluttbrukarerklæringar og «merking» av norske våpen, skal få folk med vonde hensikter til plutseleg å ta menneskelege omsyn.

Like naivt er det å tru at norske våpen ikkje hamnar i feil hender, sjølv kor gode kontrollrutinar ein hevdar å ha.

Om norske våpen skulle hamne i feil hender, vil eg påstå det er marginale sjansar for at dei les vaskesetelen, tenker seg godt om – og deretter legg rakettane fint tilbake i finérkassene sine.

Kongsberg Gruppen og Nammo Norge har sannsynlegvis verdas beste ingeniørar på lønningslistene sine.

Dei er i stand til å lage supersoniske smygarraketter som kan reise til andre sida av kloden og treffe stussen på ei nyfødd kanin i ørkenkamuflasje–med millimeterpresisjon.

Teknisk sett er det svært imponerande, men like fullt fullstendig meiningslaust. Hadde dei same ingeniørane sine kokt i hop hovuda sine eit par år, kunne vi alle garantert ha sagt morna til fossilt brensel i overskodeleg framtid.

Reknestykket går ikkje opp

Skal vi bli gode på krig – eller på fred? Det skal svært godt gjerast å bli verdsmeister i begge greiner. Inntil vidare bør vi i det minste ha skam nok til å la ein litt fredelegare nasjon få i oppdrag å dele ut fredsprisen.

Fredrik Steen, komikar og skribent

Det byr på store vanskar når vi som nasjon talar med så totalt ulike stemmer. Tildelinga av fredsprisen til Liu Xiaobo i 2010 førte som kjent til eit svært kjølig klima mellom Kina og Norge, og laksenæringa reknar med at dei har tapt inntekter på godt over ein milliard kroner.

Det spørst difor om utanriksminister Børge Brende greier å stå i mot presset frå laksenæringa. Han vrei seg nemleg som ein oppdrettslaks då han i Søndagsrevyen fekk spørsmål om Kina eigentleg berre ville ha ei unnskyldning frå oss.

Førebels vil Brende prøve ut dei diplomatiske kontaktane sine, seier han – og dette viser berre kor overflatisk det fredselskande Norge står fram. Grove brot på internasjonale menneskerettar betyr svært lite når inntekter vert truga.

Norge som fredsnasjon og storstilt våpenprodusent er eit reknestykke som aldri kjem til å opp. Difor må vi bestemme oss no: Skal vi bli gode på krig – eller på fred?

Det skal svært godt gjerast å bli verdsmeister i begge greiner. Inntil vidare bør vi i det minste ha skam nok til å la ein litt fredelegare nasjon få i oppdrag å dele ut fredsprisen.