NRK Meny
Kronikk

Fred for neste generasjon

Nobels fredspris går til to personar, to land med felles utfordringar. Men tildelinga reiser spørsmåla: Er det vilje i India til å avskaffe barnearbeid? Og kan Malala Yousafzai påverke rettane til pakistanske kvinner frå utlandet?

Malala Yousafzai maler sammen med skolebarn i Trinidad og Tobago

Malala Yousafzai blei i dag tildelt Nobels fredspris. Ho deler den med Kailash Satyarthi. Begge har dei kjempa for barn og unges rettar. Her målar Malala saman med skulebarn i Trinidad og Tobago.

Foto: ANDREA DE SILVA / Reuters

Dei to kandidatane som i år fekk Nobels fredspris har ulik alder og erfaring, men har til felles at dei vektlegger barn, ungdom og jenters rettar, og von om at det vil medverke til ei fredelegare verd på sikt. Samstundes reiser prisen spørsmål ved om det er politisk vilje i India til å totalt avskaffe barnearbeid, og kva påverknad ein aktivist basert utanfor eige land kan ha på utvikling for jenter og kvinner i Pakistan.

Formidabel innsats

Det er inga tvil om at barnearbeid er eit stort internasjonalt problem; det er cirka 168 millionar barnearbeidarar i verda i dag. Ein stor del av desse bur i India, der dei utgjer billig arbeidskraft for ein stat og eit privat næringsliv som vektlegg økonomisk vest.

India er eit land som burde ha råd til ikkje berre å forby barnearbeid og underskrive traktarar, som dei har gjort, men også aktivt kjempe mot det.

Arne Strand, Chr. Michelsens Institutt

Den indiske prisvinnaren Kailash Satyarthi har sidan tidleg på 1990-talet gjort ein formidabel innsats for å nedkjempe barnearbeid. Ikkje minst gjennom oppretting av organisasjonen Bachpan Bachao Andolan, som oppgjer å ha fått 80.000 barn ut av barnearbeid i India. Dette skjer ofte ved fysisk oppmøte i bedrifter som har barn i arbeidsstokken, og som så vert tilbydd utdanning og andre alternativ.

Satyarthi har ikkje berre arbeidd lokalt, han har vore aktiv i utvikling av FN-traktatar som skal hindre barnearbeid internasjonalt. Ein slik kombinasjon har me sett at tidlegare har gitt stor utteljing; kampanjen for å forby landminer, som fekk Nobels fredspris i 1997, er eit godt eksempel.

Korrupsjon og politisk vilje

Samstundes er India ein av verdas raskast veksande økonomiar, og slik sett eit land som burde ha råd til ikkje berre å forby barnearbeid og underskrive traktarar, som dei har gjort, men også aktivt kjempe mot det.

LES: Slik blei prisen mottatt

Men det vil avhenge av politisk vilje til å sette i gong nødvendige tiltak mot barnearbeid, stå opp mot sterke næringsinteresser og avslå korrupsjon. Til dette trengst det overvaking av politiske prosessar og press frå sivilsamfunnet. Det er også eit spørsmål om økonomisk fordeling i India, og kven som skal få ta del i utviklinga som har funne stad. Internt press frå enkeltpersonar og organisasjonar, kombinert med større internasjonal merksemd om barnearbeid, vil gjere det vanskelegare for indiske myndigheiter å oversjå dette og vanskelegare for næringslivet å ta det i bruk.

Jentene blir nedprioritert

Den andre, meir kjende prisvinnaren, pakistanske Malala Yousafzai, har vore ein forkjempar for jenters rett til utdanning. I 2012 vart ho forsøkt drepen av pakistanske Taliban på veg heim frå skulen i Swatdalen. Ho overlevde angrepet og har seinare fått mykje merksemd for sitt arbeid, inkludert talar i FN og tildeling av internasjonale prisar.

Dei som ønskjer endring vert raskt stempla som «utanlandske agentar» og nokon som motarbeider nasjonale interesser.

Arne Strand, Chr. Michelsens Institutt

I mange land og kulturar er jenter nedprioritert, det er gutane som først og fremst får tilbod om utdanning. Kultur, tradisjon og religionsfortolking har også innverknad på desse vegvala, inkludert korleis jentene vel sjølve. Islam, som er den dominerande religionen i Pakistan, vektlegg at både jenter og gutar har rett til å ta utdanning, men dette blir ofte oversett i delar av befolkninga og mellom ekstreme religiøse grupper. Ein årsak er at mange ikkje ønskjer tradisjonsendringar, spesielt det som rokkar ved menns makt. Det kan også vere at dei er redde for negativ innverknad på eigen kultur og religion.

«Utanlandske agentar»

Dei som ønskjer endring vert såleis raskt stempla som «utanlandske agentar» og nokon som motarbeider nasjonale interesser. I land som Pakistan og Afghanistan går dette langt utover grupper som Taliban og Al Qaida. Endringsskepsisen er langt djupare forankra i samfunnet, også blant kvinner, og dermed vanskelegare å imøtegå. Mange vel å nytte religiøse argument og Koranens kvinnesyn i diskusjonar for å unngå å bli stempla som «vestleg».

Men det er fleire som Malala i desse samfunna, unge jenter som arbeider for dei same rettane i sine nærmiljø. Mobiltelefonar, Internett-tilgang og meir debatt om kvinners rettar på radio og TV har ført til dramatiske endringar i kunnskapstilgang og høve til kommunikasjon kvinner imellom i sterkt segregerte samfunn. Det er ei endring me berre har sett starten på, men vi må ikkje undervurdere motstanden dette kan skape.

Kva støtte får Malala i Pakistan?

Her må Malala trå varsamt frå sitt eksil i Storbritannia for å ikkje øydelegge for dei jentene og kvinnene som møter motstanden lokalt. Ho kan fort verte framstilt som ein «vestleg agent» som har som mål å underminere tradisjon og religion, med referanse til bruk av militærmakt i Afghanistan og dronar i Pakistan.

I mange land og kulturar er jenter nedprioritert, det er gutane som først og fremst får tilbod om utdanning.

Arne Strand, Chr. Michelsens Institutt

Korleis ho ordlegg seg og kva støtte ho kan få i Pakistan for jenters grunnleggjande rett til utdanning, inkludert frå religiøse og framståande samfunnsleiarar, vil vere avgjerande for om det blir rom for lokal endring. Om det blir det, kan ein forhindre at fleire jenter vert utsett for attentat eller må søkje vern utafor eige land.

Felles problem, felles løysingar

Prismottakarane kjem frå India og Pakistan, eit hinduistisk og eit muslimsk land som har vore i konflikt med kvarandre sidan dei skilde lag i 1947. Det dei har felles, og som er eit stort problem i begge landa, er kampen for grunnleggande rettar for kvinner og jenter. I India har det vore stor merksemd siste året om overgrep mot og drap av unge kvinner, i Pakistan er det erkjent at tvangsgifte og æresdrap av kvinner som vel annleis er ei stor samfunnsutfordring. Samstundes er dette ikkje like utbreidd i alle delar av desse landa eller i alle samfunnslag, og der er sterke krefter i begge land som arbeider for desse rettane.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

I krigsretorikken som har forma relasjonen mellom desse to landa har det vore vanskeleg for slike stemmer å bli høyrt og å påverke. Å omtale nasjonale problem vert då negativt, det svekker nasjonalkjensla når det skal mobiliserast mot denne «ytre fienden» og skaper problem for dei som ønskjer samarbeid over nasjonale grenser.

Å erkjenne at prisvinnarane får sine prisar for felles utfordringar i begge land kan vere ein start på ein ny debatt, og brubygging mellom sivilsamfunna i India og Pakistan. No har aktivstar i begge land høve til å saman ta til orde mot sperrene som har vore sett opp av militære og politikarar som har profittert på vidareføring av konflikten.

Om indiske og pakistanske styresmakter gir si gjensidige støtte til dei to fredsprisvinnarane, er det ein god start. Her vil dei to prisvinnarane spele ei viktig rolle – ved å framheve at felles problem treng felles løysningar.

LES: Dette er Malala Yousafzai

LES: Dette er Kailash Satyarthi