Hopp til innhold
Kronikk

Første skuledag – som lærar

Nyutdanna lærarar får praksissjokk første skuledag. Det kan få negative konsekvensar for elevane.

Lærerstudenter

Noko av det siste skulen bør møte nye elevar med, er ferske lærarar som er utrygge, overarbeidde, søvnlause og visjonslause, skriv Ane Krogsæter Aarre. (ILLUSTRASJONSFOTO)

Foto: François Destoc / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Denne veka er det mange som har hatt sin første skuledag, blant desse ein heil del lærarar. I fjor til same tid var det eg som kvelden før hadde pakka veska, lagt fram det eg skulle ha på meg og lagt meg tidleg.

Eg trur eg var like spent som eg var før min første skuledag for nitten år sidan. Ein er som ny lærar like usikker på om ein har kledd seg rett, på kven ein skal snakke med i pausar, om ein vil finne vener, og om ein vil klare å henge med eller om ein allereie ligg langt bak alle dei andre.

Praksissjokket

Men så står ein der plutseleg, framfor 30 forventningsfulle elevar, og veit at det i tillegg er hundrevis andre ein skal prøve å lære noko kvar veke framover. Det er smått overveldande. Ein situasjon du har studert i årevis for å kunne handtere, merker du med eitt at du eigentleg ikkje er tilstrekkeleg førebudd på.

Det er no du møter praksissjokket.

Ane Krogsæter Aarre, lærar

Lærarlivet handlar om ganske mykje meir enn fag. Det handlar om å bygge relasjonar, men samstundes eigen autoritet, og å skape tryggleik, eit godt klassemiljø og ein kultur for læring. Det handlar om å sjå den einskilde elev og legge til rette for tilpassa opplæring. I alt dette skal du skape din eigen læraridentitet.

Det er no du møter praksissjokket.

Kateteret fangar

Eg trur det særleg er to ting som gjer at altfor mange får eit sjokkerande første møte med læraryrket. Vi har lærarutdanningar som er for svakt knytt til profesjonsfeltet, og vi har eit altfor dårleg system for korleis vi skal ta imot nyutdanna i skular og barnehagar.

Vi er alle er samde om at det ikkje skal vere slik at elevane er «heldige med lærer’n».

Ane Krogsæter Aarre, lærar

Dette har konsekvensar, både for elevane og læraren. Nyutdanna utan rettleiing står i fare for å gjere unødig mange feilvurderingar, som over tid vil kunne utvikle seg til dårlege vaner. For kateteret fangar. Har du først gjort noko, så definerer det deg som lærar heilt til du får nye elevar. Når vi veit kor viktig læraren er for elevane si læring, og vi alle er samde om at det ikkje skal vere slik at elevane er «heldige med lærer’n» så burde eit av dei viktigaste tiltaka vere å følgje opp nyutdanna når dei tar sine første ustø skritt inn i klasserommet.

Det er mange som første skuledag håpar at dei omsider skal få oppleve det verkelege lærarlivet og endeleg få bekrefta at dei har gjort rett yrkesval. For altfor mange vert det eit kortvarig møte. Mange fell frå etter få år og går inn i reservestyrken av lærarar, som i dag utgjer nesten halvparten av dei med lærarkompetanse.

Passiv og lite kreativ tilnærming

Som nyutdanna får ein ofte høyre at ein må justere ned forventingane til seg sjølv. Det ender nok ofte slik, at det som var visjonar i august, viser seg som illusjonar i januar. Erfarne lærarar seier at det blir betre etter nokre år i yrket. Det er sikkert helt sant. Men er ikkje det ei passiv og lite kreativ tilnærming til den ressursen ein engasjert og visjonær nyutdanna lærar er?

Eg meiner at vi står framføre ei stor utfordring, men løysingane treng ikkje å vere særskild revolusjonerande. Vi må skape lærarutdanningar der praksis har ei meir sentral plassering. Det er berre i skulen ein veit kva det vil seie å vere lærar, og det er difor berre i skulen ein kan utvikle seg til å bli ein.

Det er mykje kjekt med kurs, kaffi og kake, men det er ein illusjon å tru at ein i storforelesingar skal kunne reflektere over og lære av praksiserfaringane til fleire hundre nyutdanna lærarar samstundes.

Ane Krogsæter Aarre, lærar

Det er på tide å leve opp til intensjonsavtalen mellom Kunnskapsdepartementet og KS frå 2009 som sa at alle nytilsette nyutdanna lærarar frå og med skuleåret 2010/11 skulle få tilbod om rettleiing. Nyutdanna treng rettleiing frå første dag, og ikkje mot slutten av november, når mange opplever å vere på feil spor allereie tidleg i september. Rettleiinga bør skje i klasseromsituasjonar. Det er mykje kjekt med kurs, kaffi og kake, men det er ein illusjon å tru at ein i storforelesingar skal kunne reflektere over og lære av praksiserfaringane til fleire hundre nyutdanna lærarar samstundes.

Elevane fortener lærarar som får tid

Mange skular har ikkje system og rutiner for korleis dei skal ta imot nyutdanna. Mi oppmoding til alle skulesjefar og utdanningsdirektørar er som følger: Gi kvar rektor eit krav og ein tidsfrist for utarbeiding av rutiner for mottaking av ferske lærarar, som gjer at vi ikkje også neste skuleår startar med at nyutdanna vert overlatne til seg sjølve.

Noko av det siste skulen bør møte nye elevar med, er ferske lærarar som er utrygge, overarbeidde, søvnlause og visjonslause.

Og endeleg må vi som allereie arbeider i skulen, ta ansvar for dei nye. Det oppmodar vi elevane våre om å gjere når det kjem nye elevar. Det må vi også oppmode kvarandre om når vi får nye kollegaer.

Noko av det siste skulen bør møte nye elevar med, er ferske lærarar som er utrygge, overarbeidde, søvnlause og visjonslause. Det elevane våre fortener, er nye lærarar som får tid, tenkerom og rettleiing til å utvikle seg til dei erfarne profesjonsutøverne dei har potensial til å bli.

Denne kronikken er basert på eit innlegg på bloggen Lærerrådet.