Hopp til innhold

Formaningsviser

Få ting er verre å høyra på enn ein skråsikker sosialist med kassegitar.

Grete Knudsen spiller gitar.

Eg har ingenting personleg imot Grete Knudsen, men ho har blitt symbolet i mareritta mine på desse overtydelege politiske formanande tekstane og songane. Det er songen og gitaren sin feil, skriv Ytrings musikkspaltist. Her er Knudsen og gitaren på AP-landsmøte i 1994.

Foto: NTB scanpix

Finn Tokvam er fast musikkspaltist i Ytring på radio og nett.

Det er for lyst. Alt for varmt. Eg er i ein stor konferansesal full av folk. Damer i drakt. Menn i dress. På scenen sit ei dame med gitaren sin og syng. Det er Grete Knudsen. Arbeidarpartikvinna. Ho som var minister både under Brundtland, Jagland og Stoltenberg.

Ho sit der og syng ein song eg aldri har høyrt før, men likevel minner den om alle dei andre korrekte songane. Desse songane med tekstar utan fleire lag. Desse overtydelege songane. Med uendeleg av vers. Teksten handlar om den vesle kvinna og mannen. Om å snu skuta. Vere sterke i lag. Om ikkje å godta urett. Om at folk er like. At vi skal nå fram til slutt. Og at folk med pengar og makt er slaurar heile gjengen.

Og dette sit Grete Knudsen der og syng. Og så vaknar eg. Det var ein draum. Eit mareritt. Eg er enormt letta. Ingenting tyda på at det minka på verken vers eller urett i verda som skulle påpeikast i verseform med nylonstrenggitar og grepa D, A og G.

Eg har ingenting personleg imot Grete Knudsen. Eg har aldri møtt ho. Brundtland kalla Grete Knudsen «en ond sjel». Eit solidarisk høgdepunkt frå Landsmoderen. No var heller ikkje eg imponert over måten Knudsen sprang frå politikken og rett i armane på spekulanten Seim, og korleis vel 400 industriarbeidsplassar forsvann i Mjellem og Karlsen. Men det er ikkje denne vakre, vakre dobbeltmoralen som gjer at Grete fleire gonger har dukka opp i mareritta mine.

Desse overtydelege songane. Med uendeleg av vers.

Det er songen og gitaren sin feil. Grete Knudsen har blitt symbolet i mareritta mine på desse overtydelege politiske formanande tekstane og songane. Eg kunne slik sett like gjerne ha drøymt om ein ekte artist. Om Hans Rotmo for eksempel. Vel og merke frå tida han saman med Vømmøl Spellmannslag var anti-kapitalist, og før han blei skulda for å vere anti-islamsk. Frå tida han åtvara mot ein blå vind og ikkje mot masseinnvandring.

Og for å halde oss i den blåe vinden. Når Halvdan Sivertsen i Kjærlighetsvisa syng at vinden ifrå høgre snart må snu, så syns eg han skadar sin eigen flotte tekst. Og no påstår ikkje eg at høgrevind er noko å trakte etter. Vind er vind. Det blir lett stygg trekk. Men eg forstår berre ikkje kvifor det politiske skal pressast så tydeleg inn i denne songen også.

Her har dei funne seg ei strand. Det er sommar og dei har kald pils. Og når dei ligg der, ja, då burde dei ha droppa snakket om den politiske vinden. Dei kunne spart den samtalen til ein annan song. Snakk heller litt meir om den boka de likar, eller kva som helst anna. Kven som skal køyre båten tilbake til land for eksempel, sidan de tydelegvis har fire pils i den snora. Vi køyrer vel ikkje båt med promille? Er vi moralske så er vi moralske.

Og eg er på tynn is. For det er så masse politisk pop og rock som eg elskar, Vømmøl også, så eg møter både meg sjølv og høgrevinden i døra no. Men likevel: Fort. Nemn sju ting som er verre enn å høyre ein skråsikker formanande sosialist utan sjølvironisk distanse, synge og spele gitar.

Er vi moralske så er vi moralske.

Der den politiske korrektheita snik seg inn og svekker Halvdan Sivertsen sin vakre kjærleikssong, skjer det motsette i ein av låtane til det svært så politiske svenske bandet Doktor Kosmos. Og då blir det straks meir spennande og originalt. Hos Doktor Kosmos kryp kjærleiken inn mellom alt det politisk korrekte. Der det tilsynelatande er ideologi og politikk for alle pengane, kjem kjærleiken og kåtskapen og trumfar både Marx og planøkonomien.

Doktor Kosmos: Jag låg med henne i Tjeckoslovakien. (Spotify, krev innlogging)

Finn Tokvam er journalist og programleiar i NRK og fast musikkspaltist i Ytring. Kvar veke kobler våre spaltistar musikk med politikk og aktualitetar i Ytring på P2 søndag kl. 11.