Hopp til innhold
Kronikk

Regjeringa for raske på avtrekkaren

Væpning av politiet er eit for stort og viktig spørsmål til å verta skrive inn i ei regjeringserklæring utan ein grundig analyse av konsekvensar.

TEST Høyrelederen på politihøgskolen

Skal politiet ha våpen på hofta betyr det stor endring i opplæringa på Politihøgskolen, skriv Arne Johannessen. Bilde frå da Høgre-leiar Erna Solberg besøkte Politihøyskolen i Stavern i august i år, der fekk ho blant anna sjå våpenteknikk av instruktørar Einar Aabrekk og Tom Løvkvist.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I regjeringsplattforma står det fylgjande: «Åpne for generell bevæpning i de politidistrikt der politiet selv mener det er den beste løsningen».
Dette er useriøst og lettvint. Eit så alvorleg spørsmål for samfunnet og politiet bør handsamast med større alvor og respekt. Spørsmålet har ikkje vore greia ut på vanleg måte via faginstansar og byråkrati, det må ein faktisk forventa i ei så viktig sak.

Riktig nok har Politiets Fellesforbund laga sine utgreiingar, også med innspel frå ulike fagmiljø. Men resultata av dette har vorte underkommunisert av alle som ivrar for våpen på hofta.

Sanninga er at utgreiinga klart konkluderte med eit nei til våpen på hofta. Forskar Liv Finstad hadde gode analysar av situasjonen, også i andre land, hennar konklusjon var like klar. Politiet sitt beste fagmiljø på operativt arbeid, beredskapstroppen, konkluderte på same måten. Det gjorde også fleirtalet av medlemmane til PF, rett nok sa eit knapt fleirtal på landsmøte i 2012 ja.

Opp til kvart politidistrikt

Væpning av politiet er eit for stort og viktig spørsmål til å verta skrive inn i ei regjeringserklæring utan ein grundig analyse av konsekvensar. Det mest spesielle er at det skal vera opp til kvart politidistrikt å avgjera.

Det er direkte useriøst.

Spørsmål om væpning av eit politikorps er eit nasjonalt spørsmål. Eg ser det som vanskeleg å ha ulike løysingar frå politidistrikt til politidistrikt.

Politiets Fellesforbund har laga sine utgreiingar, også med innspel frå ulike fagmiljø. Men resultata av dette har vorte underkommunisert av alle som ivrar for våpen på hofta.

Arne Johannessen

Det er også ein god regel at ein prøver ut nye system og ordningar før ein går vidare til endå meir ytterleggåande tiltak. No er det bestemt at alle politidistrikt skal ha lagra våpen i politibilane. Dette bad landsmøtet til Politiets Fellesforbund om i 2011. Viktig og riktig tiltak for å få same system i alle politidistrikt.

Erfaringane frå denne ordninga må evaluerast etter ei stund. Då får ein på bakgrunn av denne evalueringa og andre analysar drøfta om dette er godt nok for å tryggja samfunnet og den einskilde polititenestemann.

LES OGSÅ: Dårlige erfaringer med bevæpning

Kva betyr våpen for politirolla?

Ein må bruka god tid på å analysera kva væpning betyr for den norske politirolla. Stortinget har vore tydelege på at me skal ha eit politi med sivilt preg og minst mogleg bruk av makt. Kva betyr tilgjengeleg våpen for oppgåveløysinga? Tal frå andre land kan tyda på at det då vert lettare å ty til det kraftigaste verkemiddel, enn først å forsøka «lempligre midlar».

Eg ser det som vanskeleg å ha ulike løysingar frå politidistrikt til politidistrikt.

Arne Johannessen

Skal politiet ha våpen på hofta betyr det stor endring i opplæringa på Politihøgskolen, det må sjølvsagt kompetente fagmiljø få tid til å greia ut og laga nye undervisningsopplegg.

Det viktigaste no er at regjeringa legg til rette for at politiet blir betre på risikovurderingar og flyttar fullmakta frå politimeister til operasjonsleiar når væpningsordren skal gjevast. Ein må også sørgja for at systemet med lagring av våpen i bil vert evaluert av fagmiljø.

Viktig med is i magen

Når ein handsamar så viktige spørsmål, er det viktigare å ha is i magen og vilje til å vurdera alle sider enn å vera oppteken av å syna handlekraft. Ein må ta seg tid til å analysera og drøfta kva dette betyr for politirolla, samhandlinga med publikum, tilliten, dialogen, oppgåveløysinga til politiet, risiko for publikum og politi og utdannings- og opplæringsbehovet.

Det er viktigare å ha is i magen og vilje til å vurdera alle sider enn å vera oppteken av å syna handlekraft

Arne Johannessen

For å illustrera kva debattar og kjensler som kjem i denne type spørsmål, kan eg minna om kva tidlegare politidirektør Killengreen sa i etterkant av Nokas-saka i 2004. Det vart ein stor debatt om våpen, som det ofte vert etter store tragediar.

Eg lanserte då framlegget om at alle politidistrikt no måtte få pålegg om å lagra våpen i politibilane. Dette var politidirektøren sterkt imot, ho ville ikkje ha noko politistat, sa ho i ein debatt med meg på NRK Dagsnytt 18. Ja, no er det bestemt, men me er langt unna ein politistat.

Inntil vidare må me setta vår lit til at Venstre, KrF (samarbeidskameratane) og resten av Stortinget har nok is i magen til å stoppa det populistiske og lettvinte framlegget frå regjeringa. Dette er ingen hastesak.

Inntil vidare kan me vera stolte av å vera berre eit av fire land i verda som ikkje har eit politi med våpen på hofta.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook og Twitter