Hopp til innhold
Kronikk

Folkeopplysning som ironi

«Folkeopplysningen» er eit forsøk på latterleggjering av ein heil bransje, skriv naturterapeuten John Petter Lindeland.

Fysiker Andreas Wahl er programleder i "Folkeopplysningen"

Fysikar Andreas Wahl er programleiar i 'Folkeopplysningen'. Han åtvarar i 'god gamaltestamentleg profetstil' folk mot å velje feil medisinar, skriv naturterapeut John Petter Lindeland.

Det norske folk skal gjennom NRK-programmet Folkeopplysningen underhaldast og opplysast. Temaet er naturmedisin og alternativ behandling med fysikar Anders Wahl som programleiar. På nettsida til NRK står det at han skal «forske på alternativbransjen».

Etikk og juss

Det kan i denne samanhengen vera på sin plass å minna om fylgjande: Alternativ behandling er regulert gjennom Lov om alternativ behandling med vidare og dertil høyrande forskrifter; Forskrift om frivillig registerordning for utøvere av alternativ behandling og Forskrift om markedsføring av alternativ behandling av sykdom. Sistnemnde gjev klare døme på marknadsføring som er innanfor ramma av lova, og det som ikkje er det. Dette er rettsgrunnlaget for feltet, og som ein kvar utøvar har plikt til å forholda seg til og vera informert om.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Så langt avslørar programmet at fleire utøvarar – spesielt i forhold til bruk av språk og andre fagnemningar i samband med diagnose eller forklaringsmodellar – er i grenselandet av kva som er lovleg i forhold til rettsgrunnlaget som nemnt ovanfor. Sammenslutningen av alternative behandlarorganisasjonar (SABORG) ser med stort alvor på ei slik framtoning, og har difor i langt tid arbeida med utdanningsspørsmål knytta til etikk, kommunikasjon og etablering av eit felles klageorgan (Rådet for etikk) for å styrkja pasienttryggleiken i fleire ledd. Alle medlemsorganisasjonar pliktar å implementera desse konsensusvedtaka i sin kommunikasjon med terapeutar og utdanningsinstitusjonar.

Brei penneføring, skråsikker buldring og generalisering er sentrale ingrediensar.

John Petter Lindeland, naturterapeut

Bransjen har utan tvil mykje å vinna når det gjeld å utvikla ein etisk og juridisk forsvarleg kommunikasjon med både pasientar og det offentlege rom. Såleis er Folkeopplysningen eit legitimt innslag som kan rette merksemda mot måten einskilde utøvarar sprer språklege skoddeheimar når det gjeld helsetilstand, prognose, diagnose og andre forklaringsmodellar.

Tendensiøs framstilling

Når det gjeld programmet elles, minner det om Human-Etisk Forbund og Foreninga Skepsis sin kampanje «Ingen liker å blir lurt». Dei same mediafrontarane som blei brukt her – blant anna lege Jørgen Skavlan og professor i biologi Kristian Gundersen - dukkar opp i samband med debatten om programmet og har ei retorisk framtoning der brei penneføring, skråsikker buldring og generalisering er sentrale ingrediensar.

LES OGSÅ: Alternativ medisins nyttige illusjoner

Det er også tendensiøst at einskilde innslag gjev inntrykk av at dette er forsking, medan hovudintensjonen i røynda er å latterleggjera og banalisera vedkomande terapi eller terapeut. Like eins er «forskingsleiar» Anders Wahl si utprøving av eigenskapte terapiformer. Her prøver han å føra bevis for at berre terapeuten er hyggeleg nok, uavhengig av spesifikk intervensjon, vil det føra til betring av tilstanden. Dette er gamalt nytt som er stadfesta innan placeboforskinga og ikkje spesielt berre knytta til naturmedisin og alternativ behandling. Likevel blir dette retoriske knepet nytta til å så tvil om heile bransjen si truverd og legitimitet.

Gamaltestamentleg profetretorikk

Avslutninga av programma viser ein Wahl som i god gamaltestamentleg profetstil åtvarar folkehopen mot å fara vill og halda seg på den smale vegen, som i dette tilfellet er det same som offentleg dokumentert forsking. Det kan i denne samanhengen vera på sin plass å minna om at fenomen som per dato ikkje er vitskapleg dokumentert, ikkje er synonymt med at det ikkje har effekt.

Avslutninga av programma åtvarar folkehopen i god gamaltestamentleg profetstil mot å fara vill og halda seg på den smale vegen, som i dette tilfellet er det same som offentleg dokumentert forsking.

John Petter Lindeland, naturterapeut

Svært mykje av forskinga innan naturmedisin og alternativ behandling er ikkje bombastiske i sine konklusjonar, men open for at her trengs det meir forsking. SABORG har tiltru til at ei uhilda forsking framover vil gje oss betre kunnskapar om effekt og nytteverdi. Ei slik forsking bør ikkje vera styrt av personar med spesielle intensjonar i nokon retning, men av forskarar som søkjer sanning og kunnskap til beste for folk flest. Og folk flest er individ som responderer ulikt, og difor må me ha mangfald i det terapeutiske feltet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Den biokjemiske behandlingsmodellen har vist seg å vera utilstrekkeleg. Dei fleste er difor pragmatiske og gjer bruk av den behandlingsmetoden som gjev mest nytte der og då og nyttar gjerne både lege og alternativ behandlar for den same plaga. Og som elles innan medisinsk verksemd: nokre blir kvitt plagene sine raskt og effektivt, andre får ei klar betring og må kanskje ha repeterande behandling med jamne mellomrom, atter andre kan ein berre trøysta og nokre få må ein seia nei til av ulike årsaker. Dette er sikkert ikkje langt unna den røyndomen som dei fleste fastlegar opplever i sin praksis.

Folkeopplysning som ironi

Tittelen på programmet er svulstig, og gjev inntrykk av stort alvor og autoritet, sjølv om det også er annonsert som eit underhaldningsprogram.

Tittelen på programmet er svulstig, og gjev inntrykk av stort alvor og autoritet, sjølv om det også er annonsert som eit underhaldningsprogram.

John Petter Lindeland, naturterapeut

Me som representerer bransjen, kan vona at neste gong NRK lagar program om feltet, er dette i ei form som med rette kan kallast folkeopplysning og der hovudintensjonen er å gje det norske folk informasjon og kunnskap der dei sjølv kan gjera seg opp ei meining om seriøsitet og etisk forsvarleg nivå.