Hopp til innhold
Kommentar

Terrormål, folkehelt og syndebukk

Han kjempar i motbakke, opposisjonen avventar. I potten ligg ettermælet og valet neste år. Statsministeren skal til Stortinget og svare for det som svikta.

Jens i Stortinget

For Jens Stoltenberg startar den lange politiske kampen etter 22. juli no. Den handlar om eit eventuelt gjenval neste år, men også om kva fortellinga om Jens Stoltenberg og det store raudgrøne prosjektet skal vere, skriv Knut Magnus Berge.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Terroristen har fått sin dom. Han kan burast inn for godt, og om mogeleg gløymast. Dei pårørande og etterlatne kan starte den tunge vegen tilbake til ein slags normalitet. Vi andre står rådville igjen, sjokkerte av det som råka, men også av det som svikta.

Tirsdag skal Jens Stoltenberg gi forklaring i Stortinget. Om det som skjedde, om det som svikta, og om kva som skal skje no. For statsministeren handlar det om to ting: Vere audmjuk, og vise handlekraft.

Svimeslått

Rapporten frå 22.julikommisjonen ramma regjeringa meir direkte enn nokon hadde tenkt på førehand. Dei første timane og døgna virka statsministeren og hans folk nærast handlingslamma.

For statsministeren handlar det om to ting: Være audmjuk, og vise handlekraft.

Knut Magnus Berge, kommentator

Det mest konkrete dei kunne gjere var å legge rapporten til grunn, og minne om at det var regjeringa som hadde bestillt den. Vedgå at mykje hadde svikta.

Krav om å gå

VG meinte på leiarplass at det mest anstendige av statsministeren ville være å gå av. Akkurat det var inga katastrofe for Jens Stoltenberg. For folket svarte med å be han bli sittande, med 69 prosent i NRKs måling. Og her er vi ved eit kjernedilemma i denne saka - også for opposisjonspartia på Stortinget.

Opposisjonen er i den underlege situasjonen at det er den som har mest å tape. Og det i ei sak der regjeringa får ramsalt kritikk. Meiningsmålingane viser soleklart borgerleg fleirtal. Småpartia i regjeringa ser ut til berre å bli mindre.

Og sjøl om Arbeidarpartiet held seg sånn nokonlunde, er dei raudgrøne milevidt unna noko som liknar på gjenval neste år. Dette er ei utvikling som starta lenge før 22.juli i fjor.

Kan slå tilbake

For opposisjonen peikar alt fram mot regjeringsskifte neste år. Derfor blir det viktigaste å unngå å trakke feil. VGs krav om statsministerens avgang har lært opposisjonen at tøff kritikk fort kan slå tilbake.

Opposisjonen er i den underlege situasjonen at det er den som har mest å tape. Og det i ei sak der regjeringa får ramsalt kritikk.

Knut Magnus Berge, kommentator

Både fordi Arbeidarpartiet og regjeringa var direkte mål for terroren 22. juli. Men også fordi statsministeren sjølv handterte krisa på ein måte som hausta anerkjennelse verda over.

Dette er også statsministerens sterkaste kort. Han samla mykje politisk kapital gjennom kritiske veker i fjor.

Valkampen startar

For Jens Stoltenberg startar den lange politiske kampen etter 22. juli no. Den handlar om eit eventuelt gjenval neste år, men også om noko meir.

Den handlar om kva forteljinga om Jens Stoltenberg og det store raudgrøne prosjektet skal vere. Skal det være historia om regjeringa som tok så lett på det, at det svikta då det galt som mest.

Eller skal det være historia om statsministeren som tok grep då terroren råka, og som fekk rydda opp. Derfor kjem Stoltenberg til å gå konkret til verks. Justis- og beredskapsdepartementet skal styrkast, fremst markert ved at statsråd Grete Faremo møter saman med han.

No held det ikkje berre å løyve pengar - no handlar det om leiarskap. Det er det Jens Stoltenberg må vise i Stortinget.

Knut Magnus Berge, kommentator

Det skal visast vilje og kraft. Statsministeren vil invitere Stortinget til samarbeid om gjennomføring.

Kultur og leiarskap

22. julikommisjonen listar opp 31 konkrete tiltak. Det viktigaste er samtidig det vagaste og vanskelegaste. Nemleg at desse lærdommane i større grad handlar om leiing, samhandling og haldningar - enn "mangel på ressursar".

No held det ikkje berre å løyve pengar - no handlar det om leiarskap. Det er det Jens Stoltenberg må vise i Stortinget.