NRK Meny
Kronikk

Folkeforvirringen

Myteknusing fungerer dårleg der vitskapen er i støypeskeia.

Folkeopplysningen

Andreas Wahl er programleiar i Folkeopplysningen. «Det hadde vore verkeleg opplysande dersom Folkeopplysningen ville gitt publikum ei forståing for vitskapleg tenkemåte og prosess gjennom ei balansert framstilling og der dei intervjua forskarar som belyste også negative sider ved desse temaa,» skriv kronikkforfattaren.

Foto: Nina Fjeldsaa / NRK/Teddy TV

Gjennom fleire sesongar har underhaldningsprogrammet Folkeopplysningen gjort ein god jobb med å knuse mytar om tema som alternativ medisin og vaksinemotstand. Rett nok har dei ikkje halde seg for god til å drite ut folk på vegen, noko eg trur verker mot sin hensikt og fører til at folk går ned i skyttargravene i staden for å bli opplyst. Ingen liker å føle seg dum.

Men det verkelege problemet er når Folkeopplysning-redaksjonen brukar metoden sin på tema der situasjonen langt ifrå er like klar. I årets sesong blir både økologisk landbruk og GMO putta inn i det same tronge konseptet, og det fell etter mi meining fullstendig igjennom.

For vitskapen har ikkje alltid eit fasitsvar. Det er skilnad på skulebok-vitskap, kunnskap som er etterprøvd og som ein er sikker på vil halde seg, og det som føregår i forskingsfronten. Der er ein ikkje like sikker på kva som vil bli utfallet nokre år fram i tid.

For vitskapen har ikkje alltid eit fasitsvar.

Når det gjeld alternativmetodar som homeopati og akupunktur er vitskapen klar. Det er vist i mange store metastudiar at metodane ikkje har effekt ut over placebo, og det er også slått fast at vi no har så mykje kunnskap at det ikkje er behov for fleire studiar.

Situasjonen er derimot ei heilt anna når det gjeld kunnskap om helseeffektar av sprøytemiddel, klima/miljø-aspekt ved økologisk jordbruk og genmodifiserte organismar, GMO. Her er vi ved fronten av vitskapen, der forskarar framleis er i ferd med å undersøke ei rekke spørsmål, og der ein er mykje lenger unna eit vitskapleg konsensus.

Innsikt i vitskap

Det hadde vore verkeleg opplysande dersom Folkeopplysningen ville gitt publikum ei forståing for vitskapleg tenkemåte og prosess gjennom ei balansert framstilling og der dei intervjua forskarar som belyste også negative sider ved desse temaa. Tenk så fantastisk om publikum kunne få meir innsikt i korleis vitskap fungerer og korleis ny kunnskap blir til.

Programleiar Andreas Wahl kunne til dømes ha intervjua dei svenske forskarane som undersøker helseeffektar av sprøytemiddel og kjemikalieblandingar gjennom EU-prosjektet EDC-MixRisk. Programmet kunne også nemnd at mange kjemikarar også er bekymra for helseeffektar av syntetiske kjemikaliar. Det har derfor vakse fram ein «grøn kjemi» som har som prinsipp å lage molekyl som blir lettare brote ned i naturen, og som er mindre toksiske.

Tenk så fantastisk om publikum kunne få meir innsikt i korleis vitskap fungerer og korleis ny kunnskap blir til.

Når det gjeld GMO ville det vore langt meir interessant å høyre om ordentlege innvendingar frå forskarar, heller enn å dra fram Séralini-studien om svulst-rottene, som blei funne uvitskapleg og vart trekt tilbake for fleire år sidan. Resistens er for eksempel eit alvorleg problem i GMO-jordbruk, og medfører auka bruk av sprøytemiddel, noko som igjen kan få negative helseeffektar.

Viktige spørsmål manglar

Ei ny stor studie av GMO-jordbruk viser til dømes at soyaåkrar har 28 prosent auka bruk av ugrasmiddel i forhold til ikkje-GMO. Mange forskarar har reelle bekymringar for auka sprøytemiddelbruk og resistens. Folkeopplysninga kunne nemnd at stadig fleire jordbruksforskarar meiner at ein må ta i bruk fleire prinsipp frå økologisk jordbruk for å få bukt med resistensproblemet.

Folkeopplysninga kunne gjerne også ha nemnd at ein stor metastudie publisert i Nature plants i år fann at økologisk jordbruk rett nok gir mindre avlingar, men også er meir miljøvenleg. Derfor meinte forfattarane at ein kombinasjon av økologisk og konvensjonelt landbruk er nødvendig i framtida.

FNs organisasjon for ernæring, landbruk, skogbruk og fiskeri anbefaler også økologisk landbruk for å motverke samt tilpasse seg til klimaendringar. Kvifor ikkje gå inn i desse viktige spørsmåla?

I staden har redaksjonen valt ei ubalansert framstilling, der all skepsis og motstand mot «framskrittet» blir målbore av aktivistar som Kurt Oddekalv og Greenpeace, mens alle forskarane som er intervjua er for. Meldinga frå redaksjonen er at dersom du har kritiske innvendingar til desse temaa, så er du i same uvitskaplege bås som homeopatar og healerar.

Her svikta Folkeopplysningen som vitskapsformidlar.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter og NRK Debatt på Facebook