Hopp til innhold
Kronikk

Fjordbyen må vakne

Oslo, du har gratis infrastruktur rett framfor nasen. Bruk den!

Operaen og Barcode

Operaen i Oslo med Barcode i bakgrunnen i solnedgang. Skal du ta fjordbyen på alvor, må du bruka den hypermoderne, norskutvikla teknologien og tenkja nytt om kva ferjer er og kor dei kan gå, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I 2000 bestemte hovudstaden seg for å bli ein fjordby. Operaen og Barcode var først ute i det massive prosjektet kor bustader, næring og dei store kulturinstitusjonane skal samlast ved sjøsida. Men Oslo, dersom du verkeleg har seriøse planar for fjordbyen din, må du nesten kasta blikket over Langfjella og satsa litt. For akkurat nå skjer det ein teknologisk revolusjon langs Vestlandskysten.

– Å nei, endå ein skråsikker vestlandskronikk med veslebrorkompleks, med bønn om å bli sett? Slapp av. Eg skal berre fortelja deg kor heldig du er. Det kjem kanskje som ei stor overrasking, men maritim mobilitet er meir enn burgunderraud skai og sveler frå Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Den kan snu opp ned på bytransporten.

Gratis og vedlikehaldsfri

– Hadde det ikkje vore fint om vassvegen blir ei viktig transportåre igjen, spør Nancy Jøssang i Bergen næringsråd i eit glitrande debattinnlegg i Bergens Tidende. Ho skjønar ikkje kvifor byar ikkje bruker ein heilt gratis, vedlikehaldsfri infrastruktur, når dei fleste trass alt ligg ved sjøen. Næringsråd Jøssang veit at Noreg faktisk er verdsleiande innanfor ei veksande og berekraftig næring – og som kan bli vesentleg for livet etter olja.

Urban Water Shuttle, berre éi av mange gode nyvinningar frå den kanten, er ein flytande t-bane, Vestlandet skaper batteridrivne snøggbåtar med energisparande skrog og trådlaus lading. Det skjer samstundes med at byar som London, New York, Stockholm og Vancouver gjenerobrar sjøvegen. Dette handlar ikkje om at Jøssang bruser med bergensfjørene. Ho har forstått noko heilt grunnleggjande om framtidas berekraftige byutvikling.

Oslo, du har gratis infrastruktur rett framfor nasen.

Maritim mobilitet passar oss ypparleg. Nokre tusen år med sjøfart har skapt byar langs sjøen. Historisk sett er det berre ein ørliten periode me har neglisjert sjøen som infrastruktur. Korleis kunne dette skje? Politisk styrte prosessar let privatbilismen dominera etter krigen. Den, saman med nedgang i kollektivtransport og mindre industriell aktivitet langs sjøsida er grunnen til at byen vende ryggen til sjøen som infrastruktur, skriv UITP International Association of Public Transport.

Sjøen blei ein barriere som skulle overvinnast. Det har blitt dyrt langs vår 103 000 kilometer lange kystlinje. I dag er båtreiser på fattige 1,8 prosent. Sundbåten i Kristiansund, Byferga i Fredrikstad, bergenske «Beffen» og båtane i Kragerø er heiderlege unntak.

Byar satsar

Nå har større byar i utlandet forstått verdien av sjøvegen. På grunn av kapasitetsproblem i landtransporten, satsar New York massivt på ferjer. Dei vil ha nye samband langs sjøsida på Manhattan og over til Brooklyn, Bronx og Long Island. I London går Thames Clippers på Themsen, kor ferjeleia er integrerte med tog og undergrunn.

Stockholm satsa på båt då dei utvikla bydelen Hammarby sjöstad. Den blei mogleg med gratis ferje til Södermalm. I Vancouver fraktar Aquabus-ferjene både syklar og folk, så mjuke trafikantar kan ta kortaste veg.

Historisk sett er det berre ein ørliten periode me har neglisjert sjøen som infrastruktur.

Denne interessa for maritim mobilitet heng tett saman med sjøsideutvikling, ifølgje UITP. Frå 1970-talet gjorde nedgang i industriell produksjon at store, urbane område blei frigjort. Revitaliseringa av sjøsida er ei hovudsatsing for Oslo. På 1990-talet blei Aker mekaniske verkstad til Aker Brygge. Men hovudstaden har ennå ikkje forstått kva rolle sjøen kan spela som infrastruktur

Hav av mogelegheiter

I Oslo hamn finst eit hav av moglegheiter. Dei siste par hundre åra har ho vore overgangen frå sjøveg til landtransport, noko som er grunnen til at Oslo S ligg nettopp her. I dagens berekraftige byutvikling er jernbanen ryggrada. Heldigvis. Utanom tradisjonsrike signalfeil og buss for tog-problematikk, er toget eit tolig godt alternativ for miljøvennleg massemobilitet.

Den korte avstanden mellom knutepunktet Oslo S, fjordbyen og sjøsida skapar eit enormt potensial for nye ferjesamband til utbyggingsområda langs Oslofjorden. Fornebubåten kan vekkjast til live igjen. Filipstad har uante moglegheiter. Du kan få i pose og skipssekk, Oslo!

Nå har større byar i utlandet forstått verdien av sjøvegen.

Og i tilfelle du ikkje har oppdaga det: Andre norske byar brukar elferjer til byutvikling. Nyleg raste elferjedebatten i Drammens Tidende. Utbyggjarar, befolkning og eit politisk fleirtal vil ha båtsamband frå eit utviklingsområde som skal koplast til sentrum. Spørsmålet er berre når. I Bergen, der elektriske «Beffen» i Bergen framleis går over Vågen, planlegg kommunen eit elferjesamband mellom sentrum og Askøy. Eit Urban Water Shuttle-fartøy skal gå frå 2019. Ferja er altså ikkje ein fellesferiekuriositet, men effektiv, miljøvennleg og rimeleg transport for framtidas byutvikling.

Oslo, du har gratis infrastruktur rett framfor nasen. Skal du ta fjordbyen på alvor, må du bruka den hypermoderne, norskutvikla teknologien og tenkja nytt om kva ferjer er og kor dei kan gå. Med få investeringar kan du ta steget inn i framtida. For på sjøen er det aldri buss for tog. Det er båt for båt.

Følg Facebook og Twitter