Hopp til innhold
Kronikk

Fitteforteljingar

Spørsmålet om fitta er fin eller stygg, normal eller unormal i sitt utsjåande er ei avsporing. Eg saknar forteljingar om fitter som fokuserer på funksjon, heller enn estetikk.

Kvinne i truse

«Ingen fleire forteljingar om kvinnekroppen som objekt. Ingen fleire artiklar om intimbarbering og estetikk. Kroppen, inkludert kjønnsorgana, er ikkje ting. Som Simone de Beauvoir skreiv: Kroppen er ein situasjon».

Foto: Colourbox

Eit klassisk triks før langtur er å stussa rævskjegget. På denne måten sparer ein forbruket av dopapir og det er eit fint hygienetiltak når det er få moglegheiter til ein skikkeleg vask. Førre gongen gjekk eg dessverre litt for ivrig til verks med saksa og enda opp med å stussa heile dusken uvanleg kort.

Det viste seg å vera ein tabbe.

Kjønnsleppene var no ikkje lengre dekka av langt og beskyttande hår. Som ein konsekvens gjorde det plagsamt vondt å sykla. Faktisk var det også ubehageleg å gå i dongeribukse. For som mange andre vaksne kvinner heng dei indre kjønnsleppene lenger ned enn resten. Utan beskyttande hår, som heldigvis er endå lengre, blir det fri eksponering og friksjon i kontakt med bukser og sykkelseter.

«Eg må til kirurg»

Etter å ha lese meg gjennom ein god del artiklar om underlivsestetikk og intimkirurgi den siste tida, innser eg at eg kunne trekt følgjande konklusjon etter friseringa:

Det gjer vond å sykla og gå i trong dongeribukse fordi dei indre kjønnsleppene heng lengre ned enn dei ytre (i tillegg er den eine lengre enn den andre). Det må vera noko gale med fitta mi (usymmetrisk og plagsam). Eg må til kirurg.

Å vera overivrig med saksa var ein dårleg ide. Det gjer eg ikkje igjen.

Den konklusjonen eg syns var mest nærliggande der og då var: Å vera overivrig med saksa var ein dårleg ide. Det gjer eg ikkje igjen. Og så må eg sjå til å kjøpa meg eit nytt sykkelsete så fort som mogleg. Og heldigvis ordna kroppen sjølv opp i tabben innan rimeleg tid; i motsetnad til avklipte kjønnsorgan veks hår ut igjen.

«Er fitta fin/stygg?»

Tilbake til artiklane, og samtalane, om fitteestitikk og intimkirurgi. Eg har med stor interesse notert meg tekstane til fleire gynekologar og skribentar som den siste tida har sett eit kritisk søkelys på auka i estetisk grunngjeven intimkirurgi, til dømes Pernille Nylehn, Agnethe Lund på NRK Ytring og Tilde Broch Østerborg.

Det eg saknar no er forteljingar om fitter som fokuserer på funksjon, heller enn estetikk.

Eg er overraska og sjokkert over deira rapport frå røynda:

  1. Alle under 70 barberer musa.
  2. Det breier om seg med fortvila kvinner som har alvorlege plager i kvardagen fordi dei har ei oppfatting av at fitta deira er stygg og/eller unormal. Kor i alle dagar kjem den ideen frå? Pornoen, delar av legestanden, tilbydarar av intimkirurgi, sexpartnarar, sosiale media, vennegjengen? Det skulle eg likt å vita.

Dei dominerande forteljingane om fitta ser ut til å handla om to spørsmål: «Er fitta fin/stygg?» og «Er fitta normal/unormal?». Det eg saknar no er forteljingar om fitter som fokuserer på funksjon, heller enn estetikk.

Ja til variasjon

Eg kjem på fleire basisfunksjonar knytt til underlivet, som eg reknar med vil vera av ei viss interesse for mange: Lyst, sex og orgasme, vasslating og tarmtømming, reproduktive funksjonar og blødingar. Dei av oss som har hatt kortvarige, langvarige eller permanente plager knytt til desse funksjonane veit at du har all grunn til å vera nøgd dersom alt dette fungerer sånn nokolunde. Spørsmålet om fitta er fin eller stygg, normal eller unormal i sitt utsjåande er rett og slett ei avsporing.

Det ville vore forfriskande med fleire forteljingar om fitter som fokuserer på kvinners lyst og seksuelle praksis, som Maren Bakkevoll i Aftenposten førre veke. Trass i seksualisering av offentlegheita og mange diskusjonar om sex, grenser og valdtekt, så er det forbausande taust om kvinner som handlande seksuelle subjekt.

Altså forteljingar der kvinnekroppen ikkje først og fremst er eit objekt for andre sitt blikk og lyst. Ja til fleire forteljingar om seksuell praksis og variasjon (oralsex, vaginalsex, sex med hendene, sex med seg sjølv, sex med andre samtykkande vaksne av alle kjønn. Kva er din favoritt?).

Eit søkelys på fittekirurgiindustrien er openbart heilt naudsynt

På den andre sida etterlyser eg også fleire forteljingar om underlivsplager. Det blir snakka alt for lite om vestibulitt, infeksjonar, urin- og tarmlekkasje etter fødsel, depresjon, blødingar og redusert sexlyst på grunn av hormonelle prevensjon, og så bortetter.

Meir fitteplager

Det blir også forska alt for lite på kvinners underliv(plager). Derfor er kunnskapen om god behandling alt for dårleg. Som Kilden peiker på: «Vaginale infeksjoner er den vanligste årsaken til at kvinner går til legen, men det finnes ikke gode medisiner. (De som vil) forske på feltet, får ikke finansiering». Dette – fittefrendar og sisters in arms – burde me snakka mykje meir om, og få gjort noko med litt fort!

Kroppen, inkludert kjønnsorgana, er ikkje ting

Eit søkelys på fittekirurgiindustrien er openbart heilt naudsynt. Fleire kvasse og opplysande artiklar om saka er på sin plass. Samstundes skulle eg ønska at me heller kunne snakka om noko heilt anna. Ingen fleire forteljingar om kvinnekroppen som objekt. Ingen fleire artiklar om intimbarbering og estetikk.

Kroppen, inkludert kjønnsorgana, er ikkje ting. Som Simone de Beauvoir skreiv: Kroppen er ein situasjon. Det er vår måte å vera i verda på. Det finst andre måtar å vera i verda på enn å dyrka kroppen som objekt. Kan me, både individuelt og kollektivt, fokusera på det?

Følg debatten: Twitter og Facebook

Denne teksten vart fyrst publisert på bloggen Maddam.no