Replikk

Ferjer for folk flest

Eg forstår godt at folk blir opprørte over auka ferjeprisar. Staten tek sin del av ansvaret og gjer forbetringar, no må fylkespolitikarane gjere det same.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp)

Ferjeopprøret fekk Nordland fylkeskommune til å innsjå at dei høge billettprisane var urimelege. No håper eg det same skjer i mitt heimfylke, Møre og Romsdal, skriv samferdsleminister Jon Georg Dale i replikken.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

At auken i ferjetakstane langs kysten er krevjande for mange, forstår eg godt. Eg er frå ein plass der vegen stoppa på ferjekaia. Difor er dette ein viktig sak for meg, både personleg og som samferdselsminister.

Aller først: Vi må alle ta ansvar for våre eigne ting.

Staten har ansvar for ferjene på riksvegar. Der held vi prisane nede, og vi gjer forbetringar i AutoPass-ordninga for å gjere det lettare og billegare for passasjerane.

Fylkeskommunane har ansvaret for ferjene på fylkesvegar. I 2020 har dei valt å sette prisane betydeleg opp.

Regjeringa har totalt sett styrka økonomien til desse fylka dei siste åra.

Fylkespolitikarane bør snu

Det er ikkje rart folk og næringsliv blir frustrert og gjer opprør. Det er bra. Det er folkeleg engasjement som driv verda framover.

No har heldigvis ferjeopprøret fått det politiske fleirtalet i Nordland fylkeskommune til å innsjå at dei høge billettprisane var urimelege. Dei har gjort kuvending og seier at dei skal sette ned takstane.

Det er bra, og eg vil gi dei honnør for å ta ansvaret sitt.

No håper eg berre fleirtalet i mitt eige heimfylke, Møre og Romsdal, let seg inspirere av det som har skjedd i nord.

Vi må alle ta ansvar for våre eigne ting.

Milliardbeløp frå staten til grøn ferjeteknologi

Ferjefylka har fleire forklaringar på kvifor dei har auka ferjetakstane. Ei av dei er at staten har pålagt fylka å innføre låg- og nullutsleppsferjer på fylkesferjesambanda, men ikkje kompensert fylka for det. Det stemmer ikkje.

Det er ingen konkrete pålegg frå staten om dette. Men vi har oppmoda fylka til ei slik omlegging, og stimulert til det gjennom ulike støtteordningar. GjennomEnova, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd har staten dei siste åra utbetalt meir enn 1,6 mrd. kroner til utvikling av grøn ferjeteknologi, drift og nødvendig infrastruktur, som ladestasjonar.

Det er folkeleg engasjement som driv verda framover.

Betre økonomi i fylka

Den andre forklaringa er at fylka ikkje får overført nok pengar frå staten. Saka er at norske fylke har hatt gode økonomiske resultat dei siste åra. Faktisk har dei hatt eit driftsoverskot på over tre milliardar kroner.

Samstundes opplever fleire fylke svak befolkningsutvikling. I Nordland har dei til dømes tatt høgde for mindre utbetalingar frå staten grunna dette.

I 2018 endra vi på den såkalla båt- og ferjenøkkelen, som avgjer fordeling av midlar til fylkeskommunane. Etter endringa kom både Nordland og Møre og Romsdal betre ut økonomisk. I tillegg blei båt- og ferjefylka styrka med 100 mill. kr i året.

Det er viktig at stat og fylke tek det ansvaret dei har for å løyse situasjonen.

Med andre ord: Regjeringa har totalt sett styrka økonomien til desse fylka dei siste åra.

Rabattane kjem tilbake

Så er det innføringa av AutoPass-ordninga, som for nokon har ført til auka prisar på ferja. Det tek eg ansvar for. Det stemmer at overgangen frå det gamle systemet førte til at nokre rabattar blei borte. Det har vi no retta opp i.

No vil vi sjå på andre moglege endringar som kan sørge for enda betre rabattar for dei som brukar ferjer mykje og ofte.

Eg er frå ein plass der vegen stoppa på ferjekaia.

Eit felles ansvar

For folk og næringsliv som er avhengig av ferja, er det synd at ferjetakstane aukar på denne måten. Det er viktig at stat og fylke tek det ansvaret dei har for å løyse situasjonen.

Eg tek ansvar for det eg har ansvar for.

No håpar eg fylkespolitikarane gjer det same. Nordland har snudd, og eg håpar det inspirere fleire.

Det fortener kystfolket.

Les kronikken: