NRK Meny
Kommentar

Fem grunnar til fleire korrespondentar

NRK utvidar korrespondentkorpset. Trass i at tilgangen på informasjon aldri har vore større.

Aktualitetsmagasin fra NRKs utenriksredaksjon. Går i dybden med ulike perspektiver på aktuelle saker fra hele verden. NRKs utenrikskorrespondenter bidrar med analyser og historier. Programledere er Hege Moe Eriksen og Gry Blekastad Almås.

Korrespondenten skal også gi bakgrunn og oppleving. På NRKs digitale plattformer, i Søndagsrevyens utanriksflate, i eit raskt veksande Urix, skriv Knut Magnus Berge.

Det er paradoksalt. Alt er jo tilgjengeleg på nett. Times of India, Al Jazeera, BBCs korrespondentar.

Likevel utvidar no NRK korrespondentnettet. Med Kristin Solberg i Istanbul og Guri Norstrøm i Berlin.

Her er fem gode grunnar til det.

1. Verda pressar seg på.

Flyktningetragedie i Middelhavet. Krig i Ukraina. IS, framandkrigarar og terrorfrykt.

Samanhengen mellom det som skjer ute og heime blir tydelegare. Vi treng norske journalistar ute for å rapportere heim.

Derfor var Sigurd Falkenberg Mikkelsen nettopp i Syria og Morten Jentoft i Ukraina. Og derfor møtte Åse Marit Befring båtflyktningar på Lampedusa, mens Christine Præsttun reiste til Somaliland for å finne ut kvifor dei hadde flykta.

2. Dokumentasjon

Aldri før har tilgangen på informasjon vore større. Men korleis skilje sanning frå løgn? Kva er fakta, kva er propaganda, kva skjedde?

Aldri før har tilgangen på informasjon vore større. Men korleis skilje sanning frå løgn?

Knut Magnus Berge

Under jordskjelvkatastrofen i Nepal spreidde eit bilde seg på sosiale medium. Eit foreldrelaust søskenpar. Toåringen knuga seg inntil fireåringen – som held ei broderleg hand over henne. Det var eit hjerteskjærende dokument over tragedien i Nepal.

Men bildet er tatt i Vietnam i 2007.

For å kunne dokumentere må ein vere til stade. Derfor var Peter Svaar og Philip Lote i Nepal etter jordskjelvtragedien. Og derfor var Sverre Tom Radøy i Liberia under Ebola-utbrotet.

3. Journalistisk integritet

Det står ofte strid om NRKs utanriksjournalistikk. Tidvis trår vi feil. Og vi blir søkt påverka. Av pressgrupper ute og heime som ønskjer ei bestemt sanning formidla. Ikkje minst i dei store konfliktane. Men vi meiner nærvær og kompetanse bygger truverd og integritet.

Målet er å gi ei balansert og rimeleg dekning. Men kva er det? Korleis balansere mellom sterk og svak?

Vi freistar å legge menneskerettar og folkerett til grunn, sleppe relevante stemmer og motstemmer til, og etterprøve. Som då Jan Espen Kruse dokumenterte regulære russiske troppar på Krim i fjor vår.

4. Gode nyheiter er også nyheiter

Utanriksjournalistikk handlar ofte om krig og katastrofe. Men vi må vise breidde.

FNs tal dei seinare åra har stort sett vist at det blir færre krigar og mindre fattigdom.

Denne våren kan Gro Holm og Tove Bjørgaas fortelje om ei oppmjuking av forholdet mellom USA og Cuba.

At informasjonstilgangen aldri har vore større gjer det meir nødvendig å ha eigne korrespondentar ute. Ikkje mindre.

Knut Magnus Berge

Korrespondentanes fremste oppgåva er nyheitsformidlinga. I Dagsrevyen, i Dagsnytt og på nrk.no. Sist veke rapporterte Espen Aas og Gry Blekastad Almås frå valthrilleren i Storbritannia.

Men korrespondenten skal også gi bakgrunn og oppleving. På NRKs digitale plattformer, i Søndagsrevyens utanriksflate, i eit raskt veksande Urix.

5. NRKs samfunnskontrakt

Når Kristin Solberg og Guri Norstrøm denne månaden er på plass i Tyrkia og Tyskland, har NRK faste korrespondentar i Istanbul, Berlin, Brussel, Beijing, Kairo, Moskva, Nairobi, London og to i Washington. Og Arnt Stefansen skal jobbe frilans frå Rio de Janeiro.

Utanriksfeltet er i kjernen av NRKs oppdrag som allmennkringkastar. Derfor styrkar vi dekninga av Aust-Europa, Sørvest-Asia og Sør-Amerika.

At informasjonstilgangen aldri har vore større gjer det meir nødvendig å ha eigne korrespondentar ute. Ikkje mindre.