NRK Meny
Normal

Feit og frisk

Potensielt friske, men feite folk blir stempla som usunne. Medan tynne og usunne personar "går fri".

Overvektig, tykk, slanking

Det går ikkje an i dag å seia at fedme og overvekt i seg sjølv er livsfarleg. Inntil det finst solide bevis for at det er så farleg at det veg opp for kostnaden og biverknadane med å overvinna den, bør ein slutta med generelle helsekampanjar mot overvekt, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Veronika Sussmannova

Kronikkvignett Ytring

Kropp og vekt interesserer oss stort. Me har i vår og sommar hatt diskusjonar om pappakroppen og høyrt om barn som er uroa over vekta si. Helsestyresmaktene har kamp mot overvekt høgt på agendaen.

Som nyutdanna lege har eg blitt slått av kor mykje vekta og kroppsfasongen uroar og pregar tankane og liva til mine overvektige pasientar. Skuldkjensla og mindreverdet skin ofte gjennom i samtalane dei har med meg.

Lettvint tilnærming

Men det er nå mange forskarar og legar som meiner me har hatt ei altfor lettvint tilnærming til temaet, og at biverknadane (mobbing, depresjon, mindreverdskjensle) er så fæle at me nå må stoppa den einsidige krigen mot kiloa.

Les også: Pappakropp og journalistane

Ein er ikkje nødvendigvis usunn berre fordi ein er feit, men ein kan bli feit av å vera usunn.

Observasjonsstudiar

Grunnen til at overvekt er sett på som eit helseproblem er i stor grad basert på observasjonsstudiar. Slike prøver å finna årsaker til eit helseproblem ved å samanlikna ei gruppe sjuke med ei gruppe friske.

Ein er ikkje nødvendigvis usunn berre fordi ein er feit, men ein kan bli feit av å vera usunn.

Øystein Bergøy, Lege

I studiane finn ein at overvektige oftare har sjukdommar som fører til tidlegare død som sukkersjuke og åreforkalking. Då kan det vera freistande å seia at overvekta er ein av årsakene til at desse døyr yngre enn normalvektige.

Støy

Dette er likevel ikkje så lett. Det er svært vanskeleg å seia noko om kva som fører til kva med ein observasjonsstudie. Er det overvekta som gjev meir sjukdom som igjen fører til tidlegare død? Eller er det noko anna som gjev personen både overvekt og ein tidleg død? Dette anna kan vera forskjellar i kosthald, trening, yrke, sosioøkonomisk status og eksisterande sjukdom. Me kan kalla desse utfordringane for støy.

Det å vera feit er sannsynlegvis ikkje farleg i seg sjølv, men berre eit teikn på for eksempel dårleg form.

Øystein Bergøy, Lege


Det er forsøkt å rydda i denne støyen ved å sjå på kva rolle fysisk aktivitet, form (ikkje kroppsfasong) og kosthald speler. Blant anna fann ein meta-analyse (samling av fleire studiar) frå i fjor at overvektige og personar med fedme som var i god form hadde like gode utsikter for eit langt liv som normalvektige i god form. Det å vera feit er sannsynlegvis ikkje farleg i seg sjølv, men berre eit teikn på for eksempel dårleg form.


I tillegg kjem det stadig meir forsking som sår tvil om at overvekt er farleg i seg sjølv. Ei samanfatting av fleire studiar publisert i det anerkjende tidsskriftet Journal of the American Medical Association, viste at det å vera lett overvektig gjorde det meir sannsynleg å leva lenger enn dei andre studiedeltakarane

Feite kan leva sunt

Men kvifor er det så viktig å finna ut om det er fedmen eller dårlege vanar som er farleg? Er ikkje kuren uansett betre kosthald og meir trening? Det burde ikkje vera naudsynt å seia, men feite kan leva sunt.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Twitter

Potensielt friske, men feite folk blir stempla som usunne, medan tynne og usunne personar "går fri". Dette er dårleg gjort overfor begge grupper.

Vekta bestem om du er usunn

Tynne med usunn livsstil kan vera på veg mot ein tidlegare død, men dei får ikkje vita det fordi helsekampanjar fortel at det er vekta som viser om du er usunn eller ei. Me veit at overvektige og personar med fedme er meir deprimerte enn andre. Merkelappar som "sjukleg overvektige" og "morbidly obese" hjelper neppe på sjølvbiletet deira.

Det burde ikkje vera naudsynt å seia, men feite kan leva sunt.

Øystein Bergøy, Lege

Viss me likevel skulle fått sterkare bevis for at fedme og overvekt i seg sjølv er farleg, er behandlingsalternativa ineffektive, dyre og med fare for alvorlege biverknadar.

Uheldig for folkehelsa

Livsstilsendringstiltak aleine er krevjande for å få vekta ned slik at det monnar. Ein meta-analyse utført av det anarkjende og uavhengige U.S. Preventive Services Task Force er eit godt eksempel på det. Denne antyder at ein bør ha eitt møte med helsepersonell eller liknande per månad eller oftare for å halda motivasjonen oppe for å ha ein reell sjangs til å gå meiningsfullt ned i vekt.

Ved å så einsidig angripa fedme og overvekt, kan ein kanskje paradoksalt nok mista treningsmotivasjonen sidan vekta ikkje går ned så mykje som ein ønskja seg. Difor kan fedmekampanjane totalt sett kanskje ha eit uheldig utfall for folkehelsa?

Det går ikkje an i dag å seia at fedme og overvekt i seg sjølv er livsfarleg.

Øystein Bergøy, Lege


Fedmeoperasjonar får folk ned i vekt, men dei har store biverknadar og har ennå ikkje vist å kunna forlengja liv eller forhindra alvorleg sjukdom. Inntil meir forsking ligg føre, bør me sjå på fedmekirurgi meir som ei blanding av symptombehandling for enkelte sjukdommar og kosmetisk kirurgi.

Ikkje livsfarleg i seg sjølv

Det er likevel ikkje slik at alle råd om slanking er unødvendige. For mange kan det vera viktig der ekstra kroppsvev eller vekt er ein klart forverrande faktor eller den direkte årsaka til sjukdommen – som halsbrann, slitasjegikt eller søvnapné.

Les også: Helsesøstera sa at hennar 6 år gamle dotter var for tjukk

Det går ikkje an i dag å seia at fedme og overvekt i seg sjølv er livsfarleg. Inntil det finst solide bevis for at det er så farleg at det veg opp for kostnaden og biverknadane med å overvinna den, bør ein slutta med generelle helsekampanjar mot overvekt.

Ein bør heller vri dei over til tiltak som det er betre bevis for at gir betre helse, som auka fysisk aktivitet og betre kosthald (kva nå enn det er). Dette er også billegare, medfører sjeldan biverknadar og stemplar ingen ut frå sitt ytre.