Kronikk

Farlege faktafeil om oljesøl og fisk

Karl Eirik Schjøtt-Pedersens måte å framstille fakta på, byrjar å bli pinleg.

Hyse

Oljesøl vil skade fisk i tidleg livsfase, skriv kronikforfattaren. Fisken øvst er slik en hyseyngel skal sjå ut. Nedst ser du korleis yngelen kan utvikle seg når egget blir utsett for olje, med skjeiv ryggrad og utan underkjeve.

Foto: Havforskningsinstituttet

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk Olje og Gass har den siste tida hevda at eit oljesøl i Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje vil truge skreibestanden.

For å unngå å redusere fiskebestandane, bør ein unngå oljeboring.

Schøtt-Pedersen feiltolkar

Utgangspunktet er Havforskingsinstituttets forskingsprosjekt, Eggtox, som viser at sjølv små mengder olje gjer store skader på fiskeegg, -larver og -yngel. Dei blir deformerte og vil ikkje overleve i naturen.

Skal ein følge føre var-prinsippet styrkar den nye kunnskapen argumentet for å halde desse områda oljefrie. Den tilgjengelege kunnskapen seier at oljesøl vil skade fisk i tidleg livsfase, og at det kan påverke storleiken på fiskebestandane. For å unngå å redusere fiskebestandane, bør ein unngå oljeboring ettersom det medfører risiko for ulykker.

I Schjøtt-Pedersens framstilling av desse forskingsresultata er likevel føre var-tankegangen heilt fråverande. I Dagens Næringsliv 23. august skriv han tvert imot: “Havforskningsinstituttet slår nå tydelig fast at det ikke er noen fare for skreibestanden”. Dette har blitt Schjøtt-Pedersens vante refreng i fleire innlegg og radiodebattar, trass i at Havforskingsinstituttet fleire gonger har sagt at forskinga ikkje kan tolkast på den måten. Forskarane ved instituttet er krystallklare i rådet sitt om at desse sårbare områda bør haldast oljefrie.

Norsk Olje og Gass bruker den kunnskapen som passar bodskapen deira.

Norsk Olje og Gass har tatt det til inntekt for saka si at Havforskingsinstituttet seier at skreien er meir hardfør enn annan fisk. Det er eit stykke derifrå til at det ikkje er «noen fare for skreibestanden», slik Schjøtt-Pedersen påstår. Det Havforskinginsistuttet har sagt er: «Vi ser i denne studien at en stor og sunn fiskebestand, slik som skreien er i dag, kan tåle store tap på en årsklasse uten at dette påvirker bestanden og fiskeriene alvorlig – Men i lokale og mindre sterke bestander, samt bestander som rekrutterer mer ujevnt mellom år, vil slike tap kunne ha større konsekvenser».

Sårbare hyseegg

I ordskiftet om olje i Lofoten, Vesterålen og Senja snakkar Schjøtt-Pedersen på innpust og utpust om behovet for meir kunnskap, men han er tydelegvis ikkje så opptatt av det når det ikkje passar inn i hans historie om den risikofrie olja.

Schjøtt-Pedersen snakkar til dømes ikkje om dei andre resultata frå Eggtox-studien, som mellom anna viser at hyseegg er veldig sårbare for oljesøl sidan dei har eit kleiment (klistrete) eggeskal. I Lofoten, Vesterålen og Senja føregår det fiske på meir enn berre skrei, og hyse er viktig for heilårsfisket. Når Norsk Olje og Gass berre fokuserer på skreien, svarer dei ikkje på spørsmål som: Kva med risikoen for dei andre fiskeslaga, korleis vil nedgang i hysebestanden påverke fisket? Eller: Kva med skaden på resten av økosystemet i området, som verdas største kaldtvasskorallrev og fastlands-Europas største sjøfuglkoloni?

Norsk Olje og Gass nedvurderer ulempene for fiskeria.

At Norsk Olje og Gass bruker den kunnskapen som passar bodskapen deira finst det også andre døme på. Dei viser ofte til forskingsprosjektet “Symbioses” frå 2017, som viste at ei oljeutblåsning i Lofoten kan redusere torskebestanden med 12 %. Dei unnlèt å seie at då resultata blei presentert av seniorforskar JoLynn Caroll presiserte ho at modellen som var brukt var basert på avgrensa kunnskap omsett i forenkla matematiske uttrykk.

Eit anna døme på at Norsk Olje og Gass nedvurderer ulempene for fiskeria er korleis dei bruker DNVs rapport «Miljørisikoanalyse for Norskehavet nordøst» frå 2012. Den viser at ei ulykke med utblåsing frå oljeinstallasjon på sjøbotn gir 50 % sannsyn for “betydeleg miljøskade” på fisk – som vil seie at det tar 3–10 år før gytebestanden av torsk er tilbake på nivået den var før ulykka skjedde.

Dramatisk for Noregs omdømme

Dette har Schjøtt-Pedersen utruleg nok framstilt som uproblematisk. Som han skreiv i Lofotposten 25. april 2016: «Sjølv med en slik hending vil skaden på bestanden ikke være mer alvorleg enn at bestanden sjølv kan rette dette opp i løpet av 3- 10 år». Schjøtt-Pedersen trekk ofte fram at han har vore fiskeriminister, men viser ikkje særleg mykje forståing når han kan lire av seg slike påstandar. Det vil jo vere dramatisk for kystsamfunn bygd på fiskeri om fiskebestandane kan bli svekka i opptil ti år! For ikkje å snakke om omdømmet til Noreg som leverandør av rein og sunn sjømat.

At Norsk Olje og Gass aksepterer gambling med fiskeressursane våre er ufatteleg.

Frå tidlegare erfaring med oljeulykker veit ein at oljesøl kan øydelegge fiskebestandar. Etter forliset av Exxon Valdez-tankaren i Alaska i 1989 blei fiskeegg- og larver ramma av oljesøl, og på grunn av dette er sildebestanden der forsvunne i dag. Me har ikkje råd til å ta slike risikoar i Noreg. At Norsk Olje og Gass i det heile tatt er villig til å akseptere gambling med naturen og fiskeressursane våre er ganske ufatteleg. I sommar åtvara Schjøtt-Pedersen mot miljørørsla sine argument mot olja i ein kronikk på NRK Ytring med tittelen “Når faktafeil blir farlege”. Det er likevel hans eigne logiske fallgruver og uærlege framstillingar av fakta som verkeleg er farlege for sårbare fiskebestandar.