NRK Meny
Kronikk

Få bort sidemålsstilen no!!

Å arbeide for sidemålsstilen, er å arbeide mot samfunnet, mot forlag, mot føresette og mot elevar. No orkar eg ikkje meir.

Lærer og elever i klasserom under gruppearbeid

«Frå og med no skal eg leggje alle mine krefter i kampen mot sidemålsstilen – og skulle ein politikar tørre å seie meg imot, skal han eller ho få vere med meg i timane, få lese tekstane og med eigne auge sjå kor ille det er», skriv kronikkforfattaren. Ill.foto.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Eg har kjempa, eg har slite, eg har halde fana høgt og eg har vore ein av dei som har kjøvt alle argument frå motstandarane med at dei elskar eit kjønnslaust språk som ikkje ein gong har røter i det norske. Eg har vore harmdirrande usamd med dei som har ytra så mykje som eit ymt om at vi må få bort opplæringa i våre to skriftspråk.

Som lærar har eg i alle år halde fana høgt, og til tider har det vore einsamt. Kven i all verda kjempar for nynorsken i dag, liksom. Eg – og målrørsla! Eg er ikkje ein målmann, ikkje med i rørsla, men ein heilt vanleg person frå «bokmålsbyen» Kristiansand som liker å skrive nynorsk.

Far min kjem frå Drangedal, kan hende er det der det kjem frå, at eg er stolt av det nynorske språket. Eg finn det uhorveleg vakkert, og har så fin ein klang. Det er så poetisk at det er som papiret syng medan eg skriv.

Eg liker at det nynorske språket er røtene våre, og all kjennskap vi har om landet vårt, er soge på det nynorske målet. Det språket dei tala og skreiv for hundrevis av år sidan, det reine og opphavlege, finst inst i oss alle saman. Når nokon spør om kva det er å vere norsk, har fyrste bod vore at du kan skrive nynorsk!

Eg har halde med politikarane. Sjølv om det har vore skiftande fagplanar, vaklande meiningar og argument så svake at berre ein målmann kunne nikke anerkjennande, har eg vore på deira side. For nokre få år sidan var politikarane samde om at no skulle sidemålsstilen bort. Nett innan dei skulle setje i verk dei nye retningslinene, vart fleire så ottefulle og fælne at dei likevel ikkje torde. Då var eg nøgd og heldt med dei vaklande og meinte at dei slett ikkje handla varleg, men vitugt. Tenk å kaste på båten det som skil oss frå alle andre!

I lærebøker, aviser, blad og romanar, er så å seie all skrift på bokmål. Det er eit språk som har skild seg meir og meir frå nynorsken, og står i dag fram som eit kjønnslaust språk – akkurat som dansken det har røtene i.

Det er nesten ingen som skriv pæra, jenta, avisa. Hokjønn er gått saman med guten, stolen og pålen til felleskjønn. Då vert det pæren, jenten og avisen. Det er så eg grøsser!

Til og med i lærebøker i norsk på vidaregåande skule, har dette kjønnslause språket teke over. Eg har kjempa ein kamp for å få elevane til å skrive hokjønn. Eg har mana jentene, for dei, om ingen andre, har eg hevda, må skrive mora og jenta. Kampen har vore nyttelaus – eg trur ikkje eg har klart å konvertere meir enn ei handfull.

I alle åra som lærar har eg kjempa mot elevane, mot føresette og alle som har eit hug mot Høgre og Framstegspartiet – partia som har vore ærlege heile vegen og sagt det som det er – få bort sidemålsstilen.

Eg har prøvd alt for å få elevane glade i nynorsk. Eg har nytta ulike metodar, didaktiske knep, skuva og lokka, inntil eg for tre år sidan gjorde det ytste! Det ultimate! Eg delte norskfaget i to – fyrste halve året skriv elevane alle tekstar på nynorsk (sidemål), og andre halve året på hovudmålet (bokmål). Eg oppmoda dei til å skrive nynorsk heile tida, i alle fag, på prøvar, e-postar og sms-ar. Håpet var å gjere språket til deira.

No må eg vere ærleg: Eg orkar ikkje meir!

Eg orkar ikkje å lære bort formverket om att og om att, få elevane til å pugge verb, substantiv og pronomen, skrive setningar, arbeide med lengre og lengre tekstar, rette og gaide og vegleie. Det er nyttelaust. Fånyttes. Eg rettar dei same feila – heile tida.

Å arbeide for sidemålsstilen, er å arbeide mot samfunnet, mot forlag, mot føresette og mot elevar. Med ein gong sist nemnde skal skrive nynorsk, er det som alle rullegardin går ned samstundes. Alt som dei har lært, er gløymt. Kvar ein regel er som floge bort ifrå hovudet, og dei skriv hovudsakeleg berre feil. Aller verst er det at dei skriv svakt, setningane heng ikkje saman og alt er eit salig rot. Der dei briljerer og er kreative på bokmålet, stotrar dei seg framover på eit eigeavla språk korkje dei eller eg skjøner. Dette kan ikkje halde fram.

Difor har eg snudd!

Eg vil ikkje meir.

Frå og med no skal eg leggje alle mine krefter i kampen mot sidemålsstilen – og skulle ein politikar tørre å seie meg imot, skal han eller ho få vere med meg i timane, få lese tekstane og med eigne auge sjå kor ille det er. Tør dei ikkje det, aner dei ikkje korleis det er i skulen. Aner dei ikkje korleis det er i skulen, då må dei halde munn. Så enkelt!

Sidemålsstilen må bort!

Følg debatten: @NRKYtring på Twitter og NRK Debatt på Facebook