Kronikk

Etter oljen skal Noreg leve av fisk

Eg finn ikkje eit argument for at vi skal setje gigantiske vindturbinar midt i havets fødestove.

Sildefiske

Mørekysten er ved sidan av Lofoten eit av dei viktigaste gytefelta i Noreg. Silda er mest dominerande. Her er fartyet MS Hillersøy på sildefiske på Mørekysten, eit fiske kronikkforfattaren meiner er sterkt trua.

Foto: Tony Meyer

Norske myndigheiter innvilga i 2008 konsesjon for å byggje eit vindkraftverk i det viktigaste gyteområdet for silda. Norsk vårgytande sild er ein av verdas største fiskeressursar. Det Noreg skal leve av etter oljen er truga, og det kan vi ikkje tillate.

Vindkraftverket Havsul I på Møre-kysten fekk frist til 2013 for å setje i gang, men fekk utsett fristen til 2020. Ein ny søknad om utsett frist vart igjen innvilga av NVE i slutten av mars i år, med klagefrist 27. april.

Vedtaket om tildeling er 12 år gamalt, og bygger sjølvsagt på utdatert kunnskap.

«Det vi ikkje veit har vi ikkje vondt av», heiter det i ordtaket. I forvaltning av natur kan nettopp det vi ikkje veit, gjere mest skade. Og det er vår plikt å finne flest moglege oppdaterte svar, og er vi usikre, skal «føre-var prinsippet» hentast fram frå innerlomma. Det er visst ikkje tema når det gjeld saka om Havsul I.

Det Norge skal leve av etter oljen er truga, og det kan vi ikkje tillate.

Vi som har fiska, har levd etter føre-var prinsippet lenge, tvilen skal kome fisken til gode, og vi har blitt regulerte eller stoppa, og det har vore rett. Rett nok har fiskarane også gjort dumme ting, men etter kvart som vi fekk ny kunnskap måtte vi endre tilnærminga til det vi gjorde. Det har vore ein suksess.

Politikarane har i mang ein festtale hylla seg sjølve for god fiskeriforvaltning og føre-var prinsippet, den beste forvaltninga i verda, blir det sagt.

Men når sterke utanlandske pengeinteresser bankar på døra til norske styremakter, – mjuknar politikarane, og føre-var prinsippet lir ein brå og sikker død.

I forvaltning av natur kan nettopp det vi ikkje veit, gjere mest skade.

Lovnader om arbeidsplassar, klimavenleg energi og litt eigedomsskatt, er godsakene som blir presenterte på glanspapir, av godt dresserte lobbyistar.

Den raude løparen blir straks rulla ut og gullungane blir vist veg inn i både den blå og den grøne åkeren.

Løgna om at vi treng den elektriske krafta, finn fotfeste i opinionen, saman med ein påstand om at det er dette som skal berge klimaet. Er det verkeleg dette som er den nye vinen, at vi skal øydelegge miljøet for å berge klimaet? Det høyrest ikkje særleg berekraftig ut, om nokon spør meg.

Tvilen skal kome fisken til gode.

Dei som stiller kritiske spørsmål blir bombarderte med forsking som talar oppdragsgjevar sin sak. Alt dette veit vi etter å ha kjempa i årevis for å få styresmakter og oljeselskap til å innrømme at seismisk skyting påverka livet i havet. Vi har heile tida visst at vi hadde rett, vi såg det i praksis. Men vi fekk aldri rett, fordi gullungane alltid sparkar gaukungane ut av reiret.

Eg har ikkje tal på kor mange forskingsrapportar eg har sett, som skal støtte den eine eller andre påstanden.

Men for oss som har vokse opp på havet, og ved kysten, er dette faktisk biologisk barnelærdom.

Er det verkeleg dette som er den nye vinen, at vi skal øydelegge miljøet for å berge klimaet?

Mange hugsar nok når dei som gutungar kasta småstein ned i stimen med små mort frå kaia. Den stakk sjølvsagt av fort, fordi lyden går fire gangar så fort i sjøen som i lufta. Denne grunnkunnskapen har dei ikkje i urbane høgblokker, rundt kaféborda i hovudstaden, eller i store deler av det politiske miljø.

Det er med fisk som med alle andre levande individ, livets start er den mest kritiske.

Mørekysten er ved sidan av Lofoten, eit av dei viktigaste gytefelta på kysten av Noreg. Silda er mest dominerande, men også sei og torsk gyt i dette området.

Når egg og larvar ser havets lys for fyrste gong, er dei som andre nyfødde, svært sårbare. Dei bitte små individa, har svært dårleg odds, når den varme Golfstraumen tek dei med seg, og førar dei i nordaustleg retning langs kysten.

Havsul I vil dei plassere midt i navlestrengen inn i økosystemet.

Svært få overlever, men oftast mange nok til at det kan bli ei god årsklasse med vaksen fisk.

Dette er prosessar som balanserer hårfint, mellom suksess og fiasko. Så hårfint at om ein gjer inngrep i havet som forstyrrar eller øydelegg desse prosessane kan det få alvorlege konsekvensar for fiskebestandane.

Havsul I vil dei plassere midt i navlestrengen inn i økosystemet. Vi veit veldig lite om korleis lyd og vibrasjonar påverkar gytevandring og gyteprosess, heller ikkje verknader på dei små stakkarane som er i drift langs land.

Eg har skrive mange spaltemeter om dei sårbare gytefelta. Av og til blir ein kalla bakstrevar eller ein som ikkje forstår den nye tid.

Min kunnskap om havet er ikkje akademisk, den er praktisk.

Det har eg stått oppreist i, for det mest framtidsretta vi kan gjere er å ta vare på dei verdiane vi fekk til låns, då dei fyrst menneska slo seg ned her på kysten.

Verdiar som har skaffa sysselsetting, skatteinntekter og mat på bordet i generasjonar. Det kan hende at isen er trygg, men er vi i tvil, går vi ikkje over. Vi kan laste opp rapportar, grafar og tørre tal til vi svimar av.

Til sjuande sist handlar det om å bruke det sunne vitet, og min kunnskap om havet er ikkje akademisk, den er praktisk.

Eg finn ikkje eit einaste godt argument for at vi skal setje gigantiske vindturbinar midt i fødestova.

Alle politiske parti er einige om at vi skal leve av havet etter oljen.

Om politikarane godtek dette vindkraftverket, reiser dei mange roterande monument over sin eigen inkompetanse.

Og føre-var prinsippet er bokstaveleg tala tatt av vinden.

Motvind Nordvest er ein ideell organisasjon som er opptatt av langsiktig og berekraftig samfunnsutvikling på kysten.