Hopp til innhold
Kronikk

Ernas populistar

I år hadde vi budsjettkrise. Om ikkje lenge kan vi risikere tillitskrise.

Venstre-leder Trine Skei Grande (f.

Statsministeren har latt populistane få fritt rom til å spele det polariserande spelet sitt, meiner kronikkforfattaren. Her er dei fire partileiarane (f.v.) Trine Skei Grande (V), statsminister Erna Solberg (H), finansminister Siv Jensen (Frp) og Knut Arild Hareide på pressekonferansen etter at dei blei samde om budsjettet om kvelden laurdag 3.12.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Denne veka møtte eg Ap-leiar Jonas Gahr Støre tilfeldigvis på ein vestlandsk flyplass. Vi vart ståande og prate litt. Eg sa at no hadde han vel gode dagar, no som budsjettkaoset utfolda seg i full offentlegheit. Tidlegare på dagen hadde eg sett ei statsministermåling som var veldig fordelaktig for Støre. Likevel svara han noko slik:

«Nei, eg vil ikkje sei det er gode dagar. La meg ta eit eksempel: No nettopp i tryggleikskontrollen her på flyplassen møtte eg ein vakt som ønska meg lukke til, men sa at han ikkje lenger gadd å bry seg fordi det var så mykje kaos og spel på Stortinget. Det som skjer, det skadar vårt politiske system».

Uforståeleg for dei fleste

Etter den korte samtalen med Støre tenkte eg mykje på dette. At ingen politikarar vinn på det som no skjer i Stortinget. Vi har lese overskriftene no i vekevis, med ord som «historisk budsjettkaos», «budsjettkrise skaper uvisse» og «klokka tikker mot regjeringskrise». Inntrykket blant oss som sit utanfor Stortinget har vore at kaoset på eit tidspunkt overtok. Det er nok eit inntrykk mange av dei på innsida vil kjenne seg igjen i.

Vi risikerer at vanlege folk vil slutte å ha tiltru til politikarar.

Det er ikkje sjans for at vanlege folk – veljarar som kvar dag går på jobb og gjer eit ærleg arbeid – får med seg nyansane i utviklinga frå møte til møte mellom partane i Stortinget. Du skal vere ganske tett på prosessen for å få det med deg, kanskje så tett at du helst bør sitte på innsida av rommet der forhandlingane skjer. Vi risikerer at avstanden mellom folk og politikarar aukar.

Viss vanlege folk ikkje forstår kva politikarane driv med, risikerer vi at vanlege folk vil slutte å ha tiltru til politikarar.

I Norge er vi heldigvis endå godt stilt når det gjeld tillit, men vi har mange alarmerande signal.

Politikarar som ropar ulv

Budsjettkaoset har i seg vore eit faretrugande signal. I realiteten har eit populistisk høgreparti fått diktere ein budsjettprosess med eit ultimatum som skapar kaos, utryggleik og rokkar ved den stabile ordenen i Stortinget. Statsministeren har latt populistane få fritt rom til å spele det polariserande spelet sitt. Med unntak av 36,9-formuleringa til Jagland er det få eksempel på at ei mindretalsregjering i Norge har stilt den typen ultimatum.

Kva førte dette til? Jo, at politikarane sat inne i eit lukka rom i Stortinget og krangla utan å bli einige om det viktigaste politiske dokumentet for Norge i 2017. Det bidrog garantert ikkje til høgare tillit til politikarane.

Det er noko med truverdet til det politiske systemet som har vore på spel i haust.

Det er noko med truverdet til det politiske systemet som har vore på spel i haust. Først stiller ein ultimatum og så er ein ikkje villig til å forhandle. Så roper ein på krise, før ein til slutt endar med å forhandle på vanleg måte slik konsensusbaserte norske politikarar har gjort i tiår etter tiår. Det er ganske enkelt ikkje tillitvekkande.

Det er meir utmattande for dei som gjer eit forsøk på å følge med. Det blir som å rope ulv, ulv. Reaksjonen frå mange vanlege folk vil vere at dei ikkje lenger gidd å bry seg. At viss politikarane berre skal krangle så får dei berre halde på sjølv.

Brot mot demokratiske spelereglar

Ein av dei som har forska på demokratiets og haldningane til demokratiet sin tilbakegang, er Harvard-forskaren Yascha Mounk. Han peikar på tre grunnar til at dei demokratiske fridomane har vore i tilbakegang sidan 2005.

Den første er offentleg støtte til demokratiske spelereglar og institusjonar. Den andre er openheit for ikkje-demokratiske formar for styresmakter – som militærstyre. Den tredje er parti eller rørsler som marknadsfører seg som systemkritiske og som seier at det noverande politiske systemet illegitimt.

Eit av dei mest alvorlege trekka ved forskinga til Mounk er at talet på menneske i vestlege land som seier «det er essensielt å bu i eit demokrati» har vore fallande dei siste åra. Forsking gjort i både Sverige, Austerrike, Frankrike, Storbritannia og Nederland viser den same nedgåande tendensen. Spesielt låge er tala blant yngre generasjonar.

Statsministeren har latt populistane få fritt rom til å spele det polariserande spelet sitt.

At Frp har flest veljarar med låg tillit til det politiske systemet er ikkje noko overraskande. Partiet er den fremste representanten for politisk populisme i Norge. I mange land ser vi korleis populismen bidreg til å skape så store skiljelinjer mellom folk at dei ikkje lenger har tillit til kvarandre.

Følg debatten: Facebook og Twitter

Eit tilgjengeleg demokrati

Eg hugsar sjølv korleis mange i 2013 at det var bra det endeleg kom ei mindretalsregjering, for då kunne det endeleg bli slutt på at partia avgjorde sakene i regjeringskontora før dei kom til Stortinget. No skulle Stortinget bli ein viktigare aktør. Prosessane skulle bli meir opne, meir transparente og dermed meir demokratiske.

Det er godt mogleg at det har skjedd ei utvikling i retning meir openheit på enkelte område, men det står i så fall i sterk kontrast til dei nærmast kryptiske forhandlingane om statsbudsjettet.

Vi har ikkje råd til at politikarane sin kontrakt med folk vert svekka.

Statsbudsjetter er trass alt eit av dei aller viktigaste dokumenta Stortinget vedtar i løpet av eit år. Det skal sette føringar for økonomien, for dei politiske prioriteringane i skulen, helsevesenet og klimapolitikken – for å nemne noko. I ei tid der delar av norsk økonomi er ute på djupt og uroleg vatn.

Vi har ikkje råd til at politikarane sin kontrakt med folk vert svekka. Demokratiet skal vere tilgjengeleg, effektivt og gjennomføringsdyktig.

Den anstendige politikken må ikkje ofrast til fordel for eit populistisk spel.