NRK Meny
Kronikk

Byråkrati – eit skjellsord eller eit kvalitetstrekk?

Solberg-regjeringa ser ut til å oppfatte byråkrati som eit skjellsord og ein merkelapp på alt som er vondt og vanskeleg.

Kontorlandskap

I internasjonal samanheng kjem norsk forvalting svært godt ut. Det er ein stor konkurransefordel for eit land å ha velfungerande byråkratiske organisasjonar.

Foto: Michael Lokner/Creative Commons BY-NC-ND 2.0

Den påtroppande Solberg-regjeringa har profilert seg på ein kamp mot byråkratiet. Næringslivets kostnader med å etterleva rapporteringskrav skal reduserast med 25 prosent.

Gjennom mindre byråkrati, deregulering, avvikling av forbod og påbod skal gje tiltakslyst, skapartrong og betre offentlege tenester.

Byråkratisyn som skjellsord

Bak ein slik politikk ligg eit spesielt byråkratisyn. Regjeringa ser ut til å oppfatte byråkrati som eit skjellsord og ein merkelapp på alt som er vondt og vanskeleg.

Men byråkrati har også eit anna fagleg innhald i ein hundre års tradisjon tilbake til Max Weber.

Med byråkrati kan vi forstå ei organisasjonsform eller ein administrativ teknolog med ein del særkjenne: Hierarki, arbeidsdeling eller spesialisering, programmering eller regelstyre og fagstyre.

Solberg-regjeringa ser ut til å oppfatte byråkrati som eit skjellsord og ein merkelapp på alt som er vondt å vanskeleg

Per Lægreid, professor

I eit byråkrati blir medarbeidarane tilsett etter meritterande rekrutteringsprinsipp, det er faglege kvalifikasjonar som skal vera utslagsgjevande.

Den grunnleggjande norma i ein byråkratisk organisasjon er upartisk saksbehandling. Jo meir offentleg forvaltning er prega av slike kjenneteikn, jo meir byråkratisk er den.

Ingen vidundermedisin

Nyare forvaltningsreformer har sett byråkratiske organisasjonsformer under press, og det kan vere trong for å gjenoppdage byråkratiets kvalitetar, slik nestoren i norsk statsvitskap professor Johan P. Olsen har etterlyst.

Byråkrati er med andre ord ikkje berre svartedauden. Men det er heller ingen vidundermedisin som er like brukbar over alt og for alle typar oppgåver.

I staden for å gå i skyttargravene og diskutere for eller mot byråkrati, burde vi heller diskutere under kva vilkår byråkratiske organisasjonsformer vil fungere bra og mindre bra.

Norsk forvaltning har alltid vore eit blandingssystem det byråkrati har blitt supplert med marknad og nettverk. Det vi no ser er ein diskusjon om å endre på balanseforholdet mellom slike styringsformer, meir enn å erstatta det eine med det andre.

Norsk forvaltning fungerer godt

Norsk forvaltning har over lang tid hatt byråkratiske kjenneteikn, og det er ein stor komparativ konkurransefordel for eit land å ha velfungerande byråkratiske organisasjonar.

Det er gjennomgåande eit høgt gjensidig tillitsnivå mellom forvaltningsorgan og mellom politikarar og byråkratar. Dei tilsette er høgt motiverte og finn arbeidet sitt interessant, viktig og nyttig for samfunnet.

Per Lægreid, professor

Ikkje minst medverkar det til å halda korrupsjonen på eit lågt nivå.

Det er ikkje slik at norsk offentleg forvaltning ligg på sotteseng og at det treng ei kraftig avbyråkratisering for å få den på fote igjen.

I internasjonal samanheng kjem norsk forvalting svært godt ut.

Eit pågåande forskingsprosjekt som studerer forvaltningsreformer i ni europeiske land, viser at norsk forvaltning kjem svært godt ut samanlikna med andre europeiske land langs mange dimensjonar.

Les også:

Høgt gjensidig tillitsnivå

Normer om upartisk saksbehandling og profesjonalitet står sterkt i Noreg samanlikna med andre land. Det same gjeld likskapsverdiar og kvalitet.

Det er gjennomgåande eit høgt gjensidig tillitsnivå mellom forvaltningsorgan og mellom politikarar og byråkratar. Dei tilsette er høgt motiverte og finn arbeidet sitt interessant, viktig og nyttig for samfunnet.

Mange er tilfreds med eige arbeid og den måten offentleg sektor fungerer på. I motsetning til andre europeiske land som i større grad er ramma av finanskrise, har norsk forvaltning i liten grad blitt utsett for nedskjeringar, privatisering og konkurranseutsetting.

Den norske avgjerdsstilen prega av politisk samhandling og deltaking frå berørte partar står sterkt. Hovudinntrykket er at leiarar i norsk sentralforvaltning har eit meir positivt syn på korleis offentleg forvaltning fungerer samanlikna med sine europeiske kollegaer.

Forsiktig og pragmatisk reformprosess

Reformarbeidet i Norge har i stor grad vore i samsvar med ein neo-weberiansk reformtrend.

I staden for å gå i skyttargravene og diskutere for eller mot byråkrati, burde vi heller diskutere under kva vilkår byråkratiske organisasjonsformer vil fungere bra og mindre bra.

Per Lægreid, professor

Den kombinerer god gammaldags offentleg forvalting prega av tradisjonelle byråkratiske kjenneteikn, New Public Management-reformer med vekt på effektivitet, incentiv-tenking og oppsplitting av offentlege sektor i semi-autonome driftseiningar, og post-NPM reformer prega av sterkare sentral styring og integrasjon.

Ein forsiktig og pragmatisk reformprosess har prega omstillingsarbeidet. Dette ser ut til å ha fungert temmeleg bra.

Vi har over tid fått eit meir effektivitetsorientert, resultatorientert og meir brukarvenleg administrativt apparat samtidig som sentrale byråkratiske trekk knytt til upartisk saksbehandling framleis står sterkt.

Fråvær av finanskrise og ei sterk tillit til ein aktiv og stor offentleg sektor har gjort ei slik utvikling mogeleg.

Delta i debatten: Følg NRK Ytring på Facebook

Reform kan føre gale av stad

Eit overhaling av offentleg sektor er sikkert nødvending. Men det er forskjell på å barbere seg og å skjere av seg øyra.

Stor reformiver kombinert med tvitydig organisasjonstenking kan føre gale av stad.

I ei tid då alle snakkar om behovet for ei kunnskapsbasert politikkutforming, er vi dessverre framleis i ein situasjon det kunnskapsgrunnlaget om effektar av reformer er temmeleg usikkert.

I ei tid då alle snakkar om behovet for ei kunnskapsbasert politikkutforming, er dessverre effekten av reformer temmeleg usikker.

Per Lægreid, professor

Implikasjonen av det er å vere forsiktig med store og omfattande reformer og heller satse på mindre forsøk og å styrke forvaltningsforskinga.

Ikkje minst er det behov for meir kunnskap om dei store utfordringane i offentleg sektor knytt til grenseoverskridande problem som ikkje følgjer departementsinndelingane, men som berre kan løysast gjennom samarbeid på tvers av administrative siloar og forvaltningsnivå.

Eit anna viktig område er å redusere kontrollbyråkratiet og dei negative utvekstane av mål- og resultatstyring og å gjenreisa respekten for fagleg integritet i forvaltningsapparatet.

Vi har behov for ein ny forvaltningspolitikk for ein meir integrert stat, og det er her regjeringa bør setje inn støytet.