NRK Meny
Kronikk

Er den norske invasjonen over?

I to sesongar på slutten av 1990-talet var det heile 22 nordmenn i Premier League. I dag er det berre fire, som i den aller første Premier League-sesongen. Kvifor blei det slik?

Tore André Flo

Tore André Flo (Chelsea) var ein av nordmennene som spilte på eit engelsk lag. Her sett med Ryan Giggs (Manchester United) i 1998.

Foto: Rakke, Morten / NTB scanpix

Det manglar ikkje på teoriar. Somme meiner at norske fotballspelarar er dårlegare no samanlikna med 90-talet. Andre peikar på at Premier League har blitt betre til å integrere spelarar frå fleire kulturar. Begge desse aspekta er viktige og heng nøye saman med eit tredje: globaliseringa av Premier League dei siste 10–15 åra.

Traust profesjonalitet

«I wept the first time I saw Liverpool», sa Marco Materazzi til World Soccer for nokre år sidan. Materazzi, kanskje den mest engelske av alle italienarar i spelestilen, floppa for Everton i 1998/99-sesongen. Etter tretten gule kort og tre raude fôr han tilbake til Italia, og skulda på gråvêr og kulturforskjellar.

Slikt høyrde ein sjeldan frå norske spelarar, som hadde ry på seg for å vere tilpassingsdyktige. Eirik Bakke stilte rett nok med tolk då han møtte i retten i Leeds i 2003. Men Bakke representerer eigentleg den neste generasjonen. Hans føregjengar i Leeds, Alf-Inge Håland, trong korkje tolk eller andre hjelpemiddel for å gjere solid arbeid i Nottingham Forest, Leeds og Manchester City.

«Etter tretten gule kort og tre raude fôr Marco Materazzi tilbake til Italia, og skulda på gråvêr og kulturforskjellar. Slikt høyrde ein sjeldan frå norske spelarar.»

Even Smith Wergeland

Nordmennene tok i tillegg med seg ein sunn treningskultur som gav dei klare fortrinn på 90-talet, då det herska ein destruktiv drikkekultur i Premier League som gjorde at spelarar som Tony Adams og Paul Merson nærast gjekk til grunne. Dette endra seg då det tok til å kome inn utanlandske trenarar, eks. Arsène Wenger, som revolusjonerte kosthald og treningsvanar. Dermed byrja det store fortrinnet til norske spelarar å bli utviska.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Det engelske (og norske) som forsvann

Medan det tidlegare var meir nærliggjande å sjå til Noreg og andre kjende lokalitetar, driv Premier League-klubbane no verdsomspennande talentspeiding. Då Noreg framleis var sterkt representert var det ein markant overvekt av britiske spelarar. I fjorårssesongen var det fleire utlendingar (289) enn britar (230). Utlendingane representerte dessutan eit stort nasjonalt mangfald.

«Nasjonale fotballkulturar har vore i oppløysing lenge på grunn av den store flyten av trenarar og taktiske idear over landegrensene.»

Even Smith Wergeland

Det er eit poeng, som Thore Haugstad skriv, at toppseriane i Europa har visse særtrekk som definerer dei. Men nasjonale fotballkulturar har vore i oppløysing lenge på grunn av den store flyten av trenarar og taktiske idear over landegrensene.

Det finst eit rikt spekter av fotballfilosofiar i Premier League, og slett ikkje alle er basert på tradisjonelle engelske ingrediensar. Dette betyr at dei positive forventningane som bygde seg opp rundt norsk kvalitet på 90-talet, har blitt erstatta med andre forventingar. Erik Mykland spelte aldri i Premier League, kanskje fordi Noreg heller ikkje den gong var assosiert med lettbeinte teknikkarar.

LES OGSÅ: Nordmenn i tysk fotball

Å leve i ei boble

Det meste ved Premier League har blitt internasjonalisert, frå spelartroppar til klubbeigarar. Sjølv fanskaren har endra seg. Mange tilskodarar kjem utanbys og utanlands frå og ein del av desse er såkalla fotballflanørar, eller «kjølige forbruksorienterte tilskuere», som den britiske sosiologen Richard Giulianotti skriv i Kampen om Tribunen.

Klubbane har blitt storkonsern, med alt det medfører av global merkevarebygging. Særleg toppklubbane har opna seg opp mot ei større verd og lukka seg mot heimbyane.

«Då Manchester City signerte Sergio Agüero i 2011 var alt tilrettelagt for han ved ankomst: tolk, hus, bil med spansk GPS og eit spanskspråkleg sosialt nettverk.»

Even Smith Wergeland

Eitt utslag av dette er at spelarane lever svært beskytta liv. Då Manchester City signerte Sergio Agüero i 2011 var alt tilrettelagt for han ved framkomst: tolk, hus, bil med spansk GPS og eit spanskspråkleg sosialt nettverk. Alt Agüero treng å gjere er å spele fotball. Kor vidt han gjer dette i Manchester eller ein annan by betyr eigentleg lite, så lenge den vesle bobla han er i gjev han god løn, sportslegg suksess og tryggleik. Hans argentinske kollega Carlos Tévez, som no er i Juventus, kunne visstnok knapt prate engelsk etter sju sesongar i Premier League.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Fotballkultur i endring

Norske spelarar har altså mista det dei ein gong hadde av sosiokulturelle fordelar. Då står ein igjen med det fotballmessige, og også der har globaliseringa fått konsekvensar. For globalisering er lik marknadsføring og marknadsføring er lik pengar. I Premier League går sportsleg satsing hand i hand med ein lett synleg kommersiell ideologi.

Denne ideologien krev eit attraktiv produkt. Då Kristofer Hæstad var på lån i Wigan våren 2007, slo han ein av tidenes verste feilpasningar i Premier League-samanheng. Det er sjeldan at éi enkeltståande tabbe er avgjerande, men det mislukka Wigan-opphaldet til Hæstad er likevel symptomatisk.

«Norske spelarar har altså mista det dei ein gong hadde av sosiokulturelle fordelar. Då står ein igjen med det fotballmessige, og også der har globaliseringa fått konsekvensar.»

Even Smith Wergeland

Norske spelarar var gode på 90-talet, men aldri særleg spektakulære. Når dei no ikkje ein gong kan litast på som grovarbeidarar, er det lite igjen. Fleire andre norske spelarar som har prøvd seg i seinare tid har heller ikkje lukkast. Dei gjorde ikkje den forventa jobben, og var ikkje akkurat sponsormat.

Bundesliga er førebels ikkje så gjennomsyra av kommersialisme, og det kan vere ei årsak til at dei mest talentfulle norske spelarane no går dit. Det som er sikkert er at Premier League har endra karakter på nesten alle frontar dei siste 10 åra. Dermed må norske spelarar syne kva dei kan andre stader og bryte ned forelda idear om kva ein norsk fotballspelar er, før dei igjen blir aktuelle.