Hopp til innhold

Er den norske gullalderen over?

1990-generasjonen har vakse opp i oljerikdom i verdas beste land. Kva slags Noreg er det som møter dei som vaksne, spør Ytring i ein ny kronikkserie.

Linn-Elise Øhn Mehlen, leder i Rød Ungdom, om oljen som tar slutt.

SJÅ VIDEO: Leiar i Raud Ungdom, Linn-Elise Øhn Mehlen, er først ut i Ytrings kronikkserie om framtida til Noreg.

«Så lenge jeg kan huske har vi blitt fortalt at Norge er verdens beste land å bo i. Vi har ikke hatt noe å frykte,» skriv Linn-Elise Øhn Mehlen, leiar i Raud Ungdom, i første kronikk ut. Ho er blant dei som er fødde etter den kalde krigen i eit Noreg prega av oljerikdom.

«Andre tider»

Men oljen er i ferd med å ta slutt. Statsminister Erna Solberg innrømte det i sin nyttårstale: «Vi har lenge visst at oljeaktiviteten ein dag ville passere toppen. Mykje tyder på at det no har skjedd,» sa ho. Finansminister Siv Jensen var inne på det same i desember i fjor: «Det vil no kome andre tider i Noreg og det kjem til å krevje noko av oss alle saman,» uttalte ho.

Så langt i år har oljeprisane vore på det lågaste nivået sidan 2009.

Klimakrisa

Ikkje berre må 1990-generasjonen finne andre måtar å tene pengar på, dei må også hamle opp med klimakrisa. 2014 var historias varmaste år i Noreg. Isen smeltar, løysingane ventar på seg. Kva endringar vil ein sjå i levestandard, skatt og forbruk? Kan det vere positivt at forbruket må ned og måtehaldet kjem tilbake?

Mykje tyder på at dei som er unge no møter ein meir usikker arbeidsmarknad. Kan dei då halde fram med å velje same type utdanning som før?

Terrortida

Klima, olje, økonomi og arbeidsmarknad er altså tema Ytring ser på i kronikkserien «Er den norske gullalderen over?» I tillegg vil vi forsøke å svare på korleis Noregs posisjon i verda kan sjå ut om 20 år. 1990-generasjonen har ikkje opplevd kald krig, men 22. juli og eit Noreg i større terrorfare enn før. Må vi leve med slike truslar tettare på kroppen i framtida? Kva med forholda til stormakter som Russland og Kina?

Ytring publiserer kronikkane fortløpande denne veka.

LES FØRSTE KRONIKK HER: «Fra oljenasjon til hva da?»