Hopp til innhold

Elbil for distrikta

Det er ikkje lenger nokon grunn til å nøle med å køyre elbil på landet.

Unni Berge

Noreg er i ferd med å få på plass eit grunnleggande hurtigladenettverk som gjer at ein kan køyre elbil i heile landet. Det at ein ikkje kan lade på bygda, er i ferd med å bli ei myte, skriv Unni Berge.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Det skjer ein elektrisk revolusjon i nybilsalet, og aller mest oppsiktsvekkande er utviklinga i distriktsområde som Finnmark og Sogn og Fjordane. Utrullinga av elbilar går så fort at vande førestillingar raskt blir utdaterte. Når det politiske Noreg ikkje er oppdaterte på kor fort det går, kan det gje dårleg politikkutvikling.

Aldri før har det vore så høg elbilandel i det norske nybilsalet som i august 2021. Rekordsterke 72 prosent valde elbil. Berre 3 prosent gjekk til innkjøp av ein dieselbil.

Aller størst grunn til jubel er det at elbilen no er populær i heile landet. I byrjinga av det norske elbileventyret var elbilen ein kvardagsbil for folk i byområde for å få rabatt i bomring og tilgang til kollektivfelt.

I Sogn og Fjordane var elbilandelen i 2017 berre 13 prosent. Sist månad var den over 60 prosent for første gong.

Teknologien gjev distrikta det distrikta vil ha

Den teknologiske utviklinga har skjedd i rekordfart. Det er som om verdas bilfabrikantar har høyrt alle motargumenta frå kaffiselskapa og lunsjromma i Distrikts-Noreg.

Norske bilkjøparar vil ha hengarfeste, og mange vil ha firehjulstrekk opp bratte bakkar. Og ikkje minst vil ein unngå rekkeviddeangst når ein skal gjere den største investeringa i livet etter huskjøp.

Det at ein ikkje kan lade på bygda, er i ferd med å bli ei myte.

I år kan forbrukarane velje mellom meir enn 60 elbilmodellar på den norske bilmarknaden. Bilane har store bagasjerom, ein finn elbil som sjusetar og med firehjulstrekk. Og batteria er større og kraftigare enn før.

Resultata let ikkje vente på seg. August var fyrste gong alle fylke passerte 50 prosent elbilandel.

Trass den unikt raske utviklinga på bilfronten i typiske distriktsfylke, så var det lenge eitt område som hang etter i utviklinga.

Finnmark hadde så seint som i 2017 berre 5,4 prosent elbilandel. Det er enkelt å finne forklaringa. Lenge var det knapt ein hurtigladar å oppdrive i Finnmark. Og sjølv om den store fordelen med å eige elbil er at ein kan starte kvar einaste morgon med full «tank», så vil ein jo nokon gonger på langtur også.

Kampen for hurtigladenettverk

I Finnmark var difor elbilen lenge eit val for dei få energiske entusiastane. Deira store og langvarige kampsak var å bygge ut hurtigladenettverket. No har dei endeleg vunne fram.

Køyrer du den knappe 30 mil lange turen over Ifjordfjellet frå Vadsø til Lakselv, har du no fem stader du kan stoppe for å hurtiglade. 23 hurtigladestasjonar er bygd i regi av dei lokale kraftlaga. No manglar berre to ladestasjonar ved den russiske grensa før Ishavsvegen står ferdig.

Resultatet av satsinga kom sist månad: Halvparten av alle nybilkjøparar i Finnmark valde elektrisk i august.

Vi må halde fram å bygge ut ladenettverk over hele landet.

Finnmark har altså gått frå å ha eit av dei dårlegaste ladetilboda i landet og til det beste, men også i resten av landet har ein bygd ut den grunnleggande ladeinfrastrukturen.

Difor er det truleg ei noko utdatert analyse når VG på leiarplass nyleg skreiv at «det kan vere langt mellom ladestasjonane på bygda. Såpass langt at det ikkje er forsvarleg å ferdast der med elbil».

Kystriksvegen på Helgelandskysten er rett nok utan hurtiglading, men no blir det bygd. Og elbilistar på Senja bør snarast få tilbod om hurtiglading, men det er ikkje ei uoverkommeleg oppgåve å få til.

Noreg er i ferd med å få på plass eit grunnleggande hurtigladenettverk som gjer at ein kan køyre elbil i heile landet. Det at ein ikkje kan lade på bygda, er i ferd med å bli ei myte. Avstand mellom hurtigladarar er ikkje lenger problemet.

Den teknologiske utviklinga har skjedd i rekordfart.

Manglande kapasitet kan likevel skape kø og kaos dersom vi ikkje planlegg godt korleis vi skal oppskalere mot elbilmålet i 2025. I 2025 vil det truleg vere om lag ein million elbilar på vegane, så vi må halde fram å bygge ut ladenettverk over hele landet

Politikarane må tru på eigen suksess

Trass framgangen både på bilmodellar og ladenettverk: Også rutinerte politikarar sår tvil om det er lurt å gå for elektrisk nybilsal i heile Noreg.

Bur du i Havøysund, kan du få problem med rekkevidda vinterstid, påstod samferdselspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet Sverre Myrli nyleg. FrPs Bård Hoksrud var samd i analysen til Myrli.

I Finnmark var elbilen lenge eit val for dei få energiske entusiastane.

Det verste med utsegn av denne typen, er at det kan tvile på den politiske viljen til å nå 2025-målet som politikarane sjølv har vedteke.

Dei folkevalde vi denne hausten vel inn på Stortinget, må haldast ansvarleg for å føre politikk som innfrir målet eit samrøystes Storting har gått inn for: I 2025 skal alle nye bilar som blir selde vere nullutsleppsbilar. I praksis betyr det elbil.

Det nye Stortinget må skjøne kor store moglegheiter elbilsuksessen gjev. Men også kor politisk skapt dei høge salstala er. 94 prosent av elbilistane seier dei er fornøgde med elbilen sin.

Kor mange andre klimatiltak kan vise tilsvarande tal? Framover må alle i heile landet få høve til å velje elektrisk.