Eit tryggare barnevern, før det er for seint!

Det bør ikkje gå fleire liv før barnevernspedagogane blir tatt på alvor. Borna treng dei rette vaksne.

Politisperring utenfor institusjonen i Vollen i Asker

Natt til 28.oktober vart ein kvinneleg tilsett på Små enheter i Vollen i Asker drept av ei 15-år gammal jente som budde på institusjonen. - Det bør ikkje gå fleire liv før barnevernspedagogane blir tatt på alvor, skriv barnevernspedagog Reidar Haug i denne kronikken.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix
Reidar Haug
Barnevernspedagog
Kronikkvignett Ytring

Eg er barnevernspedagog og stolt av det. Nyleg mista ein kollega livet på jobb. Meiningslaust, og uendelig sårt, også for meg som sit på ein annan kant av landet utan kjennskap til dei involverte. Kva verkemiddel har vi for å unngå at dette skjer igjen?

Som barneverspedagog er det avgjerande å ha eit avklart forhold til seg sjølv i møte med utsette born og unge. Eg må ha tydelege haldningar, kjenne eigne reaksjonsmønster og sterke sider. Ikkje minst ha oversikt og til tider kontroll over eigne svake sider.

Eg har vore åleine med ungdom i krise, som er rusa, suicidale og desperate når legevakta eller politiet ikkje har tid til å hjelpe.

Reidar Haug, barnevernspedagog

Eg må bry meg og vere ekte. Den dagen eg ikkje klarer det, må eg slutte i jobben min. Då er eg etter mi meining ikkje lenger kvalifisert.

Med ungdom i krise

I yrket legg vi vekt på empati: evna til å forstå korleis det er å leve i sorg, sinne, traumer og sjukdom. Det krev erfaring og omfattande innsikt i kva forsking seier om born i slike situasjonar.

Om eg ikkje gjer jobben som eit heilt og avklara menneske, med fag og forsking som utgangspunkt, får ikkje ungdommen eg arbeider med hjelpa dei treng.

På jobb har eg blitt slått, utskjelt, trua med kniv, spytta og spydd på. Eg har stått med born i psykose når psykiatrien ikkje vil kome, fordi dei meiner det er for farlig. Eg har vore åleine med ungdom i krise, som er rusa, suicidale og desperate når legevakta eller politiet ikkje har tid til å hjelpe.

Eg har snart femårig utdanning og ti års praksis, og ser eit desperat behov for kompetanseheving på feltet. Mastergrada mi tek eg i tillegg til 100 prosent jobb. Det blir ikkje prioritert å heve kompetansen på feltet.

Det som slit meg ut, er at økonomien, ikkje fagkunnskapen, i for stor grad styrer tiltaka.

Reidar Haug, barnevernspedagog

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Enormt krevjande

Jobben som barnevernspedagog handlar om å hjelpe born til å bli heile menneske, ein ressurs i samfunnet og gi dei grunnlaget for eit godt liv. Dette er ei enormt krevjande bestilling. Om barnevernet gir god oppfølging, har mange av borna gode vilkår for å nå slike mål.

Når vi som arbeider på feltet kanskje må gjere meir med mindre, går ikkje det. Det går berre om kompetansen er god nok og tilgangen på fagfolk stor nok.

Utan støtte

Eg er frustrert og sint. Ikkje fordi arbeidet er for tungt, ikkje fordi det kan vere farlig, ikkje fordi styresmaktene manglar syn for kompetanse, og det er i alle fall ikkje på grunn av borna. Det som slit meg ut, er at økonomien, ikkje fagkunnskapen, i for stor grad styrer tiltaka. Økonomien definerer kva type arbeid eg skal og kan gjere.

Politiske pålegg som New Public Management, samanslåing, byråkratisering, målstyring, effektivisering og rapportering går før fag. Konsekvensen kan vere at born og unge med dårlig utgangspunkt må bere si eiga bør utan støtte. På lang sikt er dette lite økonomisk.

Det bør ikkje gå fleire liv før vi blir tatt på alvor.

Reidar Haug, barnevernspedagog

Dei rette vaksne

Fagforeininga til barnevernspedagogane med fleire, Fellesorganisasjonen (Fo), har lagt fram forslag til ei forskrift om korleis møte vald og trugsmål i arbeidet. Forskrifta legg lista for bemanning, kompetanse, organisering og fysisk miljø. Det er gjort for å hjelpe og trygge barnevernspedagogar og andre fagfolk i arbeidskvardagen.

Det hjelper ikkje å pakke borna inn i pengar, eller fylle husa deira med vaksne. Det må vere dei rette tiltaka og dei rette vaksne. Fokuset på yrket må endrast, det blir ressurskrevjande for stat og kommune. Vi treng fleire fagfolk og vi fagfolk treng denne forskrifta. Borna våre fortener det mest av alle. Det bør ikkje gå fleire liv før vi blir tatt på alvor.